Nyheter

Kyrkjeasylantar flyttar ut av Hønefoss kyrkje

ASYL: Familien som har vore i kyrkjeasyl i Hønefoss sidan 2018, skal no flytta ut.

– Hønefoss kyrkjelyd og familien sjølv er einig om at det er riktig no, seier prost Kristin Moen Saxegaard til Ringerikes Blad.

Saxegaard er ven av familien og talsperson. Prosten seier det er uklart kor familien skal bu framover.

Den afghanske familien har budd i Hønefoss kyrkje sidan 2018, då dei oppsøkte kyrkja for beskyttelse.

Familien kom til Noreg i 2015 og har vore i kyrkjeasyl sidan februar 2017, først hjå kyrkjelyden Nytt liv på Fitjar og i Hønefoss kyrkje sidan mars 2018.

Første konvertitt-sak i Høgsterett

Familien skal ha konvertert til kristendom og meiner sjølve dei derfor har beskyttelsesbehov.

Dei vann ikkje fram i Høgsterett, i det som er den første konvertittsaka som er blitt behandla i denne rettsinstansen.

I juni i år bestemte Høgsterett at familien ikkje lenger har status som flyktningar.

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har avvist å behandla saka. FNs menneskerettskomité i Genève har bedt norske styresmakter om meir informasjon, og gjeve frist til april 2022.

Ingen blir sendt tilbake til Afghanistan

Kristin Moen Saxegaard seier til Ringerikes Blad at familien ikkje lenger har behov for beskyttelse. Ho viser til den urolege situasjonen i Afghanistan.

– Situasjonen gjer at ingen afghanarar skal sendast tilbake no. FNs menneskerettskomite i Genève har bestemt at saka til familien skal takast inn. Medan ein ventar på det, har dei også utsett iverksetting av heimsending.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter