Flyktninghjelpen krev snarleg våpenkvile
Flyktninghjelpa krev snarleg våpenkvile i Ukraina og seier at det elles er umogleg for hjelpeorganisasjonar å komme sivilbefolkninga til unnsetning.

– Vi kan ikkje redde liv når det regnar bomber og granatar, seier generalsekretær Jan Egeland.
– Vi krev ei snarleg våpenkvile som kan få slutt på kamphandlingane og som kan sikre at livreddande naudhjelp når fram, seier han.
Kampane som no rasar i og rundt dei største byane i Ukraina, lammar ifølgje Egeland hjelpearbeidet på bakken.
– Vi kan ikkje hjelpe sårbare samfunn som er omgitt av krig all den tid hjelpearbeidarane våre sit i tilfluktsrom og må flykte frå angrep, seier han.
Butikkar er i ferd med å tømmast for matvarer, helsetenestene er under stort press og dei russiske angrepa rammar tilgangen sivilbefolkninga har på reint vatn og elektrisitet. Behovet for naudhjelp aukar derfor time for time.
– Talet på sivile offer aukar òg over heile landet, aller mest i Aust-Ukraina som eg besøkte i byrjinga av februar, konstaterer Egeland.
Desse områda er til dels isolerte og det bur mange eldre og funksjonshemma der. For dei er det svært vanskeleg å flykte, påpeikar han.
– Galskapen må ta slutt. Mennene som starta denne krigen sit på trygge og komfortable kontor. Dei kan avslutte han i dag og ta opp att meiningsfylte politiske samtalar. Det er forsvarslause sivile som betaler den høgaste prisen for denne meiningslause krigen, seier Egeland.