Nyheter

Trettebergstuen: Førespurnad om møte i Kina «er på trappene»

IDRETT: Høgre ber kulturministeren ta opp menneskerettar under Paralympics. Ministeren svarer at ho snart sender ein førespurnad til kinesiske styresmakter.

I dag starta Beijing-OL, eit omstridd arrangement på grunn av Kinas brot på menneskerettar.

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) reiser til Paralympics i mars.

Ho har fortalt Vårt Land at ho så langt ikkje har avtalar med kinesiske styresmakter, og at ho dermed ikkje har konkrete planar om å ta opp menneskerettssituasjonen under besøket.

Det får idrettspolitisk talsperson for Høgre, Turid Kristensen, til å reagera.

– Det er oppsiktsvekkjande og kritikkverdig at regjeringa ikkje tek opp menneskerettar når dei skal til Kina. OL i Beijing er eit høgst uvanleg og problematisk OL. Då er det viktig at den norske regjeringa er tydelege.

Høgre: – Det liknar bortforklaringar

Trettebergstuen har peika på koronasituasjonen og rangen som kulturminister som grunn til at ho så langt ikkje har fått avtale om møter med kinesiske styresmakter.

Den forklaringa meiner Turid Kristensen i Høgre ikkje held.

v

– Det liknar bortforklaringar. Eg meiner Anette Trettebergstuen undervurderer rangen sin. Ho er idrettsminister og regjeringas einaste representant under OL og Paralympics. Det høyrest utruleg ut at ein minister frå ein stor idrettsnasjon ikkje skal ha tilgang til kinesiske styresmakter under vinterleikane.

– Om ho ikkje får til eit møte med utanriksministeren, er det andre ho kan prøva å møta.

Høgre-representanten stiller eit spørsmål til Trettebergstuen:

– Har ho faktisk prøvd å få til møte med kinesiske styresmakter?

Trettebergstuen: Me stokkar om på planane

Trettebergstuen skriv i ein e-post til Vårt Land at ein førespurnad til kinesarane «er på trappene».

– Utanriksdepartementet skulle ha desse møta, og det gjekk som kjend i vasken på grunn av korona. No held me på å stokka om på planane. Førespurnaden er på trappene, men me må først få på plass nokre fleire detaljar før sjølve førespurnaden blir sendt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) og Kinas utanriksminister Wang Yi skulle etter planen møtast under OL, har UD opplyst til Vårt Land. Menneskerettar skulle ha stått på dagsorden på dette møtet.

Huitfeldt måtte skrinleggja Beijing-turen etter at ho fekk påvist korona. Den beskjeden kom for ei knapp veke sidan, 29. januar.

Meiner Huitfeldt-avlysing skapar press

Turid Kristensen i Høgre meiner avlysinga legg meir press på kulturminister Trettebergstuen:

– Det er framleis litt tid igjen til Paralympics, eg meiner Trettebergstuen må få på plass avtalar sidan ho er regjeringas einaste representant til Beijing.

Eg synest det er vanskeleg å ta Høgre seriøst her.

—  Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap)

– Om Trettebergstuen ikkje får nokre avtaler: Bør ho halda seg heime?

– Regjeringa må sjølv finna ut om dei vil reisa. Eg hadde ikkje reist om eg var i den posisjonen.

Trettebergstuen: Me gjer det me kan for å få til møter

Anette Trettebergstuen skriv i ein e-post til Vårt Land at programmet for Kina-reisa framleis er under arbeid. Programmet blir laga saman med mellom anna ambassaden og Noregs idrettsforbund.

– Me gjer sjølvsagt det me kan for å få til møter med kinesiske styresmakter. Men det er framleis mange utfordringar knytt til korleis besøket kan gjennomførast, og kva ein kan få til av program utover å besøkje den norske troppen og sjå øvingane. Koronasituasjonen legg sjølvsagt sterke avgrensingar på besøket.

d

Trettebergstuen seier ho reiser til Paralympics for å «gje merksemd til paraidretten og ei gruppe utøvarar som i aller høgste grad lever opp til dei olympiske ideala».

– Det er ikkje sånn at me utan vidare då tek over møta Utanriksdepartementet hadde lagt opp til.

Synes det er vanskeleg å ta Høgre seriøst

Kulturministeren er forelagt kritikken frå Høgre. Ho meiner det «er nesten vanskeleg å ta seriøst» kritikken når den kjem frå Høgre.

Ho peikar på Kina-besøka under den førre regjeringa. I 2017 reiste både dåverande statsminister Erna Solberg (H) og dåverande kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) til Kina med mål om å betra forholdet mellom Noreg og Kina.

Mellom anna vart det inngått ein omstridd idrettsavtale, der Noreg skulle hjelpa Kina å bli gode i vinteridrett.

– Høgre nytta då overhovudet ikkje høvet til å seia eit ord om menneskerettar. Så eg synest det er vanskeleg å ta Høgre seriøst her, seier Trettebergstuen.

---

Beijing-OL

  • OL varer frå 4. til 20. februar og blir etterfølgt av Paralympics frå 4. til 13. mars.
  • Paralympics blir alltid arrangert etter avslutninga av dei olympiske leiker, og med same arrangør.
  • Fleire land boikottar OL diplomatisk, på grunn av Kinas brot på menneskerettane.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter