Nyheter

– Berre Nato-medlemskapen hindrar Putin i å gjere det same på Baltikum som no skjer i Ukraina

UKRAINA: Trass alle forsøk på å bruke diplomati og sanksjonar for å sette Putin på plass, er Russland no i ferd med å gjennomføre ein fullskala invasjon av eit land i Europa. Den einaste løsninga for eit demokratisk Ukraina no, er internt opprør i Kreml mot Putin, trur forsvarsekspert.

– Dette er klassisk aggresjonskrig. Det er ganske utruleg at dette skjer i Europa i 2022. Dette viser at dei som har meint at tida for store konvensjonelle krigar er over, har teke grundig feil, seier Janne Haaland Matlary.

Ho er professor i internasjonal politikk ved Universitet i Oslo (UiO) og professor II ved seksjon for strategi og militære operasjonar ved Forsvarets stabsskole.

Ho er ikkje i tvil om at målet til Putin no er å fjerne dei ukrainske styresmaktene og sette inn ei Russlandsvenleg marionettregjering, og i ytste konsekvens å innlemme Ukraina i den russiske føderasjonen. Dei regjeringsmedlemmene som ikkje lukkast med å flykte frå Kyiv, vil bli arrestert av russiske styrkar, seier ho.

Matlary meiner Nato no må svare med militær opprusting i Aust-Europa, for å avskrekke Russland frå å rette blikket mot andre tidlegare Sovjet-republikkar.

– Det er ein stor russisk minoritet i Latvia og delvis også i Litauen. Det er berre Nato-medlemskapen deira som hindrar Putin i gjere det same på Baltikum som no skjer i Ukraina, seier Matlary.

– Manglar vestleg strategi for ikkje-Natoland

Janne Haaland Matlary

Matlary er avvisande til at Nato og Europa kunne handla annleis for å hindre den russiske invasjonen. Påstandar om at Nato og Vesten har framprovosert russisk aggresjon gjennom å opne for utviding av EU og Nato inn i den tidlegare austblokka, og gjennom støtte til demokratisk valde regjeringar i land som Ukraina, kallar ho for hårreisande.

– I botnen her ligg det grunnleggjande spørsmålet om suverenitet. Det er avgjerande at vi unngår å gå tilbake til ein verdsorden der store statar skal kunne tvinge vilja si på små statar. Ikkje minst for oss i Noreg burde det vere avgjerande å stå opp for.

På den andre sida er det lite Nato kan gjere militært for å stoppe ein invasjon av eit ikkje-medlem, understrekar Matlary.

– Sjølv dei mest hardnakka haukane ville ikkje sagt at Nato skal gå til krig i Ukraina. Vesten manglar ein strategi for kva vi skal gjere når konfliktar oppstår i våre nærområde i land som ikkje er Nato-medlemmer.

Russlands president Vladimir Putin avbildet ved den ukjente soldats grav i Moskva onsdag. Foto: Alexei Nikolsky / AP / NTB

Eineveldig Putin

Matlary meiner det einaste som kan gje ei framtid for eit demokratisk, uavhengig Ukraina no, er at det skjer eit internt opprør mot Putin i Kreml.

Den russiske presidenten har bygd seg opp stadig meir makt og har ikkje vore redd for å sette interne motstemmer i statsapparatet på plass.

– Det er lite som tyder på at det skal komme eit internt oppgjer mot Putin no, understrekar Matlary:

– Folk rundt han er livredde for å opponere.

Argumenterer for heimepublikummet

– Aggresjonskrig er forbode. Dette handlar om i kva grad suvereniteten til FN-land er reell. Det Russland gjer, er som om Sverige skulle seie at Østfold er ein sjølvstendig republikk, og sende inn styrkar der, seier Matlary.

Det dei har gjort er å lage seg sin eigen logikk for heimepublikumet

—  Janne Haaland Matlary

Språket som Putin og hans utanriksminister Sergej Lavrov brukar for å rettferdiggjere handlingane sine er ein rein konstruksjon, understrekar Matlary.

– Lavrov er jo sjølv folkerettsjurist, så han er godt kjend med språket som brukast for å rettferdiggjere intervensjonar. Men når dei kjem med påstandar om at det til dømes har skjedd eit folkemord mot russarar i Donbass-regionen, så finst det ikkje fnugg av bevis for det. Og for å gjere ein humanitær intervensjon, som dei hevdar at dei gjer, så treng dei mandat frå Tryggingsrådet i FN. Det har dei på ingen måte, seier Matlary.

– Det dei har gjort er å lage seg sin eigen logikk for heimepublikumet.

– Må bruke alle verktøya i kassen

– Vi må bruke alle verktøya vi har i verktøykassen, seier Hans Petter Midttun.

Han er tidlegare forsvarsattaché ved den norske ambassaden i Ukraina, og er i dag uavhengig forsvars- og tryggleiksanalytikar.

Hans Petter Midthun

Han meiner Vesten har vore altfor ettergjevande i møte med veksande russisk aggresjon gjennom det siste tiåret, og at Russland på den måten har fått bestemme spelereglane.

– Vi har sett oss i ei situasjon der ei kvar trefning med Russland blir eit spørsmål om atomkrig eller ikkje. Vi må finne ein måte å handtere dette på, som gjer at vi kan ta initiativet tilbake, seier han.

Midtun har blant anna tek til orde for at Nato burde plassert styrkar i Ukraina før ein russisk invasjon starta.

– Då hadde det vore Putin som hadde blitt sett i dette dilemmaet, i staden for oss. Skal han ta sjansen på å sette i gong ein invasjon, som kan føre til at russiske soldatar hamnar i trefningar med Nato-styrkar?

Når invasjonen no er eit faktum, er det toget gått, understrekar han.

Russland

– Russland forstår berre makt

Midthun meiner at Vesten no må byrje å forhalde seg til at Russland har integrert militærmakt i sin utanrikspolitikk.

– Russland forstår berre makt, og no har dei konkludert med at Nato er svakt, seier han.

Den naturlege følgja av dette er at Nato-landa i Europa no må byggje opp eit betydeleg sterkare forsvar, meiner Midtun.

– Det er eit mykje tydelegare signal enn å innføre stadig nye diplomatiske og økonomiske sanksjonar.

– Heilt sidan Russland annekterte Krym i 2014 har den vestlege verda følgt eit fast script med dialog og sanksjonar. Det har vore fullstendig føreseieleg korleis vi vil reagere ved kvar einaste korsveg. Hadde vi markert tydelegare vilje til å bruke makt, så hadde det vore vanskelegare for Putin å bruke aggresjon mot Ukraina.

I tillegg til å sende eit tydelegare signal om militær forsvarsvilje, meiner Midtun at Putin sin maktbruk må få konsekvensar for kva handelssamarbeid vi har med Russland.

– Når vi handlar med Russland, så er vi med på å finansiere regimet til Putin.

Opplagt døme

Han peikar på energipolitikken til EU som det opplagde dømet.

Russland har sidan tidleg på 2000-talet inngått avtaler med EU for å byggje gassrøyrleidningane Nord Stream 1 og 2 gjennom Austersjøen til Tyskland. Midtun kallar desse røyrleidningane eit geostrategisk våpen som Russland brukar i konflikten med Ukraina. Tysdag blei det kjend at Tyskland stansar Nord Stream 2-prosjektet.

Før Nord Stream 1 opna, gjekk all gassekskort frå Russland til Europa i røyr gjennom Ukraina.

– Gjennom ein energipolitikk som byggjer på russisk gass, og gjennom å akseptere desse nye røyrleidningane, har vi akseptert dette våpenet. Om røyrleidningane gjennom Ukraina blir øydelagt under invasjonen, så kjem vi framleis til å importere gass frå Russland gjennom Nord Stream, trur Midthun.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter