Nyheter

Barnetrygda blir mindre verd for mange

BARNETRYGD: I 2019 fekk KrF gjennom eit historisk løft i barnetrygda. I det nye statsbudsjettet sørger prisveksten for at barnetrygda for dei eldste blir mindre verd. Redd Barna er skuffa.

KrF feira det som ein stor siger då partiet i 2019 fekk gjennom ei auke i barnetrygda. Det var første gong barnetrygda vart auka på 23 år.

Sidan då har barnetrygda auka fleire gongar for barn opp til seks år.

I statsbudsjettet for 2022 legg regjeringa opp til at barnetrygda for barn over seks år blir halden på same sum som før, 1054 kroner. Det betyr at trygda i realiteten blir mindre verd, på grunn av prisveksten.

Barnetrygda for barn opp til fylte seks år går opp til 1.676 kroner i månaden. Den går opp frå 1.654 kroner.

Denne auken på nokre tikroningar ventar regjeringa vil bli eten opp av prisveksten.

Delen fattige barn er tredobla

Grepet haustar ikkje applaus hjå Redd Barna:

– Me er veldig skuffa over at regjeringa ikkje kjem med ei reell auke av barnetrygda. Dette er den enkeltstønaden som er mest effektiv for å få barnefamiliar over fattigdomsgrensa, seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas noregsprogram.

Ho peiker på at delen fattige barn i Noreg er tredobla sidan 2001.

I framlegget til statsbudsjett skriv barne- og familiedepartementet at barnetrygda er ei universell ordning, men at den betyr mest for barnefamiliar med låg inntekt.

Vil forby kutt i sosialhjelp

Redd Barna-leiaren er også kritisk til at regjeringa tillèt kommunar å kutta i sosialhjelpa til foreldre som tek imot barnetrygd.

Nyleg la Redd Barna fram ein rapport som viser at to av tre kommunar reknar barnetrygd som inntekt for sosialhjelpsmottakarar. Det gjer at mottakarane får mindre i sosialhjelp.

– Meir enn 200 kommunar tek barnetrygda frå dei fattigaste. Me hadde håpa at regjeringa ville få bukt med dette.

Monica Sydgård, leder for Norgesprogrammet i Redd Barna

I forslaget til statsbudsjett legg regjeringa til grunn at sjølve auken i barnetrygda skal koma sosialhjelpsmottakarar med barn til gode. Regjeringa hevar satsane for stønad til livsopphald som svarar til auken i barnetrygda.

Redd Barna ønsker seg forbod mot ei slik avkorting av sosialhjelp. No håpar organisasjonen på draghjelp av den nye regjeringa.

– Sp og Ap er tydelege på at dei vil får bukt med sosiale skilnader. Så forstår me at kommunane treng kompensasjon, for mange begrunner slik avkorting med dårleg kommuneøkonomi.

Fritidskort blir vidareført

Redd Barna finn eit lyspunkt i statsbudsjettet for barn og unge: Regjeringa vidarefører fritidskortet. Det skal gje barn og unge støtte til deltakaravgift til faste, organiserte fritidsaktivitetar.

– Dette er positivt, seier Monica Sydgård.

Regjeringa føreslår i 2022 å auka løyvinga med 225 millionar kroner til å starta ei nasjonal utrulling av fritidskortet. Det vil totalt bli sett av 405 millionar til ordninga i 2022.

Sidan 2019 har ulike kommunar prøvd ut ulike fritidskortordningar. Regjeringa skriv at ei vidare utrulling av ordninga til fleire nye kommunar frå og med 2023 er ein budsjettsak som må bli handsama i den ordinære budsjettprosessen.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter