Nyheter

Elisabeth Løland blir assisterande generalsekretær i KrF

NY JOBB: Frå og med fredag er ikkje Elisabeth Løland lenger kommunikasjonssjef i KrF. Ho går inn i den nyoppretta stillinga som assisterande generalsekretær. – Vi ønskjer auka kapasitet på leiing, seier ho til Vårt Land.

Stillinga som assisterande generalsekretær har ikkje eksistert i partiet tidlegare, men etter eit skuffande valresultat, ei uventa leiarkrise og ein krevjande haust med mykje negativ merksemd, vel KrF no å rigge om styrkane sine fram mot neste valkamp.

– Vi ønskjer auka kapasitet på leiing inn i den prosessen som partiet no skal gjennom. Vi skal kjempe ein kamp fram mot vala i 2023 og 2025, seier Løland, som har første dag i ny jobb allereie denne fredagen.

Omrokering

Den nye jobbtittelen til Løland er del av ei større omrokering av strukturen på partikontoret. Det bli Julie Kristine Kordahl som overtek det øvste ansvaret for kommunikasjon i partiet.

Ho gjekk nyleg frå å vere statssekretær i Barne- og familiedepartementet til å bli ny sekretariatsleiar på Stortinget. No skal ho kombinere denne rolla med å leie kommunikasjonsarbeidet i KrF, og ho får tittelen leiar for politikk og kommunikasjon.

Det blir altså ikkje lenger ein eigen kommunikasjonssjef i partiet, så sjølv om stillinga som assisterande generalsekretær er ny, så blir det ikkje fleire tilsette på partikontoret, totalt sett.

Arendalsuka 2021.

KrFs partitime i Arendal.

Mykje å kommunisere

– Når KrF ikkje lenger skal ha eigen kommunikasjonssjef, men legg dette ansvaret saman med ansvaret for politikkutviklinga – reflekterer det eit behov for å finpusse politikken før partiet skal byrje å kommunisere?

– Vi har mykje å kommunisere! Men jobben mot neste val handlar både om å utvikle politikk, og det handlar om å kommunisere politikk. Då er det naturleg å samle desse to oppgåvene under éin leiar, seier Løland.

Ho vedkjenner også at det ligg ein stor jobb for partiet fram mot lokalvalet. Partiet har mista både veljaroppslutnad og medlemmer sidan sist dei gjekk inn i eit lokalval. Å stille lister i kommunevalet i heile landet, slik at veljarane i det heile tatt skal ha moglegheit til å stemme på KrF, blir ei viktig utfordring, seier ho.

– Vi har ein del kommunestyre med ein representant. Då er det veldig viktig for oss å halde på den eine representanten, slik at vi er til stades over heile landet.

Optimisme i gangane

Ho understrekar at sjølv om fokuset ofte er på neste stortingsval i media, så er det å reise seg i lokalvalet minst like viktig for KrF.

– Har partiet no lukkast med å leggje bak seg eit dårleg val, oppstyret i media og leiarstriden? Ser KrF framover no?

– Når eg gjekk rundt i gangane og høyrde på kva folk snakka om på landskonferansen førre helg, så høyrde eg lokale tillitsvalde som snakka om å sette ned valkamputval allereie no. Eg trur folk er kjempeklare for å komme i gang med å reise partiet igjen, seier den nye assisterande generalsekretæren.






Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter