Nyheter

SV: – Folk kan ikkje vera prisgjevne almisser for å klara seg

FATTIGDOM: Bergen kommune henviser fattige familiar til frivillig drivne hjelpetilbud. Det får SV i Vestland til å reagera.

Vårt Land har tidlegare omtala ein hjelpeorganisasjon som får fattige familiar henvist frå det offentlege.

Leiar i KIL Fond i Bergen fortalde at dei får familiar formidla frå kommune og barnevern. Den frivillige organisasjonen gjev mat og klede til familiane, og i nokre tilfelle støtte til utgifter.

Saka får Sara Bell i Vestland SV, til å reagera.

– Det er sjølvsagt flott at mange engasjerer seg for å sørga for å samla inn pengar og mat til folk, men me kan ikkje ha det sånn at velferdsstaten ikkje tek vare på oss når me slit økonomisk eller har dårleg helse. Folk kan ikkje vera prisgjevne almisser for å klara seg.

Ho meiner saka viser oppsplittinga av velferdsstaten.

– Det er opprørande å sjå at folk vender seg til hjelpestasjonar for å få kvardagen til å gå rundt.

Frivillige aktørar er eit «ønska supplement»

Bergen kommune stadfestar til Vårt Land at tilsette i Barne- og familiehjelpen har henvist fattige familiar til KIL Fond. Barne- og familiehjelpen er eit lågterskeltilbod.

Kommunen har ikkje tal på kor mange familiar som er blitt henvist.

Me opplever det same, stadig vekk. Tilsette i Nav eller Barnevernet ringer oss direkte, eller sender familiar til oss.

—  Eldrid Helen Antonesen i hjelpeorganisasjonen Sundenglene

Alette Hilton Knudsen, direktør i etat for barn og familie i Bergen kommune, skriv i ein e-post at dei frivillige aktørane er eit «ønska supplement» til det offentlege tilbodet, men at dei «ikkje skal erstatta det offentlege».

«Me veit at delen barn som veks opp i det me reknar som låginntektsfamiliar dessverre ikkje går nedover. Det offentlege dekker det mest nødvendige, men det blir likevel knapt for dei familiane dette gjeld, noko som særleg går utover barna.»

Direktøren skriv vidare at både familiane og dei tilsette i Barne- og familiehjelpen har gjeve gode tilbakemeldingar frå møta med KIL Fond.

Hjelpar i Bergen: – Eg blir forbanna

Etter Vårt Land publiserte første saka, tok Eldrid Helen Antonesen kontakt.

I nærare 15 år har ho drive hjelpeorganisasjonen Sundenglene i kommunen Øygarden, vest for Bergen. Ho kjenner seg igjen i artikkelen.

– Me opplever det same, stadig vekk. Tilsette i Nav eller Barnevernet ringer oss direkte, eller sender familiar til oss. Det skjer fleire gonger i månaden.

Ho seier Sundenglene hjelper familiane med klede, mat og utstyr. Fleire har problem med å betala husleiga.

– Dei står der med utkastingspapir i handa og ber om pengar. Men det er heilt umogeleg for oss å gje dei.

Organisasjonen er avhengig privat støtte og får ikkje pengar frå det offentlege. Eldrid Helen Antonesen blir frustrert over situasjonen.

– Me hjelper gjerne til, men eg blir forbanna over at Nav og barnevernet ikkje klarer å ta seg av dei som treng hjelp. Organisasjonar som Sundenglene skulle vere der som ei ekstra støtte, ikkje som ei løysing.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter