Nyheter

– Me er ikkje dyr. Me kan bruka orda våre i staden for våpen

FRYKT: Ukrainarar i Noreg vakna opp til sjokkbeskjeden. No fryktar dei for familie og vener i heimlandet.

– Eg vakna klokka seks i dag tidleg av at telefonen ringde. Det var søstera mi som fortalde at ho måtte flykta.

Inna Kuts (33) står oppløyst i tårer, med ein enkel plakat i handa. Ho har teke fri frå jobben for å reisa til den russiske ambassaden i Oslo.

Ho er her for å protestera mot dei russiske angrepa mot heimlandet Ukraina.

Søstera til Inna Kuts sette seg i morgontimane i bilen for å koma seg ut av hovudstaden Kyiv. Turen som vanlegvis tek eit kvarter, tok i dag nesten tre timar.

– Alle prøver å komme seg ut. Dei kjøper mat og vatn og reiser. Ingen vil vera igjen i Kyiv, det er så mange høge bygningar der. Tenk om dei skulle falla ned i eit bombeangrep, seier Inna Kuts.

Demonstrantane song ukrainske salmar og protestsongar.

– Me er ikkje dyr

Eit førtitals demonstrantar samlast utanfor ambassaden torsdag. Fleire hadde det ukrainske flagget drapert om skuldrene, og dei ropte slagord som «stopp krigen» og «stopp Putin».

Fleire gret openlyst. Demonstrantane song ukrainske salmar og songar frå demonstrasjonane på Maidan-plassen i 2014.

Inna Kuts seier bønn er viktig for mange ukrainarar.

– Eg ber heile tida. Eg ber om fred for folket i Ukraina, for familien min. Alle som kjem her, er i same situasjon som meg.

Ukraina-demo

På plakaten står det «Stop War». Ho har ein beskjed til Russlands president Vladimir Putin:

– Me er ikkje dyr. Me kan bruka orda våre i staden for våpen.

Fryktar flyktningkatastrofe

Også Kateryna Porkhun (33) vakna til sjokkerande nyhende og telefonar frå bekymra slektningar. Deler av familien hennar bur i austlege Ukraina.

– Familien min bur i eit konfliktområde. Men no er dei meir bekymra enn vanleg.

Ho seier ho er skuffa over at Europa har gjort lite for Ukraina og åtvarar om at resultatet kan bli ei flyktningkatastrofe.

– Før tok Ukraina opp internt fordrivne flyktningar frå aust. Men no blir me angripne frå alle kantar og ingen stadar er trygge. Ukrainarar kjem til å flykta over grensene. Vil Europa ha desse flyktningane? Har ikkje Europa tenkt over det?

Ukraina-demo

Partnaren Thomas Lilleengen (32) er einig. Han viser til flyktningstraumen i 2015, då det kom rundt ein million flyktningar og asylsøkjarar til Europa.

– Då gjekk heile Europa i kne. Kva skal ein gjere no, med mange flyktningar i Europa? Polen klarer ikkje å ta i mot alle.

Det bur nærare 45 millionar menneske i Ukraina.

Vil visa støtte til Ukraina

– Eg skammar meg over Russland. Eg er lei meg for at ukrainarar opplever dette no. Ukraina og Russland er to nasjonar som har vore veldig nær kvarandre.

Det seier russiske Denis K. Han kom til demonstrasjonen for å vise støtte til det ukrainske folket.

Ukraina-demo

Han fortel at mange i heimlandet trur på president Vladimir Putins framstilling av at angrepa handlar om å «denazifisere» Ukraina.

– Mange i Russland trur på at det er nynazistisk utvikling i Ukraina. Men det er berre russisk propaganda.

---

Støtte til Ukraina

  • Torsdag formiddag demonstrerte fleire framfor den russiske ambassaden i Oslo.
  • Det er varsla nye demonstrasjonar ved ambassaden torsdag og fredag ettermiddag.
  • Laurdag er det planlagt fleire støttemarkeringar for Ukraina i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter