Nyheter

Tuvalus utanriksminister nominert til Nobels fredspris

Venstre-leiar Guri Melby nominerer Simon Kofe til Nobels fredspris. Kofe er utanriksminister i Tuvalu, ein øystat i Stillehavet.

Kofe er mest kjent i Noreg for innlegget sitt under klimakonferansen i Glasgow i fjor. Då stilte han opp på video frå Tuvalu, med vatn til knea. Stuntet var meint å vise alvorsgrada av klimaendringane for utsette øystatar.

Nominasjonen er ei anerkjenning av arbeidet til øystatane for å skape merksemd rundt klimakrisa, seier Melby.

– Klimakrisa kan av og til verke fjernt for oss, men når vi ser at heile land står i fare for å forsvinne, så trur eg mange forstår at dette er alvor. Kofes stunt under klimakonferansen var klokt, fordi det viste alvoret i situasjonen, utan at dei eller vi får panikk, seier ho.

(©NPK)

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter