Nyheter

Israels Bennett møtte Putin om Ukraina: – Israel står i ein skvis

ISRAEL: President Zelenskyj ønskjer seg den israelske presidenten som fredsmeklar i krigen mellom Russland og Ukraina. Det er ikkje ei rolle Israel er van med. – Dei blir bedne om å velje side, men det kan dei ikkje gjere, seier Israel-ekspert.

Sist laurdag gjekk den israelske statsministeren Naftali Bennett til den uvanlege handlinga å sette seg på eit fly til Moskva – midt under sabbaten. For ein israelsk politikar er det høgst uvanleg å gjennomføre ei reise på den jødiske kviledagen – for ein konservativ og religiøst ortodoks politikar som Bennett er det nærast uhøyrt.

Knapt noko kunne i større grad understreke kor stort alvor det var bak initiativet frå den israelske statsministeren.

Bennett møtte Putin til ein tre timar lang samtale i Moskva, etter først å ha snakka med Zelenskyj på telefon frå Jerusalem.

Allereie i oktober fjor skal Zelenskyj ha kontakta Bennett og bede han om å gå inn i rolla som forhandlar i konflikten mellom Russland og Ukraina. Den gongen vart slike forhandlingar avvist av Putin, men etter at Russland for snart to veker sidan eskalerte konflikten til ein fullskala krig, har forslaget komme tilbake på bordet. No er den russiske presidenten ikkje like avvisande.

Ønskjer helst å halde seg utanfor

Hanne Eggen-Røislien, seniorforskar ved Cyberforsvaret og forfattar av boka «Israelerne», trur ikkje rolla som forhandlar er noko Israel eigentleg ønskjer seg.

– Israel ønskjer å halde seg langt unna alle konfliktar. Dette var noko dei følte dei måtte gjere, fordi Ukraina har ein jødisk president, meiner ho.

Hanne Eggen Røislien, forsker i Cyberforsvaret

Av landa i den tidlegare austblokka er Ukraina det landet utanom Russland som har den største jødiske befolkninga. Ifølgje eitt estimat har om lag 200.000 ukrainarar rett til såkalla aliyah – det vil seie til å flytte til Israel og bli statsborgarar der. Zelenskyj var då også ein av dei aller første statsleiarane som ringde og gratulerte Bennett etter at han tok over som statsminister i juni i fjor.

Samstundes peikar Eggen-Røislien på at nesten kvar femte israelske jøde har røtene sine i den tidlegare Sovjetunionen – og det store fleirtalet av desse frå Russland.

– Israel står i ein skvis. Dei blir bedne om å velje side, men det kan dei ikkje gjere, seier Eggen-Røiseland.

Då blir det å gå inn i ei diplomatiske rolle som forhandlarar mellom partane den einaste rolla landet kan ta. Israel er ikkje eit land som følgjer dei same internasjonale spelereglane som andre, meiner ho.

– Ein kan ikkje skilje mellom innanriks og utanriks i israelsk politikk. Derfor skil Israel seg veldig frå til dømes Noreg. Der vi gjerne prøver å melde oss på det som skjer internasjonalt, så er Israel heilt motsett. Dei trekkjer seg tilbake, og seier «det er ikkje vårt ansvar».

ADDA RABBI'S NAME - Israeli Prime Minister Naftali Bennett welcomes a group of orphans from the Alumim orphanage in the Ukrainian city of Zhytomyr, on arrival to Israel at Ben Gurion Airport, Sunday, March 6, 2022. To Bennett’s right is Chabad Rabbi Shlomo Wilhelm, of Zhytomyr, Ukraine.(AP Photo/Maya Alleruzzo, Pool)

Fleire spørsmål på bordet

Ukraina var ikkje det einaste temaet på bordet i Moskva under Bennet sitt besøk.

Israel er avhengig av ei viss velvilje frå Russland for å kunne halde fram med operasjonar i luftrommet over Syria. Iran-støtta Hizbollah har nytta det krigsherja landet som utgangspunkt for operasjonar mot Israel. Tilgang til det syriske luftrommet blir derfor rekna som avgjerande for det israelske forsvaret.

Russland har på si side teke ei aktiv rolle i regionen gjennom si støtte til Assad-regimet i Damaskus. Putin sitt militære er så til stades i Syria, at ein i Israel omtalar russarane som eit indirekte naboland.

På møtet mellom Putin og Bennett blei dei også einige om å halde fram dei konflikt-avverjande mekanismane i Syria, melder israelsk media.

Vekslande tilhøve

Midtausten-forskar Hilde Henriksen Waage skildrar tilhøvet mellom Jerusalem og Moskva heilt tilbake til Sovjet-tida, som mildt sagt vekslande. På den eine sida ønskjer Israel å vere ein del av den vestlege folden, men på den andre sida må ein ta omsyn til den store jødiske minoriteten i dei tidlegare sovjet-statane.

– Det betra seg då den kalde krigen var over, og Russland opna for jødisk immigrasjon til Israel. No er tilhøvet rimeleg godt. Men hjartevarmt er det ikkje.

At dei to landa støttar ulike partar i krigen i Syria, har ikkje hindra Russland og Israel frå å vere på diplomatisk talefot. Sjølv om Russland ser på den israelske bombinga av iranske mål inne på Assad sitt territorium som problematisk, så let dei det passere, så lenge russiske mål og russiske soldatar ikkje blir ramma.

– I storpolitikken aksepterer ein at ein har ulike roller i ulike situasjonar.

Russian President Vladimir Putin, right, shakes hands with Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu during their meeting in the Kremlin in Moscow, Russia, Wednesday, Nov. 20, 2013. Their talks are expected to focus on the Iranian nuclear program. Wednesday's talks in the Kremlin come as Iran and six world powers, including Russia, sat down for a new round of negotiations. Putin and Netanyahu didn't mention the Iranian issue in brief remarks at the meeting’s start before continuing the talks in private. (AP Photo/Maxim Shemetov)

Atomavtale i spel

Medan heile verda har hatt si merksemd retta mot russiske invasjonsstyrkar på veg mot Kyiv, har Russland samstundes delteke i det som skulle vere dei avsluttande rundane i forhandlingane om å få på plass att atomavtalen med Iran, som dåverande president Donald Trump torpederte i 2018.

Etter denne avtalen skal dei fleste sanksjonane mot det iranske regimet fjernast, mot at verdssamfunnet får tilgang til og kontroll over Iran sitt sivile atomprogram. Då Trump trekte seg ut avtalen vart det møtt med kritikk frå store delar av verda, inkludert Russland. Men Israel var eitt av dei svært få landa som støtta den amerikanske avgjersla.

Rett før helga sette den russiske forhandlingsdelegasjonen dette i spel, gjennom å kreve skriftlege garantiar frå USA om at dei harde handelssanksjonane mot Russland som er blitt innført etter invasjonen i Ukraina, ikkje skal gjelde for handel mellom Russland og Iran.

Om Russland si rolle i forhandlingane om atomavtalen kan ha spela inn i Israel si avgjersle om å be om samtaler med Putin, er ikkje utenkjeleg, seier Eggen-Røislien. Men det er neppe avgjerande, meiner ho.

– Israel har lite å vinne og alt å tape i eit spel mellom Russland og Vesten. I utgangspunktet gjer dei så lite dei kan. Israel er typiske nullsumspelarar.

Navlebeskuande politikk

Hilde Henriksen Waage

Bennett kan også ha innanrikspolitiske grunnar til å ønskje ein prestisjefull siger som fredsskapar og statsmann på verdsscena. På heimebana står han nemleg nokså svakt, som leiar for ein sprikande koalisjon der hans eige parti (Yamina) berre har sju av dei 120 seta i Knesset.

Dei ferskaste meiningsmålingane viser at om det hadde vore val no, så ville han mista minst eitt, kanskje så mykje som tre av desse seta.

For Bennett kan det vere eit sjølvstendig poeng å vise seg som ein sterk og viktig internasjonal aktør – ei rolle Benjamin Netanyahu har dyrka som si styrke i sin lange periode som statsminister i Israel.

Den kontroversielle eks-statsministeren hadde mange møter med både Putin, Obama og Trump.

– Bennett var ganske kry på pressekonferansen etter at han kom tilbake frå Moskva, seier Hilde Henriksen Waage.

Men om dette vil gje Bennett gevinst på heimebane i form av fleire stemmer ved neste val, er ho mindre sikker på.

– Israelerane er ganske navlebeskuande i politikken. Det som betyr noko er den konflikten dei står i med Palestina heime i sin eigen andedam.

Hanne Eggen-Røislien trur den sittande statsministeren har ein svært lang veg for å nå ei slik rolle i den jamne israelar sine auge.

– Ingen har tillit til Bennett slik dei har til Netanyahu i slike spørsmål. Bennett kjem aldri dit, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter