Nyheter

Asyljuks avslørt. Eritrearar mistar opphaldsløyve

FLYKTNINGAR: UDI blei pålagt å granske 150 eritrearar som har fått opphald i Norge. I 13 saker er opphaldsløyvet kalla tilbake. Fire skal bli sendt ut. Ni får bli.

Sidan hausten 2019 har Utlendingsdirektoratet (UDI) granska asylsakene til 150 eritrearar som har flykta til Norge, søkt vern og fått opphald i landet.

13 opphaldsløyver er per i dag trekte tilbake.

Pålegget om gransking kom som ein instruks frå Justisdepartementet (JD) og dåverande justisminister Jøran Kallmyr (Frp).

Bakgrunnen var nyhendeoppslag i NRK. Dei fortalde om eit arrangement i Oslo i august 2019 «der norsk-eritreere feiret nasjonaltjenesten i Eritrea sammen med en høytstående person fra det eritreiske myndighetsapparatet, og hvor eritreiske flyktninger kan ha vært til stede», skriv JD.

Mange av eritrearane som har fått opphald i Norge har flykta frå nasjonaltenesta.

Har fått tips om juks

UDI valde ut 100 tilfeldige saker og 50 saker der dei hadde fått tips eller sat på informasjon om at det var gjeve uriktige opplysningar ved søknad om asyl, fortel Christine Roca, einingsleiar kontroll i UDI.

Etter første runde sat UDI att med 60 saker. 90 blei lagt vekk.

No er det fatta vedtak i 24 saker:

  • 13 flyktningar får tilbakekallt opphaldsløyvet, det er anten permanent eller mellombels.
  • 11 saker er lagt vekk, UDI fann ikkje tilstrekkelege prov på feilaktig asylgrunnlag – eller ingen prov.

36 saker er framleis under gransking, hjå UDI og politiet.

Deltaking på Eritrea-fest

Når UDI vurderer å kalle tilbake opphaldsløyver, skjer det i hovudsak på tre grunnlag: Gjeve uriktige opplysningar i saka, gjeve uriktige opplysningar om identitet eller brote vilkåra for løyvet.

I instruksen understrekar Justisdepartementet at når flyktningar deltek på arrangement til støtte for dei same styresmaktene som ein fryktar forfølging frå, kan det «tilsi at oppholdstillatelse og asylstatus i Norge bør kallast tilbake.

– I ingen av dei sakene der me har fatta vedtak om tilbakekalling, har deltaking på arrangementet i august 2019 blitt lagt til grunn åleine. Men i nokre vedtak har deltakinga blitt vurdert, fortel Roca.

Får nye opphaldsløyve

Konsekvensane av dei 13 vedtaka, er svært ulike. Sjølv om UDI har avdekt juks – uriktige opplysningar er avslørt, eller viktige opplysningar blei haldne tilbake – så blir ni ikkje utviste frå Norge, slik vanleg er.

Dei har fått nye mellombelse, opphaldsløyver.

– Åtte av dei ni har fått vern. I tillegg har ein fått opphald på bakgrunn av sterke menneskelege omsyn, opplyser einingsleiar Roca i UDI.

Ho forklarar utfallet:

– Ei vanleg vurdering i tilbakekallssaker er at personen skal bli utvist og returnert til heimlandet, og var det ikkje for at dei 13 er frå Eritrea, ville dei i utgangspunktet blitt møtt med desse sanksjonane.

– I desse sakene vil retur til heimlandet bety stor fare for forfølging. Difor har dei fått nytt, mellombels opphaldsløyve.

fest

Fire skal ut av Norge

Christine Roca vedgår at reaksjonen på jukset som er avdekt kan opplevast underleg, men viser til at lovverket seier at personar ikkje skal bli returnerte om dei risikerer umenneskeleg behandling ved retur til heimlandet.

Dei fire siste som har fått tilbakekallsvedtak, møter to ulike reaksjonar:

– To blir sendt ut til EU-land der dei har lovleg opphald. To vil bli returnerte til Eritrea då deira alder tilseier at dei ikkje vil bli kalla inn til samfunnstenesta, fortel Roca.

Har klaga på vedtaka

Alle som får eit vedtak i UDI kan klage på vedtaket og i neste omgang få klagen vurdert av Utlendingsnemnda (UNE) dersom UDI ikkje gjer om vedtaket.

Ti av 13 vedtak er påklaga. Tre av dei som mista opphaldsløyvet, men fekk eit nytt, har akseptert UDIs vedtak.

Konsekvensen av å få kalla tilbake opphaldsløyvet, men likevel få eit nytt, er nulling av opptente buår i Norge. Dermed går det lengre tid før ein kan søkje permanent opphaldsløyve og i neste omgang statsborgarskap.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter