Nyheter

Endeleg kunne jula syngast inn

JUL IGJEN: For andre gong feirer Noreg julaftan under ein pandemi. Denne gongen kunne store og små stemma med i songen, som i Eksingedalen kyrkje på Vestlandet.

Gradestokken kryp ned mot ti minus når Eksingedalen kyrkje opnar dørene til familiegudsteneste.

Utanfor kyrkjedøra står utflytta eksingedøl Jorill Nese, saman med mor og far.

– No når alt anna er så annleis, er det bra at i alle fall julegudstenesta består, seier ho.

g

Den langstrekte Eksingedalen kveiler seg frå fjord til fjell, og ligg i Vaksdal kommune i Vestland. Den fem mil lange dalen startar ved Eidsfjorden og går opp til Gullbrå, 600 meter over havet.

Det er ein fast tradisjon for Jorill Nese å gå i kyrkja på julaftan. I fjor synest ho ting var meir annleis, då det var song-forbod på grunn av smittevernomsyn.

– Far min var forsongar, medan me andre berre fekk sitja å høyra på. Det var litt rart. No blir det kjekt å koma inn og synga julesongar, treffa folk og høyra julebodskapen.

Den viktige songen

d

Ved alteret denne dagen står ei flaske Antibac og eit svart munnbind. Det minner om den spesielle situasjonen Noreg er i, når me no feirar jul for andre gong under korona-pandemien.

– Song og musikk er viktig i livet og i jula. Songane hjelper oss å hugsa kva som skjedde i jula. Og songen var det englane brukte for å formidla julebodskapen, sa sokneprest Frode Kvamsøe under preika.

For Kvamsøe er det ein trøyst at me denne gongen kan synga songane saman. Han trekte fram «Det lyser i stille grender» av Jakob Sande i preika, diktet som i år feirar 90-årsjubileum.

Salmen fekk plass i programmet saman med andre kjære julesalmar.

Organist Ruben Gjertsen spela frå fleire klassiske stykke, i tillegg opptredde mor og dotter Mari Odland Trefall (fiolin) og Ingrid Trefall (piano), og eit livleg barnekor fekk fram smilet hjå dei fleste i kyrkja.

Tek ein ekstra for laget

c

Julaftan er ein hektisk dag for Noregs prestar, og ikkje minst under ein pandemi.

Sokneprest i Vaksdal Frode Kvamsøe har tre gudstenester denne dagen, som er ein meir enn vanleg.

Først leiar han gudstenesta i Eksingedalen, før han køyrer nesten 6 mil til Vaksdal kyrkje, der han held to gudstenester. Med to gudstenester blir det plass til fleire med dagens pandemi-avgrensingar.

– Det blir ein lang dag, seier han til Vårt Land.

Hyller innsatsen til lokale i Kyrkje-Noreg

I midten av desember kom ein ny smittevern-rettleiar for Den norske kyrkja. Den børsta støv av velkjende tiltak som ein-meteren, makstal på deltakarar, påbod om munnbind og registrering.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet seier til Vårt Land at mange no er slitne av korona-situasjonen i Kyrkje-Noreg.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.

I mange kyrkjer, som på Vaksdal, blir det halde fleire gudstenester i løpet av dagen. Slik blir fleire sikra plass i kyrkja på julaftan.

Ingrid Vad Nilsen hyller lokale krefter som har stått på for at det blir gudsteneste rundt om i landet.

Kyrkjene kan ikkje vera stengt i jula, det er då me treng håp.

—  Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet

– Eg er utruleg imponert over at folk står på og tek ein for laget. Så er det noko med jula. Kyrkjene kan ikkje vera stengt i jula, det er då me treng håp.

Frå kyrkjevandring til stadion-gudsteneste

Den norske kyrkja har ikkje oversikt over kor mange julegudstenester som blir haldne på julaftan.

– Det blir fleire gudstenester i år enn i fjor. Men normalt blir det langt frå. Eg håpar det blir siste gong med slike smitteverntiltak, seier Ingrid Vad Nilsen.

Kyrkjeråd-direktøren seier det er stor variasjon i kva som skjer rundt om i landet på julaftan.

– Det skjer utruleg mykje forskjellig. Alt frå utegudstenester og kyrkjevandringar til gudstenester på fotballstadion, seier ho.

Som på Austlandet, der Mjøndalen kyrkjelyd samarbeiderer med fotballklubben MIF om å bruka stadion til julegudsteneste.

m

Fortviler over maksgrense på 20

Alle som ville til gudsteneste i Eksingedalen kyrkje på julaftan, fekk plass.

Slik er det ikkje alle stader i landet. I Oslo fortviler sokneprest Knut Rygh over at han berre kan ta i mot 20 menneske om gongen til julegudsteneste i Sagene kyrkje.

Til Sagene avis fortel han at sidan dei held ei kontinuerleg gudsteneste frå klokka 14 til 17, er det lov med maks 20 personar om gongen. Dette blir rekna som ei «vandrande» gudsteneste. For arrangement med tilvist plass, er grensa på 50.

Knut Rygh trekk parallellar til kaffibaren rett ved kyrkja, og seier at det verker «veldig underleg med så forskjellige reglar», slik at det er lov å vera fleire på kafé enn i kyrkja.

Glad for at prestane står på

I Eksingedalen kyrkje er gudstenesta ferdig og folk tek på seg vinterjakke og munnbind og går ut i kulda.

r

Jorill Nese fortel at ho er glad for at prestane står på ekstra no i jula, så alle får plass i gudstenestene.

– Det er sikkert mange som ikkje går i kyrkja i jula fordi dei tenker det er viktigare for andre å gå. Me venta lengst mogleg med å melda oss på, så me ikkje skulle ta plassen til andre som ville.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter