Utsending av norske soldatar til terrorherja Mali utsett

MALI: Eit land herja av islamistisk terror. Ei regjering som vurderer leigesoldatar. Ein regjeringshær som drep fleire sivile enn opprørarar. Hit skal Norge sende soldatar.

Mali CrisisKUPPLEIAR: To gonger har oberst Assimi Goita (midten) kuppa til seg makta i Mali, i august i fjor og i mai i år. No er han president i landet.(Foto: NTB/AP)
Publisert Sist oppdatert

Oppdraget er av det utfordrande slaget:

«Denne operasjonen er sentral for å hindre at militante islamistgrupper skal få ytterligere fotfeste i Sahel», sa dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen då Solberg-regjeringa i juli kunngjorde at Norge skal sende eit «mindre antall soldater» og to stabsoffiserar til det vestafrikanske landet Mali.

Soldatane skal inngå i EUs militære operasjonen Takuba, som skal «håndtere de økende sikkerhetsutfordringene, spesielt fra ISIL i Sahara», ifølgje Forsvarsdepartementet (FD).

Støre-regjeringa stiller seg bak avgjerda frå i sommar.

Ut av Afghanistan, inn i Mali

Varselet om Mali-oppdraget kom vel to veker etter at dåverande statsminister Erna Solberg tok i mot dei siste norske kampsoldatane som blei henta heim frå Afghanistan: «Vi har lært at konflikt kan ikke løses militært», sa ho mellom anna i helsingstalen på Gardermoen.

Då Frankrike og Mali spurde om norsk bidrag til Takuba i januar i fjor, kom Solberg-regjeringa fram til at svaret blei nei. For det var ikkje fleirtal i Stortinget for å sende ein større norsk styrke, 100-120 soldatar, til Mali.

Men då styrken blei kraftig redusert, og innlemma i det svenske bidraget til Takuba, snudde Ap og støtta Mali-oppdraget.

Norske spesialsoldatar har vore i Sahel-regionen tidlegare, då som deltakarar på den årlege Flintlock-øvinga, har Vårt Land fortalt.

«Løysinga er ikkje militær»

– Er det lurt av Norge å sende soldatar dit?

Tor Arve Benjaminsen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og ekspert på jihadist-opprøret i Mali, svarar Vårt Land:

– Eg er i tvil, men utanlandske soldatar til Mali kan ha noko for seg, dei kan betre tryggleiken. Men løysinga er ikkje militær. Freden i Mali blir vunnen ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka. Men så lenge Frankrike seier nei til forhandlingar med opprørarane, blir ikkje dette alternativet prøvd ut.

Frankrike har sidan opprøret starta i 2012 hatt store styrkar i Mali, men har ikkje evna å vinne militær kontroll.

Løysinga er ikkje militær. Freden i Mali blir vunnen ved forhandlingsbordet, ikkje på slagmarka

Tor Arve Benjaminsen, professor Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

  • Sahel er den biogeografiske og klimatiske overgangssona som ligg mellom Sahara i nord og det sudanesiske savannebeltet i sør.
  • Det arabiske ordet sahil tyder strand eller kyst, og ein kan tenke på Sahel som den sørlige bredda for sandhavet i Sahara.
  • Det er tynt med folk i området. Tradisjonelt har dei fleste vore nomadar.
  • Væpna konflikter, dramatiske klimaendringer og få høve til utdanning og arbeid er ein del av kvardagen for mange i regionen.
  • Konfliktnivået mellom ulike grupper i regionen aukar. Risikoen er stor for at den negative trenden vil halde fram i åra som kjem.

Departementet ventar

I juli opplyste FD at dei norske soldatane skal «være på plass i Mali i løpet av høsten, og trekkes tilbake sammen med den svenske styrken i 2022».

Hausten er bak oss og snart er det 2022 – og ingen norske soldatar har landa i Mali. FD forklarar i ein e-post til Vårt Land kvifor:

«I påvente av enighet med maliske myndigheter om en avtale som gir det norske personellet tilstrekkelig rettslig vern er det norske bidraget p.t. ikke deployert.»

Kupp og konflikt

Tilhøva i Mali er svært urolege og lite oversiktlege.

I august i fjor tok ein militærjunta makta i eit kupp – og i mai i år tok kuppleiaren sjølv, obersten Assimi Goïta, makta frå han som blei president etter augustkuppet og utropte seg til statssjef.

Mali – og regionen landet ligg i, Sahel – er heimsøkt av kriser og konfliktar. Verdssamfunnet kjempar mot eit troll med mange hovud i Sahel-regionen, der militante islamistar med band til både al-Qaida og IS herjar i fem land.

Seinast førre fredag blei minst 30 menneske drepne etter at jihadistar gjekk til åtak på ein buss i nærleiken av byen Bankass, sentralt i Mali.

– Kven er opprørarane, Benjaminsen?

– Dei er for det mest bønder og nomadar frå nord som kjenner seg urettvist handsama av ein korrupt elite i Bamako, medan leiarane er valdelege jihadistar.

Mali

  • Republikk i Vest-Afrika, tidlegare fransk koloni.
  • Folketal på rundt 18 millionar.
  • Opprør i 2012, væpna grupper i nord ønskte ein eigen stat, Azawad.
  • Frankrike har hatt soldatar i landet sidan 2012, no tek ein EU-styrke over, Takuba.
  • Takuba har 400 soldatar frå Frankrike, Belgia, Danmark, Estland, Italia, Nederland, Portugal, Sverige og Tsjekkia.
  • Norge skal sende soldatar via det svenske bidraget.

Treng omfattande hjelp

Hittil i år er kring 1.500 sivile blitt drepne i sentrale Sahel, som er landa Burkina Faso, Mali og Niger. 2,1 millionar menneske er blitt internflyktningar i dei tre landa – og rekordmange, 14,4 millionar treng humanitær hjelp.

Opprøret braut ut nord i Mali og har sidan spreidd seg sørover i landet og til nabolanda Niger og Burkina Faso. Dei sentrale delane av Mali er i dag eit episenter for konfliktane som herjar Sahel.

Vurderer leigesoldatar

I Forsvarsdepartementet i Oslo ser dei også med uro på meldingar om russiske leigesoldatar til Mali.

I september blei det avslørt at regimet i Bamako forhandla med leigesoldatar frå det russiske tryggingsselskapet Wagner om å nedkjempe islamistgrupper. Mali skal ha etterspurt så mange som 1.000 leigesoldatar.

Danmarks forsvarsminister varsla at den danske styrken reiser heim frå Takuba om russarane kjem:

– Me samarbeider ikkje med leigesoldatar. Det er heilt uakseptabelt, sa forsvarsminister Trine Bramsen.

Norges dåverande forsvarsminister, Frank Bakke-Jensen, sa seg samd.

Drep sivile

Den maliske hæren, som Norge skal hjelpe i krigen mot islamistisk terror, er prega av brutalitet, særleg mot sivile.

Nyhendebyrået The New Humanitarian melde i august at Malis regjeringshær drap fleire sivile enn jihadistar i 2020. Sidan opprøret braut ut i 2012, har kring 10.000 sivile mista livet.

Menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch har ved hjelp av augevitne kartlagt ei lang rekkje drap på sivile, utført av maliske soldatar.