Nyheter

– Vi kan bruke skjøn, seier Nav. – Det har vi ikkje sett mykje til, svarar John Sylte

NAV: Vi har rett og plikt til å bruke skjøn, seier Nav. Men for John Sylte og mora Marit har møtet med etaten vore utmattande.

Nav-kontoret har både rett og plikt til å gjere skjønsmessige vurderingar i kvar enkelt sak, skriv Nav til Vårt Land.

– Dette skjønet ser vi ikkje mykje til, svarar John Sylte.

– Men det spørst jo kor ein legg lista for kva det vil seie å klare seg. Dersom det berre er at du skal sleppe å liggje på gata, så gjev det kanskje meining.

Vårt Land skreiv om John Sylte og mor hans, Marit Vatne, i førre veke. Ho vart tidleg arbeidsufør på grunn av kronisk sjukdom. Når ho no har nådd pensjonsalder, får ho ein minstepensjon som ikkje er til å leve av.

Vårt Land har spurt Nav om det finnast rom for skjøn for minstepensjonistar som slit med å få økonomien til å gå rundt.

Svaret vi har fått på e-post frå Nav, er at sosialstønad er den det siste tryggleiksnettet, som er meint å sikre nødvendig livsopphald til dei som ikkje har midlar til å sørgje for seg sjølve.

I vurderinga av om søkjaren skal få stønad, skal det blant anna takast omsyn til inntekter, utgifter og søkjaren sine personlege tilhøve og livssituasjon, skriv dei.

Både ho og sonen trudde det offentlege vil hjelpe til i denne situasjonen, men møtet med Nav var audmjukande.

— Sakshandsamaren hos Nav sa, «du har ikkje mykje pengar å leve for, du. Men eg kan ikkje gjere noko for deg», fortalde Marit til Vårt Land.

Marit Vatne og John Sylte

— Ho blir straffa for å gjere alt rett

— Det eg reagerer på er at ho blir straffa for at ho hadde sett av ein liten buffer på ein konto frå tidlegare. Ho sløsar ikkje med pengar, ho gjer alt rett, og likevel får ho ingenting, seier John.

Han viser til at det er vanleg å gje råd om å ha ein liten buffer på konto, slik at ein er i stand til å klare seg om det det dukkar opp ei uføresett utgift. Men hos Nav vart denne bufferkontoen nytta som grunn for at Marit ikkje kunne få hjelp, fortel sonen.

— Ho ber ikkje om mykje pengar. Ho ber ikkje om meir enn at ho kan ha råd til å besøkje barnebarna sine på Austlandet av og til, og at ho skal sleppe den vonde klumpen i magen.

Alle midlar kan vere med i vurderinga

Nav vil ikkje ta stilling til den konkrete saka til Marit, på grunn av teieplikta.

På generelt grunnlag skriv dei at det kan takast omsyn til alle former for inntekter, forsørging, ytingar, stønad og eigne midlar som mottakar har, eller har tilgang til, i vurderinga av om det skal ytast sosialstønad, og storleiken på denne stønaden.

Det blir vidare vist til dømer på situasjonar der søkjaren kan få stønad før alle andre økonomiske moglegheiter er nytta. Dette kan vere til dømes medan vedkommande ventar på ei lønsutbetaling eller på ei avgjersle om hjelp frå ei anna ordning. Men for Marit finst det ikkje andre ordningar att å søkje om, utanom sosialstønad.

— Eg sende dei eit skriv som forklarte situasjonen til mor mi, om sjukdomshistoria og den økonomiske situasjonen. Men det hjelpte ikkje i det heile tatt, seier John.

— Vi fekk jo eit lite håp då ho vi prata med hos Nav innrømte at ho mamma har frykteleg lite å leve for. Men det hjelpte jo ikkje. Ho fekk ingenting.

Byråkrati og skjemavelde

I e-posten til Vårt Land skriv Nav også at dei skal tilby økonomisk råd og rettleiing.

– Det gjer dei ikkje. Dei held seg til skjema som vi må fylle ut, seier John.

Han skildrar prosessen som veldig byråkratisk.

– Det er vanskeleg å møte folk. Det er eit utmattande system. Dei som må møte dette systemet aleine har ikkje mykje å stille opp med. Dei blir berre stille.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter