Nyheter

På fem år fekk 48.000 familiesamling – no kan flyktningpolitikken bli strammare

NY POLITIKK: SV er ute, påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre skal forme flyktningpolitikken saman med Stortinget. Her er det solid fleirtal for innstrammingar.

Veljarane talte tydeleg ved stortingsvalet, Norge skal føre ein restriktiv asyl-, flyktning- og integreringspolitikk. Fire store parti garanterer for dette, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet.

Onsdag braut SV sonderingane i Hurdal og blir eit opposisjonsparti, også i politikken som fastset kven som skal få bli i Norge. Ap og Sp meldte at dei no gjeng inn i regjeringsforhandlingar.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre ønskjer som påtroppande statsminister ein strengare politikk. Med Ap i front skal den nye regjeringa plassere Norge ein stad mellom Danmarks «null asylinnvandring» og Sveriges nyleg innstramma politikk.

I begge land styrer sosialdemokratiske statsministrar.

No kan dei fire store velje å vere restriktive i flyktningpolitikken

—  Pål Nesse, generalsekretær i Noas

Styrkje autoriteten til FN

Med SV ute fryktar Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) at makta no vil få rå:

– No kan dei fire store velje å vere restriktive i flyktningpolitikken, seier generalsekretær Pål Nesse, og held fram:

– No kan desse partia velje å ikkje følgje det Norge talar varmt for i FNs tryggingsråd – etterleve menneskerettane.

Noas oppmodar Ap, Sp, Høgre og Frp til å styrkje autoriteten til FNs høgkommissær for flyktningar, ikkje svekke han.

fn

Verne velferdsstaten

Med seg til sonderingane i Hurdal hadde Ap, Sp og SV partiprogram som spriker kraftig på nokre område og samlar på andre.

To av tre krav innstramming for å hegne om velferdsnivået. Ap og Sp understrekar at Norge skal ta i mot flyktningar, men at velferdsstaten Norge må vernast mot for store integreringsutgifter:

«Vi skal vise solidaritet med verdas flyktningar og samtidig ta vare på velferdsstaten og den norske modellen», seier Ap. Partiet vil ha færre «asylsøknader ved grensa», og fleire nøye utvalde kvoteflyktningar, som er enkle å integrere.

Sp seier at Norge må «prioritera å ta imot kvoteflyktningar gjennom FN», og minner om at «i andre land ser vi kva problem som følgjer med høg innvandring og dårleg integrering over tid».

SV vil at «Noreg skal føre ein solidarisk, rettferdig og raus asyl- og flyktningpolitikk, som følgjer FNs tilrådingar». No er SV ute.

Breie, strenge forlik

To setningar i Sps program viser kvar vegen kan gå i asyl- og flyktningpolitikken, om forhandlingane i Hurdal munnar ut i eit politisk handlingsprogram: «Asylpolitikken er tent med brei tverrpolitisk semje. Eventuelle endringar bør koma som eit resultat av breie politiske løysingar.»

Då Norge opplevde rekordtilstrøyming hausten 2015, vel 30.000 asylsøkjarar, fann seks av åtte stortingsparti saman i breie, innstrammande forlik. Først eit asylforlik, så eit integreringsforlik.

SV sto utanfor forlika, saman med MDG.

Trongare port

På fire punkt lovar Ap innstramming:

  • Opphald: Asylsøkjarar skal få mellombels opphald, ikkje permanent.
  • Tilbakekall: Flyktningar skal lettare mista opphaldsløyve.
  • Tredjeland: Asylsøkjarar skal få behandla søknaden i land utanfor Europa.
  • Familiesamling: Det skal bli vanskelegare å få familiegjenforeining; at flyktningen som har fått opphald i Norge også skal få mann eller kone og barn til landet.

No blir det truleg ei mindretalsregjering med Ap og Sp. Dermed kan Støre-regjeringa sanke støtte i Stortinget når han skal gjere porten inn i Norge trongare.

Skjerpe krav

Etter toppåret 2015 har talet på asylsøkjarar gått ned. I fjor leverte berre 1.387 slike søknader til utlendingsforvaltninga.

Samla tal for femårsperioden 2016-2020 er 13.400.

Til samanlikning kom det 47.900 til Norge som følgje av familiegjenforeining i same periode. I dette talet er to grupper ikkje med: dei som kom for å arbeide eller for å ta utdanning.

Ap lovar å «avgrense retten til familiegjenforeining» for flyktningar. På eine sida opnar partiet for fleire kvoteflyktningar, på den andre sida skal Ap «sørge for at kvoteflyktningar skal ha avklart eventuelle familiegjenforeiningar før dei kjem til Noreg». Til sist vil partiet «skjerpe tilknytingskravet for familieetablering».

Sp nøyer seg med: «Ikkje utvida rammene for familiegjenforeining, men forenkla prosessen for dei som har krav på gjenforeining på dette grunnlaget.»

---

Innvandring

  • Norge har fått ein strammare asyl-, flyktning- og integreringspolitikk under Solberg-regjeringa.
  • No skal ei regjering leia av Ap-leiar Jonas Gahr Støre meisle ut ny politikk på området

---

lov

Avgrense familiegjenforeining

Høgre vil «jobbe for at flyktningeinnvandring til Noreg i hovudsak skal skje gjennom uttak av kvoteflyktningar, der vi skal prioritere (...) heile familiar utan behov for familiegjenforeining og personar med høg sannsynlegheit for god integrering».

Frp krev «minimum tre års arbeid eller utdanning, samt oppfyllelse av underhaldskravet for å få familiegjenforeining med flyktning», «stanse all familiegjenforeining for einslege mindreårige flyktningar» og sikre at «familiegjenforeining skal avgrensast til ektefelle og egne barn under 15 år».

Splitte familiar

Pål Nesse i Noas finn det underleg at dei fire store partia ivrar etter å hindre samling av familiar.

– Eg kjenner ikkje til noko anna familiepolitisk område enn på flyktningfeltet der ein vil splitte familiar.

Han viser til eit reknestykke når han refsar den sterke viljen til å regulere familiegjenforeiningane.

– Dette er eit ikkje-problem. Historisk har det berre kome 0,3 prosent familiemedlemmer per flyktning til Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter