Nyheter

SOS-barnebyer stenger kontor i Ukraina: – Dette er veldig smertefullt

BARN I KONFLIKT: I 10 år har SOS-barnebyer hatt kontor i byen Luhansk i Ukraina. No må dei stenga, grunnna frykt for russisk invasjon og press frå pro-russiske styrker.

– Svært mange har flytta frå Luhansk. Dei som er igjen, er dei mest sårbare som treng mest hjelp. Åleinemødrer, eldre, fattige familiar og foreldre med barn som har funksjonshemningar.

Det seier Serhii Lukashov, nasjonaldirektør for SOS-barnebyer i Ukraina. Han varslar at organisasjonen no må stenga ned kontoret i byen Luhansk, aust i Ukraina. Innan nokre månader skal dei vera ute.

Stenginga påverkar 350 barn som no får hjelp gjennom organisasjonen. 15 tilsette får valet om å flytta eller mista jobben.

– Dette er veldig smertefullt å måtte legga ned. Men me har ikkje noko val, seier Serhii Lukashov.

Regionen er delt i to

Våren 2014 vart byen Luhansk åstad for store demonstrasjonar som etter kvart gjekk over til væpna opprør.

Pro-russiske separatistar proklamerte så regionane Donetsk og Luhansk som uavhengige republikkar, etter å ha organisert ei folkeavstemming.

Serhii Lukashov

Byen Luhansk er hovudstad i regionen Luhansk. Byen er styrt av pro-russiske opprørarar, medan andre deler av regionen er under ukrainsk kontroll.

I byen Luhansk har SOS Barnebyer hatt kontor sidan 2012.

– Me har vore godt akta av lokalbefolkninga i byen, og me var etablert her før konflikten starta. Det gjorde at me kunne halda fram arbeidet vårt også etter 2014. Men no er det ikkje mogleg lenger, seier Serhii Lukashov.

Blir sett på som utanlandske agentar

Serhii Lukashov peiker på to grunnar til avgjersla om å legga ned kontoret i Luhansk: Faren for russisk invasjon av Ukraina og press frå dei pro-russiske opprørarane.

Han fortel at dei tilsette merker ein tøffare tone frå dei lokale sikkerheitsstyrkane, som også driv med utspørringar av familiane som får hjelp av organisasjonen.

Heldigvis er ingen av våre tilsette blitt utsett for vald, men me vil ikkje venta på at det skal skje

—  Serhii Lukashov, SOS-barnebyar i Ukraina

– Dei lokale styresmaktene blir meir paranoide mot såkalla vestleg påverknad, og organisasjonar som SOS-barnebyer blir sett på som utanlandske agentar. Heldigvis er ingen av våre tilsette blitt utsett for vald, men me vil ikkje venta på at det skal skje.

Ein halv million barn treng hjelp

No treng over ein halv million barn i Ukraina humanitær hjelp, ifølge FNs barnefond UNICEF.

FN opplyser at hyppige brot på våpenkvila øydelegg heimar, skular, vassforsyning og infrastruktur. Landminer trugar barns tryggleik, og på toppen av alt kjem koronapandemien.

e

SOS-barnebyer jobbar med barn som har mista foreldra sine og familiar som står i fare for å gå i oppløysing. Dei jobbar langsiktig med familiane med sosiale tenester som utdanning, kursing og psykologhjelp.

I Luhansk hjelper dei også med med meir naudhjelp-retta tenester, som å dela ut medisinar.

Våren 2021 kom det to rapportar som avdekker overgrep og korrupsjon i SOS-barnebyer. Desse sakene strekk seg tilbake frå 1990-talet fram til i dag. Det var Klassekampen som først melde denne saka.

Organisasjonen har oppretta ei gruppe som skal gjera ei uavhenging gransking, dei har no starta arbeidet.

Ser inga løysing i sikte i Ukraina

Dei 15 tilsette for SOS-barnebyer i byen Luhansk har fått valet om å flytta til den ukrainsk-kontrollerte delen av regionen Luhansk. Berre to tilsette har til no takka ja.

– For dei tilsette er Luhansk heimbyen deira, der dei har familie og bustad. Dei er i ein vanskeleg situasjon, seier Serhii Lukashov.

Den væpna konflikten i Ukraina går no inn i sitt åttande år. For Serhii Lukasho ser framtida mørk ut.

– Ukraina pleidde å vera eit samfunn, no er samfunnet delt opp. Det er vondt.

– Trur du kontoret i Luhansk kjem til å bli gjenopna?

– Kanskje, men først i neste generasjon. Eg trur det vil ta lang tid.

---

Konflikten i Ukraina

  • I 2013 sa Ukrainas daværende president Viktor Janukovitsj nei til en planlagt handels- og samarbeidsavtale med EU. Avgjørelsen utløste demonstrasjoner mot den prorussiske presidenten. I februar 2014 ble Janukovitsj avsatt og en overgangsregjering innsatt.
  • Kort etter tok væpnede, prorussiske styrker kontroll over Krim-halvøya sør i Ukraina.
  • I mars 2014 stemte Krims befolkning for løsrivelse, og Russland annekterte halvøya.
  • Omtrent samtidig tok prorussiske separatister kontroll over flere områder øst i Ukraina. Etter å ha organisert en folkeavstemning proklamerte opprørerne uavhengighet for regionene Donetsk og Luhansk i mai 2014.
  • Siden da har det vært kamper mellom separatistene og ukrainske regjeringsstyrker. Ukraina anklager Russland for å bistå separatistene, men det benekter Russland.
  • Amerikanske etterretningskilder sa til CNN denne uken at Russland planlegger aksjoner i Ukraina som skal kunne gi grunnlag for invasjon. Russland avviser påstanden.

Kilde: NTB

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter