Nyheter

Drapa i Kongsberg: – Openberr svikt i politi og helsevesen

SYSTEMSVIKT: Når personar som er psykisk sjuke ikkje får behandling før dei utfører vald, så er det ein alvorleg svikt i samhandlinga mellom politi og helsevesen, meiner Jill Arild i Mental Helse. Dei som lagar lovene skjønar ikkje kor sjuke folk kan vere, seier rettsspykiater Randi Rosenqvist.

– Dei som ikkje skjønar sjølv at dei er sjuke, går rundt og er ubehandla. Dette er noko eg har snakka om i 25 år, seier psykiater Randi Rosenqvist.

Etter at ein mann drap fem personar i Kongsberg sentrum i førre veke, er spørsmålet om bruk av tvangsbehandling i psykiatrien blitt aktualisert. Politiet si hovudhypotese no er at bakgrunnen for drapshandlingane er psykisk sjukdom, og mannen er blitt teken hand om av helsevesenet.

Randi Rosenqvist

Behandling først i fengsel

Rosenqvist har lang røynsle som rettspsykiatrisk sakkunnig, og jobba i 11 år som rådgjevar på Ila fengsel.

– Mange av dei eg har møtt i fengselet har gått heile livet utan å få eit tilbod. Først når dei gjer noko kriminelt og hamnar i fengsel får dei det, seier ho.

Rosenqvist meiner har skjedd ei systematisk nedbygging av helsetilbodet for dei alvorleg psykisk sjuke over dei siste tjue åra.

– Dei seinare åra er autonomi er blitt eit så altoverskyggande mål at dei som ikkje maktar å leve eit autonomt liv, blir tvungne til å ta ansvar for eitt eige liv.

---

Kongsberg-drapa

  • I sekstida onsdag kveld vart politiet varsla om at ein mann skaut med pil og boge på folk i Kongsberg sentrum
  • Fem personar vart drepne, og tre skada som følgje av angrepet. Dei skada er no utskrivne frå sjukehus.
  • Espen Andersen Bråthen (37) er sikta i saka.
  • Bråthen er dansk statsborgar, men er fødd og vaksen opp i Noreg.
  • Det har tidlegare komme fleire bekymringsmeldingar om 37-åringen, som for fleire år sidan konverterte til islam.
  • 37-åringen har vore i kontakt med helsevesenet fleire gongar. Han skal vurderast av rettspsykiatriske sakkunnige.

Kjelde: NTB

---

Fengsel er einaste løysing

– Kriminalomsorgen er den einaste omsorga som har ei legitim låst dør. Det er ille at vi ikkje har andre tvangsheimlar enn fengsel. Dei som lagar lovene skjønar ikkje kor sjuke folk kan vere, seier Rosenqvist.

Ifølgje VG er det i mellom 30 og 45 prosent av alle meldte drap og drapsforsøk sidan 2016, anten symptom på, mistanke om eller allereie diagnostisert psykisk sjukdom hos gjerningspersonen. Dette er henta frå politiet si trugselvurdering for 2021.

Ifølgje Politidirektoratet har talet på oppdrag knytt til psykiatri auka frå 37.130 oppdrag i 2016 til 53.219 oppdrag i fjor.

Dersom omgjevnadane merkar seg at ein person er ustabil og oppfører seg påfallande, så er det mogleg å kontakte politi eller kommunelegen, som kan krevje vedkommande tvangsinnlagt for undersøking. Tidlegare kunne også pårørande legg inn kravsmål om ei slik tvangsundersøking, men dette vart fjerna i 2007.

– No skjer slike kravsmål nesten aldri. I psykiatrien blir ein overraska når det kjem pasientar til dei på den måten, seier Rosenqvist.

Jill Arild, Mental Helse

– Alkohol utløyser flest drap

Leiar i Mental Helse Jill Arild er ikkje overraska over at hendinga i Kongsberg har ført til auka trykk på spørsmålet om tvang i psykiatrien.

– Det er synd. Vi har ikkje noko tru på at meir bruk av tvang er løysinga.

Ho etterlyser meir og tidlegare intervensjon for psykisk sjuke personar som kan vere utagerande. Dei som er psykisk sjuke må få eit tilbod om behandling tidlegare, meiner ho.

– Alkohol er utan sidestykke det som oftast utløyser vald og drap. Psykisk sjuke som utøver vald er ei veldig lita gruppe, og drapshendingar er sjeldne, seier Arild.

Systemsvikt

Ho meiner saker som den i Kongsberg er teikn på ein alvorleg systemsvikt.

– Vi ser at så snart politiet gjev frå seg ei sak til helsevesenet, så legg dei oppfølginga bort.

Ho viser til at gjerningsmannen i Kongsberg faktisk hadde vore i kontakt med rettsvesenet og at han hadde besøksforbod til familiemedlemmar.

– Politiet burde følgt betre med, og så er spørsmålet kva helsevesenet gjer når dei får bekymringsmeldingar frå politiet. Korleis følgjer dei det opp? Det er ein openberr svikt i samhandlinga, seier Arild.

Frårøva livet

Mental Helse kjempa lenge for å få på plass lova om samtykkekompetanse og meiner det ville vere heilt feil veg å gå om det no skulle blir enklare å tvangsinnlegge utagerande personar. Ho er også kritisk til framlegget om å la fleire enn politi og helsevesen krevje tvangsundersøking av personar som kan vere sjuke.

– Når pårørande seier at dei føler seg truga av nokon, så bør politiet sjølvsagt sørgje for at den som er psykisk sjuk får den helsehjelpa som er nødvendig.

---

Samtykke

  • Lova om samtykkekompetanse seier at tvang berre kan brukast mot pasientar som i undersøkingsaugneblinken er så sjuke at vedkommande openbert ikkje er i stand til å forstå kva dei blir bedd om å samtykke til.
  • Lova, som blei innført i 2017 av dåverande helseminister Bent Høie, gjer det vanskelegare å leggje inn pasientar mot sin vilje.
  • I den nye regjeringsplattforma er det lagt inn ei formulering om at lova om samtykkekompetanse skal evaluerast. Dette stadfesta også helseminister Ingvild Kjerkol tidlegare denne veka.

---



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter