Nyheter

Afghanistan kollapsar. 10 millionar er på flukt. Slik kjem dei seg til Europa

AFGHANISTAN: Millionar av afghanarar har ikkje lenger noko håp om eit liv i eit land som er ramma av tallause kriser. No flyktar dei. For mange er målet Europa.

Ifølgje Flyktninghjelpa og FNs høykommissær for flyktninger (UNHCR), har 10 millionar afghanarar blitt drivne bort frå heimane sine.

  • Nesten halvparten av dei er internt fordrivne – jaga bort frå stadane dei kjem frå av krig eller svolt, og er heimlause i eige land.
  • Omtrent like mange har komme seg over grensene til nabolanda Pakistan og Iran – med få utsikter om å kunne bli verande der veldig lenge.
  • Nokre relativt få, litt over ein halv million til saman, har komme seg vidare. Til Indonesia, India, Tyrkia. Og nokre veldig få – til Europa.
Afghanske flyktningar i nærområda

Vegane til Europa

Utan pengar, utan kontaktar og utan moglegheit til å skaffe seg papir, er det å bevege seg rundt i ei verd med stengde grenser eit desperat, og i dei fleste tilfelle nyttelaust, føretak.

Men i ein situasjon der meir enn halve befolkninga står i fare for å oppleve matmangel, der ein million barn er i akutt fare for å svelte i hel, og der økonomien har kollapsa, er det likevel mange som ikkje ser anna alternativ enn å prøve.

Slik går fluktrutene til dei som maktar å komme seg ut av Afghanistan:

Flyktningruter frå Afghanistan

Iran og Pakistan

90 prosent av dei som har lukkast med å flykte frå Afghanistan, kjem ikkje lenger enn til nabolanda Iran og Pakistan.

Den vestlege grensa mot Iran går gjennom eit krevjande fjellområde som er vanskeleg å krysse til fots, og det å møte iranske grensestyrkar kan vere livsfarleg. Menneskerettsorganisasjonar melde i mai i fjor at ei gruppe på rundt femti menn og barn blei pressa ut i den vårstride grenseelva Hari Rud av grensepoliti, etter å ha blitt tekne til fange og mishandla. Berre 17 av dei overlevde.

Kjem ein seg til Pakistan er det derimot mogleg å krysse inn i Iran den vegen. Men for mange stoppar flukta der. FNs migrasjonsbyrå (IOM) melder at Iran tvangsreturnerte 1,1 millionar afghanarar i løpet av 2021.

– Fleirtalet blei returnert til Afghanistan blakke og heilt øydelagde, og med behov for helsehjelp, mat og kvile, sa leiar i IOM, António Vitorino, til NTB i november i fjor.

Ei gruppe flyktningar med ukjent opphav

Tyrkia

Tidlegare gjekk hovudruta vidare over grensa frå Iran til Tyrkia. Ved utgangen av 2020 var det framleis 129.000 afghanarar i Tyrkia – dei fleste med mål om å komme seg vidare over Egeerhavet. Til dei greske øyene, eller heile vegen rundt Hellas og via Albania til Bosnia.

Etter som Middelhavet er blitt meir patruljert, og rutene vidare frå Hellas og Balkan er blitt meir og meir utilgjengelege, har desperate flyktningar i periodar lagt ut på Svartehavet i staden.

Kryssinga over til Romania i fiskebåtar og på provisoriske flåtar er enda farlegare enn flukta over Egeerhavet. Det er ikkje utan grunn at Svartehavet har fått sitt namn.

Sidan 2015 har Tyrkia byrja å reise fysiske sperrer for å halde flyktningar ute. I løpet av 2021 kom dei første delane av ein mur langs grensa mot Iran opp. I praksis er det blitt nesten umogleg å komme seg direkte frå Iran til Tyrkia for dei afghanske flyktningane. Men kreativiteten er stor, og nye ruter er blitt til.

Afrika

Sidan midten av 2020 har europeiske grensemyndigheiter registrert rundt 2.500 afghanarar blant dei som har reist over Middelhavet frå Libya og Tunisia. Vegen kan mellom anna gå med fly frå Pakistan, før ein legg ut i overfylte båtar – i håp om å nå Malta eller Sicilia.

IOM har sidan 2014 registrert nesten 24.000 dødsfall i Middelhavet blant dei flyktningane som har forsøkt seg på å krysse havet.

Ei jente deltek i ein demonstrasjon ved ein flyktningleir utanfor Athen.

Sentral-Asia

Afghanistan sine naboar i nord – Turkmenistan, Usbekistan og Tadsjikistan – har vist seg svært lite villige til å ta i mot afghanarar på flukt. Tadsjikistan har historisk vore mest ope, fordi Afghanistan også har ein betydeleg tadsjikisk minoritet i si befolkning. Dei skal ha sagt seg villig til å ta i mot 100.000 flyktningar, men det er usikkert om dette er sett ut livet.

Usbekistan og Turkmenistan seier dei opnar for å vere transittland for flyktningar, men vil ikkje ta i mot flyktningar.

Kviterussland

Ei overraskande rute opna seg i fjor då Kviterussland byrja å leggje til rette for at migrantar i Irak kunne få visum til landet, og fleire tusen tok luftvegen frå Baghdad til Minsk.

Migrantane var for det meste irakarar, men av dei 4.700 som klarte å krysse grensa frå Kviterussland til nabolanda Polen, Litauen og Latvia, var 600 frå Afghanistan.

Ifølgje den tyske allmennkringkastingstenesta Deutsche Welle er totalprisen for visum, fly frå Irak og smugling over grensa frå Kviterussland, på 12.000 til 15.000 euro. Berre nokre veldig få av dei som flyktar frå Afghanistan har høve til å gjennomføre ei slik reise.

Nordskog

– Flyktningar er diplomatisk kapital

– Ein faktor som er viktig er at migrasjon er blitt eit så viktig politisk tema i Europa, at det å vere ein flaskehals for migrasjon er blitt ei form for svært verdifull politisk kapital, seier PRIO-forskar Kristian Berg Harpviken til Vårt Land.

Han viser til korleis Tyrkia har fått mykje igjen for å forhandle med EU med syriske og afghanske flyktningar i potten. Det som er interessant, seier Harpviken, er at Kviterussland har prøvd å posisjonere seg for å få til det same.

– Kviterussland er ikkje eigentleg noko naturleg del av ei migrasjonsrute til Europa. Men det å kontrollere migrasjonen inn til Europa er så verdifullt på den diplomatiske marknadsplassen at Kviterussland har vore villig til å skape ei rute inn til landet.

Storskog på nytt

I det som gjerne blir kalla den store flyktningkrisa i 2015, kryssa om lag 5.500 flyktningar den norske grensa mot Russland ved Storskog i Finnmark på sykkel.

Om lag ein tredel av desse kom opphavleg til Afghanistan, men fleire av dei hadde vore lenge i Russland før dei kom seg til Murmansk.

Asylstraumen på den norske nordgrensa dette året har så langt vore eit enkelttilfelle. Men Harpviken utelukkar ikkje at det som skjedde ved Storskog var ein slags forløpar til det vi ser i Kviterussland no, og at det kan skje igjen.

– Kan Taliban-regimet prøve å få til noko liknande no?

– Vi har ikkje sette det enno, men det er ikkje utenkjeleg.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter