Nyheter

Eritrea: Kyrkjeleiar døydde i fangenskap

ERITREA: Patriark Antonios blei sett i husarrest av Afrikas siste diktator. Kyrkjeleiaren døydde i fangenskap. – Ein tragedie, seier biskop Olav Fykse Tveit.

Den eritreiske kyrkjeleiaren blei 94 år gammal, melder nyhendebyrået AFP.

– Patriark Antonios` død er ein tragedie. Han er ein martyr gjennom vitnesbyrd og lagnad, seier Olav Fykse Tveit, preses i den norske kyrkja, til Vårt Land.

President Isaias Afewerki har styrt Eritrea som ein stadig meir eineveldig statssjef sidan landet blei sjølvstendig i 1993. All opposisjon blir rydda av vegen, melder Human Rights Watch.

Regimet plasserte Antonios i husarrest i 2007 og tok frå han rolla som leiar for den eritreisk-ortodokse kyrkja, fortel Christian Solidarity Worldwide (CSW). Som patriark hadde han nekta å ekskommunisere 3.000 regjeringsmotstandarar frå den ortodokse kyrkja samstundes som han hadde bede om lauslating av politisk fangar.

Inn som ny patriark kom ein regimetru biskop.

Suspenderte regimetru kyrkje

Biskop Olav Fykse Tveit meiner det var eit overgrep mot kyrkja å setje patriarken i husarrest. Han ser at regimet i Asmara framleis styrer og kontrollerer den eritreisk-ortodokse kyrkja som Antonios leia.

Då patriarken blei sett i husarrest, svarte Kirkenes Verdensråd (KV) med å suspendere den regimekontrollerte kyrkja frå sentralkomiteen i KV. Det skjedde ved at plassen deira blei ståande tom, fortel Fykse Tveit. Han er tidlegare generalsekretær i KV.

Olav Fykse Tveit på Kirkens hus.

Fengslar kyrkjeleiarar

– Forferdeleg trist, seier Morten Askeland om patriark Antonios` død.

Han er generalsekretær i opne Dører, ein organisasjon som arbeider globalt med forfølgde kristne.

– Det er fortvilande å sjå korleis regimet i Eritrea fengslar kyrkjeleiarar. Forfølginga i landet er stabil negativ, seier Askeland til Vårt Land.

Splitta kyrkjelydar i Norge

Ifølgje den amerikanske kommisjonen for internasjonal religionsfridom blei Antonios fødd i 1927 og sendt av faren til eit kloster då han var berre fem år gammal. Der skulle sonen få utdanning.

Han blei først munk, så prest og abbed før han i 2004 blei den tredje patriarken i den eritreisk-ortodokse Tawahedo-kyrkja - ei kyrkje også mange eritreiske flyktningar i utlandet sluttar opp om.

Difor blir det i fleire eksil-kyrkjelydar i Norge sørgjegudstenester på sundag. Men fordi eritrearane som har fått opphald i Norge er djupt splitta, blir Antonios` død ikkje markert i mange eritreiske forsamlingar, er Vårt Land gjort kjent med.

Eritrearane i Norge er delt i to: Mange støttar opp om regimet til Isaias Afewerki, andre er i reell opposisjon til regimet.

Desse har hatt Antonios som ei viktig leiestjerne i kampen mot diktaturet, skriv svenske Dagen.

Fange i 15 år

Patriark Antonios døydde 9. februar. Dagen etter blei han ført til klosteret han tilhøyrde og gravlagt der, opplyser CSW.

Organisasjonen fortel at Antonios sat i husarresten frå han blei plassert der i 2007 fram til han døydde, nesten 15 år.

Han er ein martyr gjennom vitnesbyrd og lagnad

—  Olav Fykse Tveit, preses, om Antonios


Forfølgjer kristne

Eritreas grunnlov garanterer retten til trusfridom, men loven blir ikkje etterlevd. Resultat: Eritrea er eit av verdas mest restriktive land, fortel Stefanusalliansen.

Regimet har utpeikt religiøse leiarar til å overvake aktivitetane til dei statsgodkjente kyrkjene. Medlemmer som protesterer mot at styresmaktene blandar seg, blir arresterte.

Medlemmer av uregistrerte kyrkjelege grupper kan bli rapporterte og arresterte om nokon ser og høyrer at dei praktiserer trua.

Kristne blir fengsla for å delta i bønnemøte, og fleire leiarar har vore fengsla i over ti år. Ifølgje FN blir mange fengsla utsette for tortur og tvangsarbeid, eller forsvinn.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter