Nyheter

Stor jordmormangel i kommunar og på sjukehus - privatklinikkar tilbyr over millionen i løn

GRAVIDTILBOD: 25 private klinikkar kan tilby gravide blodprøva NIPT og tidleg ultralyd. Jordmorforeninga åtvarar mot offentleg utarming, for private lokkar jordmødre med millionlønningar.

ultra

– Det er krise i det offentlege jordmortilbodet, seier Kari Aarø, leiar i Den norske jordmorforening, til Vårt Land.

Sjukehusa manglar kring 200 jordmødre. Kommunehelsetenesta manglar opp mot 400, fortel Jordmorforeningas kartlegging.

No blir jordmorkrisa forsterka av private klinikkar som jaktar ultralydjordmødre:

«De blir nå tilbudt over 1 million i lønn i det private markedet i Oslo, noe som jo vil føre til at det offentlige vil bli tappet for ultralydjordmødre, og de er det jo få av i utgangspunktet», skriv Aarø i ein epost til Helsedirektoratet.

Etter lønsoppgjeret i fjor tener jordmødre med ti års ansiennitet minst 548.000 kroner.

Klinikkar får løyve

Helsedirektoratet opplyser til Vårt Land at til 25 private klinikkar, eigd av 18 selskap, har fått løyve til å tilby blodprøven NIPT og tidleg ultralyd. NIPT kan avdekkje trisomi 13, 18 og 21 hjå fosteret. Dette er kromosomavvik som kan gje store funksjonshemmigar.

Klinikkar som skal tilby desse fosterdiagnostikktenestene må anten ha tilsett ein gynekolog eller ei jordmor med ultralydkompetanse.

Og når det tek sju år å utdanne ei ultralydjordmor, seier det seg sjølv at det offentlege blir taparar når private lokkar med høg løn og betre arbeidsvilkår, påpeikar Aarø i Jordmorforeninga.

Vil vere attraktiv

Dr. Dropin i Oslo er ein av klinikkane som kan tilby tidleg ultralyd og NIPT. Dagleg leiar Daniel Sørli skriv i ein epost til Vårt Land at dei er ute i jordmormarknaden:

«Vi har flere dialoger med dyktige fagfolk, men har ikke ansatt noen enda.»

Kva lønsnivå jordmødrene i Dr. Dropin vil ende på, vil ikkje Sørli seie noko om:

«Dette er ikke avklart, da vi går det opp sammen med kandidatene vi er i dialog med», skriv han og legg til at «det skal være attraktivt å jobbe hos oss».

Må kjøpe frå private

Ap, Sv og Frp banka det gjennom i mai 2020: Gravide skal tilbys blodprøven NIPT og tidleg ultralyd, anten i den offentlege helsetenesta eller på private klinikkar.

Vedtaket blei startskotet til ei massiv privat utbygging av fosterdiagnostikk.

Jordmorleiar Aarø fryktar at den offentlege jordmortenesta blir så kraftig tappa at staten må kjøpe tenester frå private klinikkar for å få utført det ordinære ultralydtilbodet til gravide. Alle gravide får i dag tilbod om ultralyd i veke 18.

foster

Fleire karrierevegar

Dagleg leiar Sørli i Dr. Dropin avviser at hans selskap tappar det offentlege for jordmødre:

«Norge har et stort behov for flere sykepleiere og jordmødre, det trengs 100 om ikke 1000 talls over hele landet. Dette må regjeringen sørge for. At et fåtall jordmødre ansettes hos oss og fortsetter å jobbe med pasienter i det daglige, der alternativet i mange tilfeller er at de slutter som helsepersonell mener vi ikke er problemet. Et bredere utvalg av karriereveier kan bidra til å gjøre profesjonen mer attraktiv», skriv han.

Varslar forseinking

Kva så med det offentlege tilbodet?

«Vi erfarer at det er utfordringer med å få alle aktuelle jordmødre og gynekologer gjennom videreutdanning slik at de kan være klare til å ta imot kvinner som ønsker tidlig ultralyd og NIPT i løpet av 1. halvår 2022», varslar fagdirektør Geir Tollåli i Helse Nord i eit brev til Helsedirektoratet. Han leiar interregionalt fagdirektørmøte.

Å utdanne ei jordmor tek seks år. Dei som vil bli ultralydjordmor må ta ei tilleggsutdanning på eitt år.

– Dagens største flaskehals er mangelen på studieplassar. Eit år blir det utdanna 120, neste år 80.

Aarø meiner arbeidsgjevarane i det offentlege no må «hente inn reserven», dei som har gått ut av yrket grunna høgt arbeidspress og dårleg løn.

– Betre arbeidsvilkår og styrka etterutdanninga vil også motivere jordmødre til å stå i yrket, meiner Aarø.

Ho opplyser at mange jordmødre no går i tidleg pensjon.

---

Fosterdiagnostikk

  • Stortinget vedtok i fjor at «aldersgrensen for å få tilbud om fosterdiagnostikk senkes fra kvinner som er eldre enn 38 år ved termin, til kvinner som er eldre enn 35 år ved termin».
  • Stortinget sa at regjeringa må «sørge for at Non-invasiv prenatal test (NIPT) tilbys alle kvinner som har krav på fosterdiagnostikk, eller ved funn på tidlig ultralyd med tilleggsundersøkelser, uavhengig av kvinnens alder.»
  • Stortinget sa at «NIPT blir tillatt å utføre i Norge for alle gravide kvinner.
  • Stortinget sa at «private aktører som tilbyr NIPT mot egenbetaling i Norge» skal få løyve til dette, på visse vilkår.
  • Kring 7.000 jordmødre er i arbeid i dag.

---

Aps helsepolitiske talsperson Ingvild Kjerkol (Ap) mener ordningen med fritt behandlingsvalg er en «fast-track» til privatisering. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ap har lova

Mangel på jordmødre i kommunane og på sjukehusa har fått fleire politikarar til å love endringar, også nåværende helseminister Ingvild Kjerkol.

– No skal me minne dei om lovnadane, me skal gjere dei ansvarlege, lovar Aarø.

Som helsepolitisk talskvinne i Ap lova Ingvild Kjerkol, i valkampen, at «vi må få nok penger og nok folk på plass slik at vi kan stoppe den dramatiske utviklingen».

No er Kjerkol helseminister.

Vi må få nok penger og nok folk på plass slik at vi kan stoppe den dramatiske utviklingen

—  Ingvild Kjerkol, som Aps helsetalskvinne

Øyremerka stillingar

I forslaget til statsbudsjettet for 2022 løyvde Solberg-regjeringa 60 millionar til fleire jordmødrer i kommunane – og fekk ros frå Jordmorforbundet, ei faggruppe i Sjukepleiarforbundet. Gledeleg, sa leiar Hanne Charlotte Schjelderup. Men statsbudsjettet manglar eit «helhetlig fokus på barsel- og fødselsomsorgen», la ho til.

Schjelderup er glad for at Støre-regjeringa lovar stortingsmelding om det heilskaplege føde- og barseltilbodet.

---

Private tilbod

  • Desse 25 private klinikkane tilbyr no tidleg ultralyd og NIPT:
  • Aleris Helse (Oslo, Strømmen, Stavanger, Bodø, Tromsø, Ålesund)
  • Askergynekologen (Asker)
  • Byporten legesenter (Oslo)
  • Bærum gynekolog (Bærum)
  • Dr.Dropin (Oslo)
  • FAM Klinikk AS/Oslo City legesenter (Oslo)
  • Femini (Jessheim)
  • Fertilitetssenteret (Oslo)
  • Fertility Artis (Oslo)
  • Legevakt Vest (Oslo)
  • Medicus (Trondheim, Oslo, Stavanger)
  • NIMO klinikken (Drammen)
  • Oslo jordmor- og kvinnesenter AS (Oslo)
  • Oslo jordmor- og ultralydklinikk (Oslo)
  • Oslogynekologene (Oslo)
  • Spesialistsenteret for kvinner (Jessheim)
  • Vestfold Gynekologi (Tønsberg)
  • Volvat medisinske senter (Oslo)

---

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter