Nyheter

Tyrkisk domstol forlengde fengslinga av Kavála

TYRKIA: Ein tyrkisk domstol har forlengt fengslinga av den 64 år gamle filantropen og aktivisten Osman Kavála, som har sete i varetekt i over fire år.

[object Object]

Kavála er skulda for å ha finansiert og organisert store demonstrasjonar mot regjeringa i 2013 og eit kuppforsøk i 2016. Han nektar straffskuld for skuldingane, som kan gi han ein vilkårslaus livstidsdom.

I 2020 vart han kjend ikkje skuldig i skuldinga i samband med hendingane i 2013, men han vart raskt arrestert igjen. Til saman har han sete i varetekt i over fire år utan dom.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har kravd lauslating av Kavála, men Tyrkia har nekta å oppfylle kravet.

Europarådet har derfor sett i verk disiplinære tiltak, og kan komme til å ekskludere eller ta frå Tyrkia stemmeretten.

Ein domstol i Istanbul forlengde måndag varetektsfengslinga av Kavála til 21. mars.

(©NPK)

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter