Nyheter

Etiopias president ber hovedstadsfolket ta til våpen

ETIOPIA: Den tigrinske hæren si framrykking mot Addis Abeba kan bety at verdssamfunnet kan få stoppe den desperate sveltekatastrofa i Tigray, ifølge Etiopia-ekspert. Men det kan også gå frå vondt til verre.

– Det er ein ekstremt alvorleg situasjon, seier seniorforskar Jon Harald Sande Lie i Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) til Vårt Land.

Han snakkar om den tilspissa situasjonen i Etiopia, der hæren til Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF) sidan juni i år har vore på frammars i kampane mot etiopiske regjeringsstyrkar.

Ifølgje NTB skal dei tigrinske styrkane nyleg ha vunne to strategisk viktige byar i Amhara-provinsen, nord for den etiopiske hovudstaden Addis Abeba.

Kva som no vil skje er høgst uvisst, meiner Sande Lie.

– Om tigrinske styrkar tek Addis Abeba og statsminister Abiy Ahmed forlèt landet, så er ikkje krigen over av den grunn. I verste fall kan det føre til ei enorm eskalering av den humanitære situasjonen.

17 år gamle Haftom Gebretsadik mistet hånden i et artilleriangrep fra etiopiske regjeringsstyrker i Tigray i mars. Foto: AP / NTB

Ekstrem brutalitet

Rapportar frå FN viser at konflikten mellom dei etiopiske regjeringsstyrkane og opprørsstyrkane i den nordlege provinsen Tigray, har vore prega av ekstrem brutalitet frå begge sider.

Den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed er også skulda for medvite å ha blokkert tilgang til mat og anna livsnødvendig hjelp til Tigray-provinsen. Då verdssamfunnet utfordra han på dette, kasta Abiy ut FNs nødhjelpskoordinator frå landet.

– Fleire vil hevde at det som har gått føre seg i Tigray – ei medviten utsvelting av ei heil befolkning – er folkemord, seier NUPI-forskar Sande Lie til Vårt Land.

Når Abiy Ahmed sine regjeringsstyrkar no ser ut til delvis å ha kollapsa, så er det håp for at den akutte humanitære katastrofen i Tigray kan stoppast, men krisa kan komme til å flytte seg til andre stader, seier han.

Abiy Ahmed Ali og hans kone hilser til publikum fra balkongen på Grand Hotel tirsdag kveld

Frå Nobel til sveltekatastrofe

Mindre enn eitt år etter at Abiy var i Oslo og tok imot Nobels fredspris for å ha skapt fred mellom Etiopia og den historiske fienden Eritrea, sette den etiopiske leiaren i gong ein stor offensiv mot provinsen Tigray, nord i landet.

Jon Harald Sande Lie. Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

Offensiven var eit direkte motsvar til at TPLF hadde teke kontroll over ein regjeringsstyrt militærbase utanfor provinshovudstaden Mekele.

Med hjelp frå eritreiske styrkar lukkast det først Abiy å få kontroll over store delar av provinsen, inkludert Mekele.

Men i juni i år vann TPLF tilbake provinshovudstaden, og etter kvart store delar av provinsen. No har kampane flytta seg ut av Tigray, og inn i naboprovinsane Amhara og Afar.

Men trass i at tigrinske styrkar no er på offensiven, så har dei framleis ikkje lukkast med å opne opp ein korridor som gjer det mogleg å få tilstrekkeleg med naudhjelp inn til ei befolkning som no lid under ekstrem svolt.

Ifølgje NTB har FN i juli i år anslått at 400.000 menneske er i ferd med å svelte i hel i Tigray. I perioden juli til midten av oktober var det til saman 900 lastebillass med naudhjelp som lukkast med å nå fram til dei svelteramma områda. Ifølgje FN er behovet for naudhjelp 100 lastebilar kvar dag.

---

  • TPLF hadde makta frå 1991 til 2018, då Abiy Ahmed blei statsminister
  • TPLF har sidan dét styrt Tigray-provinsen som ein stat i staten, og i 2020 trassa dei Abiy sitt forbod mot å halde val i regionen
  • I november 2020 tok soldatar frå TPLF kontroll over ein militærbase utanfor Mekele, og sikra seg store mengder våpen
  • Abiy svarte med ein stor militæroffensiv, og vann i første omgang provinshovudstaden av Mekele, og fekk kontroll over det meste av Tigray-provinsen
  • I juni i år vann TPLF tilbake Mekele, og dei har sidan det vunne tilbake store delar av Tigray.
  • Kampane har no bevega seg ut av Tigray til naboprovinsane Amhara og Afar. Nyleg vann TPLF dei strategiske viktige byane Dessie og Kombolcha
  • TPLF kan no både lukkast med å opne ein korridor gjennom Afar til nabolandet Djibouti, og dei er nær å nå fram til hovudstaden Addis Abeba

---

Hatprat og folkemilits

Sande Lie fryktar korleis det vil gå føre seg om TPLF når heilt fram til den nasjonale hovudstaden Addis Abeba. Ifølgje NTB føregår det no massearrestasjonar av folk frå Tigray-regionen i byen, og Abiy har gått ut og bedd sivilbefolkninga væpne seg og gjere seg klar til å gjere motstand.

– Det blir spreidd hatprat i lokale medium. Abiy sjølv har vore på radioen og sagt at «vi skal gravleggje tigrinarane i vårt blod». Når han ber sivilbefolkninga om å ta til våpen, så er det i realiteten ei innrømming av kollaps, seier han.

Han understrekar at sjølv om Abiy sine regjeringsstyrkar kanskje kan bli nøytralisert om det blir eit maktskifte i Addis Abeba, så er det framleis mange militære grupper i andre regionar som kan komme til å ta konflikten vidare.

Han peikar blant anna på den tungt væpna, kamptrente regionale militsen i Amhara. Denne provinsen kan fort bli sittande igjen med svarteper om Abiy mister makta.

Amhara har hatt ein lengegåande grensekonflikt med Tigray, og hadde håpa på å vinne delar av vestlege Tigray som dei ser på som sine område. No blir det i staden dei som kjem på defensiven mot Tigray og deira allierte i sør.

– Dette er ei kjelde til spenning i lang tid framover. Og samstundes sit Eritrea sine styrkjer på grensa. Dei har byrja å grave skyttargraver og ventar på kva TPLF kjem til å gjere vidare, seier Sande Lie.

Demonstrasjon mot TPLF i Addis

Nytt regime

Den erfarne Etiopia-eksperten Kjetil Tronvoll, professor i freds- og konfliktstudier ved Oslo Nye Høyskole, har sagt til Bistandsaktuelt at han trur det berre er veker eller dagar til TPLF tek Addis Abeba.

Han er einig med Sande Lie om at krigen neppe er over når dette eventuelt skjer, men han trur der finst aktørar som kan lukkast med å få på beina eit fungerande overgangsregime i landet.

– Det finst ein laus allianse av regionale aktørar som kan danne eit regjeringsgrunnlag for eit nytt overgangsregime i Addis. Men det er inga enkel sak. Sjølv om dei truleg vil seie at dei vil styre etter Etiopias noverande konstitusjon, så vil ei slik maktovertaking bli sett på som eit kupp, seier han til Vårt Land.

Til sak om trusler mot Tronvoll

Han trur på TPLF når dei seier at dei ikkje har nokon ambisjonar om å vinne makta i heile landet. I kampane dei siste vekene har tigrinarane gått inn i ein allianse med ei opprørsgruppe frå oromo-folket (OLA), som truleg vil danne noko av ryggrada av ei ny regjering i den etiopiske hovudstaden.

– Vil ei slik regjering få noko folkeleg støtte?

– Det er inga regjering i Addis som har folkeleg støtte, så det er irrelevant. Det har ikkje vore ei regjering med folkeleg støtte i Addis på 2000 år, seier Tronvoll.

– Kan vere med på å leggje press

Fredag 5. november klokka 16 norsk tid, gjekk Tryggingsrådet, der Noreg for tida sit, inn i et møte kor Peace in security in Africa var eit av temaa som skulle diskuterast. Før møtet svarte statssekretær Henrik Thune at det var svært viktig at situasjonen i Etiopia blei tatt opp på møtet, då han fekk spørsmålet om kva Noreg ønskte å oppnå på møtet.

– Situasjonen i landet er no svart alvorleg. Hovudbodskapen vår er at konflikten må trappast ned med ein gong. Ein kamp om hovudstaden Addis Abeba kan få katastrofale konsekvensar for millionar av sivile. Medlemane i Tryggingsrådet kan vere med på å leggje press på alle partar i konflikten for å trygge ei rask våpenkvile.

Han skreiv òg til Vårt Land at Noreg ville gjenta bodskapen sin om behovet for full og uhindra humanitær tilgang og vern for sivile.

– Det er òg avgjerande at det blir lagt til rette for ein framtidig inkluderande, nasjonal dialog og forsoning.

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Mer fra: Nyheter