Nyheter

Putin til Macron: Vesten ignorerer Russlands bekymringar

Vesten har ikkje teke Russlands bekymringar på alvor, sa Russlands president Vladimir Putin i ein telefonsamtale med Frankrikes president Emmanuel Macron.

– USA og Nato svar på Russlands krav har ikkje teke i betraktning Russlands fundamentale bekymringar, blant dei å stanse Nato ekspansjon og la vere å setje inn avanserte våpensystem nær Russlands grense, sa Putin til Macron ifølgje ein samtalelogg frå Kreml.

Ein av Macrons medarbeidarar seier at samtalane enda med at dei to presidentane vart samde om at det er behov for ei nedtrapping av den spende situasjonen.

– Putin ytra seg ikkje om offensive planar, men sa at han ønskjer å halde fram samtalane med Frankrike og andre av våre allierte, seier medarbeidaren.

Macrons samtale med Putin er det førebels siste kapittelet i ei hektisk diplomatisk verksemd mellom Vesten og Russland for å unngå krig. Spenningsnivået i Europa er svært høgt i samband med at Russland har utplassert over 100.000 soldatar langs grensa mot Ukraina, som fryktar invasjon.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter