Nyheter

Me kastar mindre mat - men matkasteloven kjem ikkje på bordet

KASTAR 85 KILO: Matsvinnet går ned, frivillig. Ap-statsråd vil ikkje skrote matkasteloven som KrF fekk Stortinget med på. Lovarbeidet har slumra i seks år i departementet.

Me kastar mindre mat i søpla. Christiano Aubert på Matsentralen i Oslo viser kor mykje mat kvar borgar kastar i året, når ein bryt ned den samla mengda: 85 kilo.

Matsvinnet er redusert med ti prosent på fem år, viser Hovedrapport 2020 – Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn, som blei lagt fram i det nordmenn lessa handlekorgene med julemat.

Etter at omfanget og mengda matsvinn er kartlagt i alle sektorar i verdikjeda for mat, kan rapporten fortelje at det blei kasta kring 85 kilo fullgod mat per borgar i 2020.

Samanlikna med 2015 er det ein nedgang på nesten ti prosent.Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) er godt nøgd med utviklinga:

– I Norge har me sett oss eit mål om å halvere matsvinnet innan 2030. Tiltaka i bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn gjer at me kastar mindre mat enn før. Men me må gjere endå meir, seier han til Vårt Land.

Fekk 4.000 tonn mat

Christiano Aubert, dagleg leiar på Matsentralen i Oslo er samd.

– Matbransjen er blitt flinke, særleg dei store aktørane har endra haldning, seier han til Vårt Land.

– No er dei meir opptatt av berekraft og eiga rolle i det grøne skiftet, fortel Aubert, som også er styreleiar i paraplyorganisasjonen Matsentralen Norge.

Åtte sentralar tok i mot nesten 4.000 tonn matvarer i fjor og gjorde det om til åtte millionar måltid.

– Utfordringa er forbrukarane, dei kastar mest, minner Aubert om.

Cristiano Aubert, styreleder i Matsentralen Norge.

Kvarmann kastar mest

Miljødirektoratet har sett nærare på matkastinga. Dette er 2020-tala:

  • 445.350 tonn fullgod mat går rett i søpla.
  • Kvarmann kastar mest, 216.000 tonn og matindustrien nest mest, 86.000 tonn.

Organisasjonen Matvett har rekna ut – med 2019-tal – at matsvinnet, målt i kroner og klima, er høge:

  • Norge kastar mat for nesten 21 milliardar kroner.
  • Alt som blir kasta representerer eit CO₂-utslepp på 1,26 millionar tonn.

Globalt er matkasting eit enormt problem. FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) seier at ein tredel av maten som blir produsert i verda går tapt – målt i volum: kring 1,3 milliardar tonn mat årleg. Og er eit «etisk og moralsk problem».

KrF ivrar for lov

I Norge følgjer ein to spor i arbeidet med matsvinnet: Ein frivillig bransjeavtale og ein eventuell lov; forbod mot matkasting.

I 2016 fremma KrF eit forslag i Stortinget om utgreie behovet for ein matkastelov som skulle påleggje daglegvarebutikkar og matindustri å gje vekk mat dei ikkje får selt.

Stortingets næringskomité støtta forslaget, men Solberg-regjeringa – Høgre og Frp – kasta det i søpla. Det var ikkje naudsynt å lovregulere matsvinnet og innføre forbod.

Men under behandlinga av meldinga «Avfall som ressurs», bad komitéfleirtalet regjeringa likevel leggje fram eit forslag til ein matkastelov. Ein eigen lov kunne få ned matsvinnet i Norge slik at ein oppfyller FNs berekraftsmål, sa Stortinget.

Men lovarbeidet skaut aldri fart. Ei frivillig løysing kom på bordet.

Frivillige løysingar

I 2017 blei Bransjeavtalen signert av fem departement og 12 bransjeorganisasjonar. Gjennom frivillige løysingar skulle matsvinnet gå monaleg ned, sa Solberg-regjeringa:

  • Ned 50 prosent innan 2030.
  • Delmål med 30 prosent innan 2025.

I ei fersk fråsegn frå dei fem departementa som signerte avtalen, seier klima- og miljøminister Barth Eide at «bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn er vårt sterkeste virkemiddel for å få til dette».

– Vi må lære oss å regne på de samlede utslippene av det vi forbruker, sier klima- og miljøminister Espen Barth-Eide (Ap). Arkivfoto: Annika Byrde / NTB

Lovarbeidet held fram

Etter at Venstre gjekk inn i Solberg-regjeringa i 2018 er det partiets klima- og miljøministrar som har hatt ansvaret for lovarbeidet. Men viljen til å arbeide fram eit lovforslag og sende det til Stortinget, har vore veik.

Støre-regjeringas klima- og miljøminister, Espen Barth Eide (Ap), opplyser til Vårt Land at arbeidet med matkasteloven held fram, men han vil ikkje seie noko om tempoet framover.

– Regjeringa er opptatt av å sjå bransjeavtalen og andre verkemiddel, som til dømes ein eventuell matkastelov, i samanheng når vi no skal styrke arbeidet ytterlegare for å nå målet om å halvere matsvinnet innan 2030.

Kjell Ingolf Ropstad, miljøpolitisk talsmann i KrF, seier til Vårt Land at partiet er stolt over å ha fått gjennomslag for matkasteloven. No vonar han på Støre-regjeringa:

– Me har pressa på for å få på plass denne loven heile vegen, og me forventar at Støre-regjeringa fullfører det arbeidet som blei sett i gang i vår regjeringstid.

Ropstad seier loven skal sikre at fullgod overskotsmat skal bli gitt vekk framfor å bli kasta.

Utfordringa er forbrukarane, dei kastar mest

—  Christiano Aubert, styreleiar i Matsentralen Norge

Kasta litt

Christiano Aubert i Matsentralen meiner Norge må få ein matkastelov.

– Han trengst, og han må byggje på bransjeavtalen og styrkje arbeidet med å få ned matsvinnet. Men utfordringa blir framleis å få forbrukarane til å kaste mindre, for aktørane i bransjen viser stor vilje til å kaste mindre mat.

– Kor mykje kasta matsentralane av den maten de mottok i fjor?

– Berre 1,32 prosent. Dei åtte sentralane er flinke til å omfordele store parti mat. Får ein for mykje, kan andre ta i mot overskot.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter