No er det gratis å bli medlem i Human-Etisk Forbund. Landsmøtet vedtok i slutten av september å fjerna kontingenten, i første omgang som eit prøveprosjekt.
Vedtaket gjer at forbundet går glipp av rundt 20 millionar i året i kontingent. På motsett side er den potensielle vinninga stor.
– Rundt 200.000 nordmenn trur at dei er med i Human-Etisk Forbund, utan å vera det. Her ligg det eit stort potensial for organisasjonen, seier ny leiar i Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, til Vårt Land.
Det var NTB som først omtalte vedtaket.
Kan få 200—300 millionar kroner ekstra
Lomsdalen viser til ei undersøking Kantar har gjort for Human-Etisk Forbund. Her svarer 8 prosent av dei spurte, at dei er med i Human-Etisk Forbund. Det utgjer over 330.000 personar.
Det verkelege medlemstalet til forbundet, er rundt ein tredel av dette.
Ein ny medlem utløyser rett på 1300 kroner i statsstøtte. Om Human-Etisk Forbund klarar å verva 200.000 nye medlemmer, vil de gje ei auke i inntekter på rundt 250 millionar kroner.
Målet med kontingent-kuttet er å nå ut til fleire, seier Lomsdalen.
– Me ønsker å opna opp for alle humanistar, også for dei som ikkje vil betala kontingent. Det å betala for religion og livssyn er litt framand for mange, seier Lomsdalen til Vårt Land.
[ Her er Hurdalsplattforma oppsummert av Vårt Land ]
Har fått rundt 120 millionar i statsstøtte
Det at Human-Etisk Forbund fjernar kontingenten, gjer ikkje at dei misser statsstøtte.
Det opplyser Kjersti Nilsen, seniorkonsulent hjå Statsforvaltaren i Oslo og Viken.
– Human-Etisk Forbund bestemmer sjølv om dei vil ta kontingent eller ikkje. Mange tru- og livssynssamfunn har ikkje kontingent.
Ho opplyser at Human-Etisk Forbund i år får statsstøtte for rundt 91.300 medlemmer. Det gjev til saman ei statsstøtte på rundt 120 millionar kroner.
Statsstøtta til tru- og livssynssamfunn vart endra frå 1. januar i år. Medan støtta tidlegare vart delt ut både frå stat og kommune, er det no dei ti statsforvaltarane i landet som deler ut støtta.
[ Bente Modalsli vart ramma av ALS. No ser ho verda meir på avstand, som ein tilskodar ]