Nyheter

Olaug Bollestad: – Eg føler eit stort ansvar

LEIARSTRID: Olaug Bollestad har no meldt frå til valkomiteen om at ho vil bli KrF-leiar. Men fleire fylkesleiarar seier at striden enno ikkje er over i det hardt plaga partiet.

– Eg føler eit stort ansvar, men eg har og ei lyst til å vere med å bidra. Eg meiner vår stemme er viktig i det politiske landsskapet, seier fungerande KrF-leiar Olaug Bollestad til Vårt Land.

Onsdag morgon melde vart ho ringt opp av valkomiteen i partiet, og svarte då ja på at ho ønskjer å stille som kandidat når partiet i november skal velje ny leiar på eit ekstraordinært landsmøte. Få timar seinare vart det klart at hennar sterkaste konkurrent om vervet, Dag Inge Ulstein, ikkje stiller som kandidat.

Bollestad avviser at dette var avtalt spel mellom henne og Ulstein, og seier også at den litt spesielle timinga for å annonsere sitt leiarkandidatur – på same dag som den politiske plattforma til den nye regjeringa vart lagt fram – var bestemt av valkomiteen, og ikkje noko kandidatane hadde påverka.

Motivert

– Eg har brukt veldig mykje av mi tid i KrF dei siste tjue åra, og eg har eit kjempestort engasjement for KrF sin politikk og vårt plass i det norske politiske landsskapet. Eg har alltid teke dei oppgåvene eg har blitt spurt om. Eg veit at dette er ein stor jobb, men eg har tenkt meg godt om, og i dag valde eg å takke ja til dette, seier Bollestad

– Angrar du på at du ikkje utfordra Kjell Ingolf Ropstad om leiarvervet då Knut Arild Hareide gjekk av i 2018?

– Eg angrar ikkje på noko av dei tinga. Eg tenkjer at då var det Kjell Ingolf sin tur, og no er det eg som tek utfordringa.

Ikkje «one man show»

I første høyringsrunde var det kun hennar eige heimfylke, Rogaland, som utvitydig peika på Bollestad som sin favoritt som partileiar. Seks fylkeslag peika på Ulstein. Sjølv om det i utgangspunktet har vore rekna som uaktuelt å velje ein leiar som ikkje sit på Stortinget, har også fleire fylkeslag spela inn kandidatar som ikkje har plass i nasjonalforsamlinga, heller enn Bollestad.

– Kva må du no gjere for å vinne tillit i partiet?

– No var dette berre ei første høyring for å få innspel. For meg er det fantastisk at partiet har mange kandidatar. Eg har landa ned på at dersom partiet vil, så skal eg gjere ein jobb. Men eg gjer det ikkje aleine, heldigvis. Dette er ikkje eit one man show, vi må drive lagbygging frå dag ein, svarar Bollestad.

Det er plass for både breidden av KrF i norsk politikk, og det plass for breidden av det norske folk i KrF

—  Olaug Bollestad

– Kva tenker du må til for å endre denne historia for KrF, og kva nye veljargrupper må partiet prøve å nå fram mot neste val?

– Eg skal gjere alt eg kan for å møte deg på desse spørsmåla litt seinare, men eg er oppteken av det er plass for både breidda av KrF i norsk politikk, og det plass for breidda av det norske folk i KrF, seier Bollestad.

Fleire kandidatar

– Det er ikkje gjeve at dette er avgjort.

Det seier leiar i Trøndelag KrF Bente Høston Bostad til Vårt Land. Fylkeslaget spelte inn Dag Inge Ulstein som sin kandidat i første innspelsrunde til valkomiteen. Men når han no ikkje lenger er aktuell, betyr ikkje det at trønderane utan vidare stiller seg bak Bollestad.

– Vi har spelt inn kandidatar utanfor stortingsgruppa òg, peikar Bostad på.

Ho vil ikkje forskottera noko før fylkeslaget har hatt eit nytt møte om saka, men ho antydar at det godt kan vere mogleg at Trøndelag i neste runde vil spele inn ein kandidat som ikkje har plass på Stortinget. Tidlegare har fylkeslaget spelt inn Øyvind Håbrekke, Hans Olav Syversen og Jorunn Gleditsch Lossius som leiarkandidatar. Av desse er Lossius 1. vara til Stortinget. Dei to andre er heilt utanfor.


KrFs landsmøte 2019. Randi Frisvoll

Skuffa

Også leiar i Møre og Romsdal KrF Randi Walderhaug Frisvoll held døra open for andre kandidatar enn Bollestad.

– Vi spelte inn berre eitt namn til valkomiteen, og det var Ulstein. No må vi ha nye møte før vi kan seie noko meir, seier ho.

Ho seier at fylkeslaget har hatt ein diskusjon om den nye leiaren må sitte på Stortinget eller ikkje, og at det er ulike meiningar om dette. Ho utelukkar ikkje at Møre og Romsdal i neste runde kan spele inn eit namn utanfor gruppa.

– Først og fremst er eg skuffa over at Dag Inge ikkje stiller. Eg synest det er leit, seier Frisvoll.

– Mest sannsynleg Bollestad

I Ulstein sitt eige fylkeslag Vestland er signala meir i Olaug Bollestad sin favør. Fylkesleiar Morten Helland tek også atterhald om at det må haldast møter i fylkesstyret før ein konkluderer, men seier det er svært usannsynleg at Vestland vil stille seg bak ein kandidat utanfor Stortinget.

– Det er eit stort fleirtal i fylkeslaget for at den neste leiaren må sitte på Stortinget, seier han.

Det betyr i denne omgang at Vestland mest sannsynleg stiller seg bak Bollestad, men han understrekar at Ulstein framleis kan bli leiar på eit seinare tidspunkt.

Det same signalet kjem frå Oslo KrF, som tidlegare har spelt inn både Bollestad og Ulstein som kandidatar til leiarvervet.

– Eg reknar det som svært sannsynleg at vi stiller oss bak Bollestad, seier fylkesleiar Jan-Erik Fjukstad Hansen til Vårt Land.

– Eg er ganske sikker på at vi konkluderer om at vi ønskjer ein partileiar som sit på Stortinget.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter