Nyheter

Fire dagar endra alt for ukrainske Andres

FLUKT: Sist veke måtte Andres ta eit vanskeleg val. Takka vera flaks og gode vener er han no i Noreg, som ein av dei første ukrainske asylsøkarane til landet.

– Eg er heldig som er her.

Akkurat den setninga seier Andres fleire gonger under intervjuet. Han har ei roleg stemme og eit varmt smil. Sist veke tok han eit skjebnesvangert val som endra alt.

– Eg forstod at om eg ikkje reiser no, så ville det vera for seint. Då ville eg aldri kunne reisa ut av Ukraina.

Torsdag 24. februar invaderte Russland Ukraina. Då tok Andres valet som førte han ut på ei 1.200 kilometer lang bussreise og til ei pinefull ventetid på ein flyplass i Moskva.

Søndag kunne han sette føtene på norsk jord. No har han søkt asyl i Noreg.

Venskap i Noreg

Vårt Land møter Andres på Austlandet ein stad. Mannen i 30-åra sit i den heimekoselege stova til Bjørn.

Bjørn er i 60-åra og har veggene fulle av suvenirar og bilete frå mange reiser rundt om i verda. Andres og Bjørn har kjent kvarandre i seks år gjennom felles arbeid i Ukraina og Russland.

Andres er veldig kunnskapsrik, nær og open. Han er verkeleg ein ressurs.

—  Bjørn, norsk støttespelar for Andres

Andres smiler forsiktig.

– Eg hadde alltid ein plan om å reisa til Noreg og besøka Bjørn. Men eg trudde ikkje det skulle skje på denne måten.

Bjørn fortel at dei har halde kontakten gjennom mange år.

– Andres er veldig kunnskapsrik, nær og open. Han er verkeleg ein ressurs, fortel Bjørn.

Andres er redd for å bli kjend igjen av russiske styresmakter, og vil derfor vera anonym. Vårt Land har endra namn og utelate detaljar av omsyn til dette.

Ukrainsk anonym flyktning.

Ein norsk redningsaksjon

Andres hugsar korleis morgonhimmelen lyste opp torsdag sist veke. Rakettangrepa som såg ut som fyrverkeri.

Telefonen ringde då han hadde søkt dekning i ein kjellar. Det var Bjørn.

– Eg høyrde fortvilinga i stemma til Andres. Han sa han var redd og kald og ikkje visste kva han skulle gjera. Eg sa: Ok, då må me tenka på korleis me skal få deg ut, fortel Bjørn.

Det vart starten på ein redningsaksjon. Bjørn og sambuaren sat heime i stova i Noreg og søkte opp flybillettar og reiseruter. På skjermen såg dei éi etter éi av flygingane bli kansellert.

I Ukraina pakka Andres ein liten bag med klede og sette kurs for den russiske grensa.

Vanskeleg flyktningrute frå Aust-Ukraina

Mange ukrainarar flyktar til Romania og Polen, men denne reiseruta er vanskeleg for folk som Andres. Han kjem frå Donbas, regionen i Aust-Ukraina som sidan 2014 har vore delvis kontrollert av pro-russiske separatistar.

Det var denne regionen som Russlands president Vladimir Putin brukte som påskot for å invadera Ukraina. Han kom med grunnlause påstandar om folkemord på russisk-talande i Aust-Ukraina, og varsla såkalla fredsbevarande styrkar.

Den russiske invasjonen stilte Andres ovanfor eit umogleg val:

– Enten måtte eg slåst mot bror min for russarane. Eller så måtte eg slåst mot foreldra mine for ukrainarane.

Ukrainsk anonym flyktning.

Han budde i den pro-russiske delen av Donbas saman med foreldra. Broren bur i det som har vore den ukrainsk-kontrollerte delen. Andres var redd for at han ville bli tvungen til å slåst for pro-russiske opprørarar.

Han fortel at faren hans ikkje turte reisa gjennom Russland, fordi han er i søkelyset til russiske styresmakter.

– Pappa var redd for å bli teken av russarane, for han har drive politisk opposisjonell verksemd i Donbas. Mamma ville ikkje reise utan pappa.

Møtte klassekamerat

Framme ved den russiske grensa, kjente Andres seg nervøs. Landet hans var okkupert. Ville okkupanten lata han sleppa ut?

– Heldigvis møtte eg på ein gammal klassekamerat på grensa. Eg sa eg skulle til Russland for å handle litt varer. Dei slapp meg gjennom.

Frå russisk side av grensa tok han buss dei 1.200 kilometrane til Moskva. Så venta han.

– Det var nervepirrande. Det første flyet me bestilte, vart kansellert. Så fekk me tak i eit av dei siste seta på business class, fortel Bjørn.

Han har brukt over 10.000 kroner på billettar til Andres.

– Det var så verdt det. Eg skulle gjerne ha hjelpt fleire.

129 asylsøkarar på éi veke

Då Andres møtte Bjørn på Gardermoen i Oslo, hadde han berre med seg ein liten bag. Dagen etter reiste dei til asylmottaket i Råde, der Andres registrerte seg som asylsøkar. Her har han fått nye klede og ei seng å sova i.

På éi veke har UDI registrert 129 asylsøknadar frå ukrainske borgarar. Talet er venta å stiga: Til no har det komme nærare ein million flyktningar frå Ukraina til EU-land.

Når Vårt Land møter Andres, har han berre vore asylsøkar i éin dag. Han har alt begynt å bli rastlaus. Andres kan fleire språk og har jobba innan service-industrien.

– Eg vil ikkje sitta på eit mottak og få pengar frå staten. Det er jo pengar som kjem frå skattebetalarane. Eg vil tena mine eigne pengar og betala skatt.

– Fanga i landet

No går diskusjonen om ukrainske flyktningar skal få kollektivt vern. Det vil gje Andres rett på mellombels opphald, der han slepp å gå gjennom ei individuell vurdering.

– Det tærer på psykisk å vera flyktning. Det er mykje venting, og ein er redd for å bli sendt tilbake, seier Andres.

Ukrainsk anonym flyktning.

Fram til torsdag sist veke tenkte Andres aldri han kom til å bli flyktning. No sit han her, og har tett kontakt med vener og familie i Ukraina.

– Tanta mi fortel at dei søv på golvet i ein barnehage. Dei håper at russarane ikkje vil angripe ein slik plass.

Andres blir stille, så seier han det igjen:

– Eg er heldig. Ukrainarar flest er fanga i landet.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter