Nyheter

Raudt nominerer Al Haq og B’Tselem til Nobels fredspris

Menneskerettsorganisasjonane Al Haq og B’Tselem vart måndag nominerte til Nobels fredspris av stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt frå Raudt.

Al Haq vart for få månader sidan terrorlista av Israel, til protestar frå mellom anna Noreg. Organisasjonen arbeider for menneskerettar og internasjonal rett, og er knytt til Den internasjonale juristkommisjonen. Al Haq får framleis støtte frå Noreg.

Nyholt nominerte òg den israelske organisasjonen B'Tselem som jobbar med å dokumentere menneskerettsbrot i dei okkuperte palestinske områda.

– I ei tid der dei som kritiserer folkerettsbrotet til okkupasjonsmakta får stadig dårlegare vilkår, krev det mot å bidra til handheving av folkeretten mot israelske leiarar, seier Nyholt.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter