PR-topp om Vedums PR-nekt: Dette betyr ingenting
SVINGDØR: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil avgrensa statleg bruk av PR-byrå. Det tek Bjarne Håkon Hanssen med stor ro: Flesteparten av kundane hans i det offentlege er kommunar og fylkeskommunar.
MEIR OPENHEIT: PR-topp Bjarne Håkon Hanssen vil heller at staten set krav om openheit, framfor å forby statleg bruk av bransjen.
Vidar Ruud
Klokka 14 i dag legg Arbeidarpartiet og Senterpartiet fram den nye regjeringsplattforma.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har alt røpa til VG at ein av hjartesakene hans er med: Ein stopp i statleg bruk av PR-byrå.
Ifølgje VG vil den nye plattforma ha som hovudregel at statlege verksemder ikkje skal kjøpa tenester frå kommunikasjonsbransjen. Unntaket er for informasjons- og haldningskampanjar.