Nyheter

Forsvarstopp peikar på Ola Borten Moe som forvarsminister

KABAL: Tidlegare forsvarssjef Harald Sunde vil ha Ola Borten Moe som forsvarsminister. Sunde ventar store Sp-gjennomslag på feltet, mellom anna med ein ny totalberedskapskommisjon.

Sidan førre onsdag har Ap og Sp drive regjeringsforhandlingar i Hurdal. Det er knytt store forventingar til fordelinga av ministerpostar.

No kastar Sp-medlem, uoffisiell Sp-rådgjevar og tidlegare forsvarssjef Harald Sunde seg inn i debatten om kven som bør bli Noregs neste forsvarsminister.

Han peikar på Sp-nestleiar Ola Borten Moe.

– Ola Borten Moe er absolutt ein god kandidat til å bli forsvarsminister. Han er klok, uredd og modig. Han oppfattar sakas kjerne umiddelbart.

Harald Sunde var forsvarssjef frå oktober 2009 til november 2013. I 2017 melde Sunde seg inn i Sp og har dei siste åra fungert som ein slags uformell rådgjevar for partiet og Trygve Slagsvold Vedum.

– Eg og Trygve Slagsvold Vedum har kjend kvarandre i 15 år. På det meste snakkar me saman fleire gonger i veka. Eg stiller opp fordi forsvar er viktig for meg og eg meiner Sp har den beste politikken på feltet. Eg håpar inderleg at Sp får forsvarsministeren.

Fleire i Sp peikar på Moe

Ola Borten Moe er vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag og var olje- og energiminister frå 2011 til 2013.

Fleire kjelder Vårt Land har snakka med i Sp, peiker på Moe som ein god kandidat som forsvarsminister.

Eg forventar at ei ny regjering med Ap og Sp set ned ein totalberedskapskommisjon.

—  Tidlegare forsvarssjef Harald Sunde

Feltet er viktig for partiet, som knyt investeringar i forsvaret opp til distriktsutvikling og generell beredskap landet rundt.

I 2015 starta Moe opp oljeselskapet Okea. Han eig i dag 0,57 prosent av selskapet. Desse bindingane gjer at fleire Sp-kjelder meiner Moe er uaktuell i eit comeback som olje- og energiminister.

Mange dyre løfte på forsvar

Harald Sunde seier han har store forventingar til kva Sp skal levera på forsvarspolitikk. I partiprogrammet for dei neste fire åra lover Sp store og dyre løft for sektoren:

  • Vidareføra Andøya som flystasjon.
  • Auka talet ungdommar som årleg vert kalla inn til å avtena førstegongstenesta.
  • Auka talet på soldatar i Heimevernet frå 40.000 til 50.000.
  • Auka løyvingane til Forsvaret til 2 prosent av BNP i tråd med NATO-forpliktingane våre. I 2020 nådde Noreg dette målet, dels på grunn av at økonomien krympa under korona.
  • Ei generell styrking av Forsvaret med utstyr, våpen og personell.

Harald Sunde støtter mykje av denne politikken, men er skeptisk til å talfesta kor mange soldatar Heimevernet bør ha.

– Eg ville nok heller hatt ei utgreiing først, før ein set eit tal på soldatar.

Vil ha ein kommisjon på total beredskap

Eit anna felt der Harald Sunde ventar seg Sp-gjennomslag, er på planane om ein totalberedskapskommisjon.

I partiprogrammet skriv Sp at ein slik kommisjon skal «visa korleis ein kan bruka dei totale ressursane i samfunnet best mogleg for å sikra god beredskap» og «koma med forslag til korleis nasjonal og lokal beredskap kan styrkast på tvers av sektorar».

– Eg forventar at ei ny regjering med Ap og Sp set ned ein totalberedskapskommisjon, seier Harald Sunde.

Sp har fremma forslag om ein slik kommisjon for Stortinget både i 2017 og 2019.

Under siste avstemming fekk Sp støtte frå ei nesten samla raudgrøn blokk. Forslaget fekk støtte frå SV, MDG, Raudt, 25 av Ap sine 26 representantar pluss ein frå Frp.

– Eg meiner tida er overmoden for at me har ein slik grundig kommisjon som ser på sårbarhet og beredskap. Verda me lever ei, endrar seg raskt.

Den tidlegare forsvarssjefen peikar på fleire felt der det skjer raske endringar:

  • Endringar i den sikkerhetspolitiske situasjonen, prega av stormaktrivalisering. Eit sterkare Kina og russisk utvikling av hypersoniske våpen, som beveger seg opptil 15 gonger lydens hastighet.
  • Digitale endringar som gjer det lettare å manipulera sanninga.
  • Klimakrisa med tørke, brannar og isbrear som smeltar.

– Så har me hatt ein pandemi. Me må sjå om heile samfunnet er klar for å takla det uvventa, seier Harald Sunde.

Sunde avviser at han er aktuell kandidat

Harald Sunde har sjølv blitt omtalt som ein joker til ministerposten, av Kapital i august og VG i april. På spørsmål frå Vårt Land om han er aktuell, bryt 67-åringen ut i latter.

– Nei, nei, nei. Det er heilt uaktuelt. Eg er ein gamal mann. Det finst dyktige nok politikarar som kan bekle dei posisjonane.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter