Nyheter

Agder-kommune deler ut matkassar og gåver

JULEHJELP: Denne jula får rundt ti familiar i Bykle matkassar og gåver levert på døra av kommunen.

Jula er ei tøff tid for mange. Det prøver Bykle, den nordlegaste kommunen i Agder, å bøta litt på. Denne veka deler kommunen ut kassar med julemat, godteri og gåver til folk som har bedd om hjelp.

– Folk blir veldig takknemlege når eg kjem med maten. Dei seier at dette gjer ein viktig forskjell for dei.

Det seier folkehelsekoordinator i kommunen, Anna Lise Væting. Denne veka har ho handla inn mat og gåver og levert dei på døra.

Ho veit ikkje om andre kommunar som deler ut matkasser til vanskelegstilte. Vårt Land har kontakta KS - kommunesektorens organisasjon, som heller ikkje har høyrt om liknande før.

Ein av fem barn veks opp i låginntekt

Rundt ti familiar i kommunen får slike matkassar, og prosjektet er i samarbeid med Frivillighetssentralen. Bykle har knappe 1.000 innbyggarar.

Ideen kom frå administrasjonen i Bykle kommune. Forslaget fekk støtte frå politikarane, som sende Anna Lise Væting ut på handletur.

– Eg har handla mat for mellom 700 og 1200 kroner per julekasse, etter om mottakarane er einslege eller familie. I tillegg har eg kjøpt inn gåver til barn, der foreldra har bede om det, fortel ho.

I Bykle kommune veks nesten eit av fem barn opp i familiar med vedvarande låginntekt. Det viser tal frå Bufdir. Det er mykje høgare enn på landsbasis, der rundt 11 prosent av barn veks opp i låginntekt.

Det er opp til folk å sjølv bestemme om dei har behov for hjelp. Det einaste me har spurt om, er kva mat dei ønsker seg til jul.

—  Anna Lise Væting

Dyr straum og kald vinter

Sjølve julaftan melder Yr at det kan bli nedi 18 minusgrader i Bykle. Dei høge straumprisane har gjort vinteren ekstra tøff for mange i kommunen.

– Mange har enormt dyr straumrekning for tida. Matkasser og gratis gåver kan vere eit godt supplement om ein har skral inntekt, seier Anna Lise Væting.

Kilden til rikdommen er blant annet Agder Energis kraftanlegg i Otra. Her fra Vatnedalsdammen i Bykle i Setesdal.  Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Bykle kommune har frå før vedteke å gje alle innbyggarar 3000 kroner i straumstøtte.

Alle som ber, skal få

Alle som har bede Bykle kommune om matkassar, har fått det, opplyser Anna Lise Væting.

Folk treng ikkje å oppgje grunnen til at dei treng hjelp.

– Det er opp til folk sjølv å bestemma om dei har behov for hjelp. Det einaste me har spurt om, er kva mat dei ønsker seg til jul.

Kommunalt tilsette deler ut mat

Kommunar tyr til ulike metodar for å hjelpa fattige, viser fleire avisoppslag den siste tida.

Ein hjelpeorganisasjon i Kristiansand fortel at halvparten av førespurnadane dei får om gratis matkassar, kjem frå kommunen. Det melder Fædrelandsvennen.

I Bergen opplevde ein frivillig organisasjon for første gong å bli kontakta av kommunale etatar og barnevernet som ber dei hjelpa fattige familiar, har Vårt Land meldt.

I helga omtala Klassekampen prosjektet «Gi en jul». Her bruker tilsette i det kommunale Nav og Barnevernet fritida på å køyra ut juleesker med gåver og mat til folk med lite pengar.

Manglar frivillige organisasjonar

Folk som har problem å dekka dei mest nødvendige utgiftene, skal i utgangspunktet få sosialhjelp frå Nav.

– Gjer ikkje du jobben Nav skulle gjort, Anna Lise Væting?

– Nokon av dei som får matkassar, er kanskje Nav-brukarar. Men mange av dei er ikkje det. Det er folk som synest det hadde vore godt å få litt ekstra.

Ho legg til at Bykle heller ikkje har frivillige organisasjonar som Frelsesarmeen, som står for matutdeling andre stadar i landet.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter