Nyheter

Ambassadør til Vårt Land: – Kasakhstan er ikkje eit fullt utvikla demokrati

KASAKHSTAN: Ambassadør Yerkin Akhinzhanov vedgår at det kasakhstanske demokratiet har manglar, men nektar for at landet er er autoritært. – Det er sikkert ting å kritisere, men i det minste kan eg seie at vi prøver.

– Om du ser ein person med våpen, om du ser ein person som skyt, så trur eg inga politistyrke i verda ville ha problem med å identifisere det som terroristar. Ordren var, skyt terroristar. Kva anna ordre skal ein leiar gje, når det går føre seg målretta drap?

Det seier Kasakhstans ambassadør i Noreg Yerkin Akhinzhanov til Vårt Land når han blir konfrontert med fråsegn frå sin eigen president.

Då det som byrja som demonstrasjonar mot auka drivstoffprisar, spreidde seg til storbyen Alamaty og byrja å eskalere, gjekk president Tokajev ut med ei tv-overført tale der han sa at han hadde gjeve ordre til landets tryggleiksstyrkar om å skyte for å drepe.

Fråsegna er mykje omtalt i internasjonale medium, og er blant anna blitt kritisert av FN-ekspertar, som fordømer bruken av dødeleg vald, og skuldar regimet for å misbruke terrorist-omgrepet.

Alamaty

– Klart skilje mellom terroristar og demonstrantar

Ambassadør Akhinzhanov hevdar på si side at det ikkje finst tvil om at organiserte og væpna terroristar står bak opptøyane i landet.

– Vi har frå byrjinga av vore klare på det er eit skilje mellom fredelege demonstrantar, og på den andre sida kriminelle gjengar, militante islamistar og folk som driv med plyndring, seier han.

– Å slå desse saman til ei gruppe og kalle alle for demonstrantar blir heilt feil, og det er ein distraksjon frå den pågåande dialogen med dei fredelege demonstrantane.

Ambassadøren viser til at presidenten tidleg kom dei fredelege demonstrantane i møte, blant anna ved å senke prisane på drivstoff, og med lovnader om vidare dialog og tiltak for å betre den sosiale situasjonen for befolkninga. Styresmaktene hevdar også at alle som vart arrestert i samband med dei fredelege demonstrasjonane er blitt sette fri, og at alle skuldingar er fråfalne.

– Var dei fredelege demonstrasjonane lovlege?

– Dei var fredelege, men dei følgde ikkje alle reglane som gjeld for forsamlingar.

Einig i at det trengst reformer

Han meiner språkbarrieren er ein viktig grunn til at internasjonale medium ikkje har oppfatta at det er kriminelle infiltratørar som står bak valdsbruken dei siste vekene.

– Det som vanlegvis hjelper oss journalistar når vi skal rapportere frå andre land med framande språk, er å vende oss til fri, lokal presse i landet. Men ifølgje the Press Freedom Index er Kasakhstan rangert på 155.-plass i pressefridom. Då er det vanskeleg for oss å finne slike kjelder.

– Ja, men indeksar er ein vanskeleg ting. Særleg når dei er i hendene til byråkratar. Derfor kan eg ikkje kommentere på det.

– Men er du einig i at det trengst meir reformer?

– Absolutt, vi må gjere meir! Før vi fekk sjølvstende levde vi lenge i eit absolutt autoritært system under Sovjetunionen. Så vi veit betre enn nokon kva fridom betyr, og om ulike nivå av fridom. Ingen land er absolutt fri. Men vi gøymer ikkje våre feil. Det kan du høyre når presidenten snakkar.

Ingen land er absolutt fri. Men vi gøymer ikkje våre feil

—  Yerkin Akhinzhanov, ambassadør

– Men kan du forstå at internasjonale medium er mistenksame mot kasakhstanske styresmakter når dei stengde internett i fleire dagar under uroa, og når det er vanskeleg å få informasjon frå frie medium i landet?

– Du må sjå det fulle bildet. Ein kvar stat vil bruke det å stengje internett som ein del av antiterroroperasjonar. Når vi ser kor organiserte desse terroristane var, så skjønar ein at dei kunne brukt sosiale medium til å lage veldig mykje kaos.

Yerkin Akhinzhanov. Kazakhstans ambassadør til Norge.

Ikkje eit fullt utvikla demokrati

– Ivar Dale i Helsingforskomiteen kallar Kasakhstan eit autoritært land og eit gjennomkorrupt regime. Kva er din reaksjon på det?

– Du har ikkje sett ein verkeleg autoritær stat, utbryt Akhinzhanov

– Ja, det finnast korrupsjon. Men autoritært, det er når folk ikkje kan krysse grenser, når det berre finnast eitt politisk parti. Eg kan definitivt seie at Kasakhstan ikkje er autoritært. Men vi er ikkje eit fullt utvikla demokrati, heller. Vi er ein stat i utvikling.

– Er målet då å bli fullstendig demokratisk?

– Absolutt! Det er mykje vi har fått til, men framleis meir igjen.

Det er sikkert ting å kritiserte, men i det minste kan eg seie at vi prøver.

—  Yerkin Akhinzhanov

– I parlamentsvalet i fjor sommar vann regjeringspartiet, Nur Otan, med 82 prosent av stemmene. Det er veldig uvanleg med den typen valresultat i eit fritt demokrati.

– Til det vil eg spørje, i kor mange år har desse frie demokratia eksistert? Der har partisystema fått utvikle seg gjennom mange val.

– Men også i nyleg demokratiserte statar ser ein vanlegvis meir politisk konkurranse enn dette?

– For mange av desse nye demokratia, tidlegare kommunistiske diktatur i Aust-Europa til dømes, så hadde dei ein historie frå tidlegare med val, med parlamentarisme, med frie marknadar. Kanskje det var enklare for dei å komme tilbake til demokratiet då dei blei frie igjen. Dei hadde framleis eit nedarva minne om korleis demokratiske institusjonar skal fungere.

– Vi har ikkje slike nedarva minne, og vi er geografisk isolert frå andre demokrati, men vi prøver. Det er sikkert ting å kritisere, men i det minste kan eg seie at vi prøver.

Vil ikkje kommentere PR-samarbeid

Yerkin Akhinzhanov. Kazakhstans ambassadør til Norge.

Vårt Land fortalde tidlegare i veka om at det norske PR-byrået Geelmuyden Kiese (GK) i åra 2020 og 2021 var hyra inn av den Kasakhstanske ambassaden, og blant anna produserte eit PR-magasin som del av oppdraget.

GK har fjerna Kasakhstan frå si kundeliste etter at Vårt Land først skreiv om saka.

– Korleis var prosessen då GK vart vald som PR-byrå for ambassaden?

– Det var ikkje mi avgjersle aleine. Men dette har byrået sjølv svart på. Eg har ikkje noko meir å tilføre.

– Kontakta de andre før GK fekk oppdraget?

– La oss ikkje spekulere i det. Vi har ikkje relasjonar til noko anna selskap enn GK. Rettare sagt, hadde. Vi har heller ikkje noko avtale med GK lenger.

– Vi har fått opplyst frå andre selskap om at dei har vore spurt, men har takka nei.

– Eg kan ikkje kommentere på det. Du får spørje dei.

– Kva var oppdraget til GK?

– Her viser eg til det GK sjølv har sagt om dette. Eg har ikkje noko å tilføye. Vi, som land, er interessert i å lære så mykje som mogleg av Noreg, og byggje gode relasjonar. Vi vil trekke til oss investeringar, få folk til å komme til oss, opprette folk-til-folk-samarbeid. Vi er eit veldig fjernt land, vi treng fleire bruer for kontakt, fleire kommunikasjonslinjer. Vi vil fortelje folk i Noreg om Kasakhstan. Det er ein naturleg ting å gjere for kven som helst.

Ambassadøren vil heller ikkje kommentere korleis kontakten med Kjell Magne Bondevik, som Vårt Land skreiv om på tysdag, vart oppretta, eller om andre norske aktørar har teke liknande oppdrag.





Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter