Nyheter

Rusforskar: – Pandemitiltak kan ta mange over terskelen til alvorlege alkoholproblem

ALKOHOL: Dei fleste drikk like mykje eller mindre under pandemien. Men ein av 10 drikk meir. Nesten halvparten av desse drikke betydeleg meir. Dei kan utvikle alvorlege drikkeproblem, fryktar rusforskar.

Jørgen Bramness

– Drikk vi eigentleg meir eller mindre utan pandemien?

– Vi drikk verken meir eller mindre. Eller rettare sagt, vi drikke både meir og mindre.

Det seier Jørgen Bramness, seniorforskar ved FHI og ein av landets fremste autoritetar på rusfeltet.

Han kallar dei mange og langvarige tiltaka under pandemien – grensestenging, skjenkestopp, endra jobbsituasjon, innskrenkingar i sosiale tilbod – for eit stort nasjonalt eksperiment på rusfeltet. Ikkje sidan krigen har Noreg opplevd så store sosiale endringar, seier han.

Dette kan opne for store endringar i korleis vi rusar oss i Noreg, og Bramness er ein av dei som følgjer nøye med på kva konsekvensar dette får.

Det er grunn til å frykte at fleire kryssar terskelen frå å vere i risikosona, til å a eit alkoholproblem.

—  Jørgen Bramness, seniorforskar ved FHI

Éin av ti drikk meir

Ulike spørjeundersøkingar gjort under pandemien viser:

  • Om lag 7 av 10 nordmenn drikk om lag like mykje no, som dei gjorde før pandemien starta.
  • Om lag 2 av 10 rapporterer at dei drikk mindre.
  • 1 av 10 drikk meir.

Sjølv om Vinmonopolet har vist til massive salsrekordar to år på rad under pandemien, så meiner rusforskaren at det er liten grunn til å tru at det samla konsumet faktisk har auka. Den auka omsetjinga på Vinmonopolet ser nemleg ut til å svare til ganske nær det som har falt bort av utanlandshandel og taxfreehandel.

– Det er grunn til å tru at det samla alkoholkonsumet for befolkninga er ganske jamt, men dei som drakk mykje før pandemien drikk meir, og dei som drakk lite, drikk mindre, forklarar Bramness.

Ein som i utgangspunktet drikk 2 einingar i veka halverer sitt forbruk, så utgjer det ei mykje mindre endring enn om ein som drakk 10 einingar doblar sitt forbruk.

Mindre sosialt samvær påverkar drikkinga

Mindre samvær med andre, både på jobb og i fritida, påverkar både dei som drikk lite og dei som drikk mykje.

  • Dei som drikk mindre seier at det skuldast mindre sosialt samvær med vener, sjeldnare besøk på pub eller restaurant, mindre reiseaktivitet, og mindre lyst på alkohol.
  • Dei som drikk meir seier at dei har meir behov for å unne seg noko godt, at dei har ein meir fleksibel jobbsituasjon eller mindre arbeid, meir aleinetid, og behov for å dempe stress eller bekymring i samband med pandemien.
  • Dei som drikk meir drikk også mykje meir. 42 prosent av dei som seier dei drikk meir no enn før pandemien, seier at dei drikk betydeleg meir. Blant dei som drikk mindre, er det berre kvar tiande som seier dei drikk betydeleg mindre.

Kan gå ut over barn

– Når dei plassane der ein vanlegvis drikk alkohol er stengt, så flyttar nokon drikkinga heim. Pandemien fører til at det blir drukke meir i kvardagen og meir aleine, seier generalsekretær Ragnhild Kaski i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

Ho forklarar at dette er ein risikofaktor, fordi usunne alkoholvanar blir vanskelegare å oppdage for dei som er rundt personen som drikk.

Ei undersøking Ipsos gjorde for Av-og-til i fjor haust, viser at nesten ein av fem har vore bekymra for at vener eller familiemedlemmer drikk meir under pandemien.

– Når ein har eit usunt forhold til alkohol så går det ut over ein sjølv og eiga helse, men det er også ei stor belastning for dei rundt den som drikk, ikkje minst for barn.

Ein undersøking gjort for FHI viser at barneforeldre er blant dei som drikk meir under pandemien. Kaski åtvarar sterkt mot at mykje heimetid kan føre til at vaksne oftare drikk framfor barna.

Ragnhild Kaski

For tidleg å seie kva konsekvensane blir

Det er for tidleg å sjå om endringane i drikkevanar slår ut i form av fleire døde eller psykiske problem, understrekar Bramness. Det kan ta fleire år frå alkoholkonsumet aukar til det får synlege konsekvensar.

Samstundes finst det allereie undersøkingar frå Storbritannia som overraskande viser at fleire dør av alkohol.

– Det er grunn til å frykte at fleire kryssar terskelen frå å vere i risikosona, til å a eit alkoholproblem.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter