Nyheter

Knut Arild Hareide vil bli sjøfartsdirektør – lovar full lojalitet til ny regjering

FERDIG MED POLITIKK: Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) har søkt på jobben som sjøfartsdirektør. Han lovar at han i så fall vil vere lojal til den sitjande regjeringa.

Den tidlegare KrF-leiaren har kunngjort at han er ferdig i norsk politikk når han går av som samferdselsminister etter valnederlaget.

No står han som ein av søkjarane til stillinga som direktør i Sjøfartsdirektoratet, melder Skipsrevyen og Haugesunds Avis. Hareide stadfestar dette overfor NTB.

Han seier det blir opp til ei ny regjering å fullføre tilsetjingsprosessen. Hareide har ikkje teke stilling til om det vil utløyse karantenekrav dersom han skulle få jobben.

– Det er ikkje kutyme for at ei regjering avgjer den typen jobbar etter at vi har gratulert ein valvinnar. I dette stadiet av prosessen er ikkje ei problemstilling om karantene aktuelt. Det å søkje på ein ny jobb utløyser ikkje noko karantenekrav. Men det er fleire i denne regjeringa som har tredd inn i denne typen jobbar, utan at det har vore karantene, seier Hareide til NTB.

Vil vere lojal

Han er klar på at han i ei slik rolle må stille seg lojalt bak den nye regjeringa.

– Det er ein jobb som vil krevje fullt lojalitet til regjeringsapparatet, seier Hareide.

Lars Alvestad har fungert som sjøfartsdirektør i Olav Akselsens sjukefråvær. Akselsen bestemde seg tidlegare i år for å slutte, og han døydde i august. Alvestad har no òg søkt på jobben.

Det har òg stortingspolitikarane Solveig Horne (Frp) og Tom-Christer Nilsen (H) gjort.

– At det er ein spennande jobb, trur eg ingen er i tvil om. Eg er ein av søkjarane, og eg veit at det er mange gode kandidatar. Her forventar eg at det blir ein god prosess framover, seier Hareide.

Endeleg farvel med politikken

Den tidlegare KrF-leiaren understrekar at Sjøfartsdirektoratet jobbar med ei veldig viktig næring for Noreg.

– Noreg er ei stormakt i verda på dette feltet, og det er og ei næring som skal møte det grøne skiftet, og som er godt i gang med det, seier han.

Hareide vil ikkje bruke jobben som eit springbrett til eit comeback i topp-politikken.

– Eg har sagt at for meg er det ein epoke i mitt liv som blir no avslutta. For meg er det nok sånn at det blir eit endeleg farvel med politikken på det nivået eg har vore, seier Hareide.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter