Nyheter

Menneskerettar ikkje eit tema under OL og Paralympics

IDRETT: Noreg har ingen planar om å ta opp brot på menneskerettane under OL og Paralympics i Beijing. – Eg har ingen avtalar, dessverre, seier kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Fredag startar vinter-OL i Beijing. Arrangementet er omdiskutert på grunn av Kinas brot på menneskerettane, og mange land sender ikkje offisielle representantar.

Noreg er ikkje del av den diplomatiske boikotten og sender ambassadør Signe Brudeset til OL i februar og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) til Paralympics i mars.

Trettebergstuen er dermed den einaste representanten til Beijing frå regjeringa.

Ho stadfestar til Vårt Land at ho ikkje har konkrete planar om å ta opp menneskerettssituasjonen under Kina-besøket i mars.

– Eg har ingen avtalar eller høve til møte med myndigheitspersonar, dessverre.

Heller ikkje ambassadør Signe Brudeset, Noregs diplomatiske representant til OL i februar, skal ha møte om menneskerettar i samband med OL.

Det opplyser statssekretær Henrik Thune (Ap) til Vårt Land.

Huitfeldt skulle ta opp menneskerettar

Ifølgje regjeringa var planen at utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) skulle representere Noreg under Beijing-OL i februar.

Førre veke testa ho positivt for korona. Då kom beskjeden om at ambassadør Signe Brudeset tek over oppgåva som Noregs diplomatiske representant i vinter-OL.

Det er ikkje sånn at ein kulturminister kan overta dei møta ein utanriksminister har.

—  Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap)

Det var i utgangspunktet planlagt eit møte mellom utanriksminister Huitfeldt og Kinas utanriksminister Wang Yi, opplyser statssekretær Henrik Thune (Ap).

– Menneskerettar er ein viktig del av Noregs breie dialog med Kina, og det ville også stått på dagsorden om utanriksministeren hadde møtt den kinesiske utenriksministeren under OL, skriv Thune.

Han legg til at menneskerettar også er eit regelmessig tema i møta som ambassadøren har med kinesiske styresmakter.

– Sidan ambassadøren og ambassaden har løpande kontakt med kinesiske styresmakter, er det ikkje planlagd møter om dette i tilknytning til OL-arrangementa, skriv Thune.

Kunne ikkje ta plassen til Huitfeldt

Anette Trettebergstuen peiker på korona og rang som grunn til at ho ikkje får diskutert menneskerettar med kinesarane under Paralympics i mars.

– Utanriksministeren har ein slik rang at ho hadde moglegheit til det, men det har ikkje eg. Men eg vil sjølvsagt gripe sjansen om det likevel skulle visa seg mogleg, seier ho.

OL varer frå 4. til 20. februar og blir etterfølgt av Paralympics frå 4. til 13. mars. Paralympics blir alltid arrangert etter avslutninga av dei olympiske leiker, og med same arrangør.

OL

– Var det diskutert om du kunne reisa til OL i staden for Anniken Huitfeldt, då ho vart koronasmitta?

– Det var ikkje praktisk gjennomførbart. Det var ho som var akkreditert til OL og det ville ikkje vore mogleg for meg å reist ned på så kort varsel, seier Trettebergstuen.

Trettebergstuen peikar på at ho uansett ikkje har same høve som Huitfeldt til å få tilgang til kinesiske styresmakter.

– Det er ikkje sånn at ein kulturminister kan overta dei møta ein utanriksminister har. Ein utanriksminister har meir tilgang til myndigheitspersonar.

Korona set store avgrensingar

Kulturministeren seier at korona-situasjonen også gjer OL i Kina til «ei spesiell affære».

– Korona set store avgrensingar. Eg veit enno ikkje i kor stor grad eg får møtt folk. Det er ikkje sikkert eg får møta idrettsutøvarar ein gong. Det vil vera avgrensa moglegheiter for å koma i dialog.

– Kva kan Noreg oppnå ved at du er til stades under Paralympics?

– Eg ønsker å bidra til å løfta para-idretten. Eg er oppteken av at idretten skal vera for alle. Til no er det ingen norsk kulturminister som har besøkt Paralympics, seier Trettebergstuen:

– Det er viktig for meg som kulturminister å reisa til store idrettsarrangement for å støtta og heia på våre flotte idrettsutøvarar.

Påstandar om folkemord mot minoritet

Kina sin politikk mot eigen befolkning har vekt oppsikt og fordømming.

I desember i fjor kom eit uoffisielt tribunal med skuldingar om at Kina utfører folkemord på den muslimske uigur-minoriteten. Tribunalet peiker på bruk av tvangssterilisering, prevensjon og abort for å redusera fødselsraten i folkegruppa.

Ifølgje NTB omtalar Beijing tribunalet som del av ei løgnaktig svertekampanje og har innført sanksjonar mot tribunalets leiar Geoffrey Nice. Han har tidlegare vore hovud-aktor i saka mot Jugoslavias president Slobodan Milosevic.

t

Førre veke kom ein allianse av 243 menneskerettsgrupper med krav om diplomatisk boikott av vinter-OL. Dei peiker på handsaminga av etniske og religiøse minoritetar og forfølging av aktivistar, advokatar og journalistar.

På spørsmål om kvifor Anette Trettebergstuen ikkje vil boikotta OL og Paralympics i Beijing som kulturminister, svarar ho:

– Norge har ingen tradisjon for å boikotte idrettsarrangement. Me er uroa for menneskerettssituasjonen i Kina, og det tek me opp på eigna måte i utanrikspolitikken vår.

Trur ikkje boikott skapar endring

Fleire land, som USA, Storbritannia, Canada og Danmark, kjem til å glimra med sitt fråvær i Beijing. Dei boikottar OL på diplomatisk nivå, som protest mot Kinas brot på menneskerettane.

– Eg registrerer at det er linja i andre land. Men Noreg står fast på at boikott av store idrettsarrangement ikkje er ei linja Noreg ønsker å føra, seier Trettebergstuen.

– Eg trur ikkje på at boikott er det beste verkemiddelet for å skapa endring.

---

OL i Beijing

  • Vinter-OL vert arrangert i Kina 4. – 20. februar.
  • Arrangementa vert avvikla i Beijing og område ved Yanqing og Chongli.
  • Til OL sender Norge 82 utøvarar og til Paralympics 15.
  • Fleire land boikottar OL diplomatisk, på grunn av Kinas brot på menneskerettane.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter