Nyheter

Hjelpeorganisasjon får fattige familiar tilsendt frå kommunen

KALD VINTER: Hjelpeorganisasjon i Bergen fryktar fleire treng hjelp når renta skal opp og straumprisane går i taket. No opplever dei for første gong å bli kontakta av kommunale etatar.

– Sist veke hjelpte me ein familie som trengde pengar til å gjennomføra ein konfirmasjon. Den familien vart formidla til oss via barnevernet.

Det seier Monika Schelander, leiar i KIL Fond Bergen Omegn. I fem år har ho og andre frivillige hjelpt fattige familiar. Konfirmasjonsfamilien ho nemmer fekk eit tilskot frå KIL Fond, organisasjonen dekte ikkje heile rekninga.

No merkar Schelander ei ny utvikling: KIL Fond blir kontakta av kommunale etatar og barnevernet. Dei ber organisasjonen hjelpa fattige familiar som er i kontakt med det offentlege.

– Dette er alvorleg. Me er sjokkerte over at me må trø til der velferdsstaten eigentleg skal hjelpa, seier ho.

KIL Fond Bergen Omegn. Monika Schelander

I kontakt med fire familiar

Schelander fortel at KIL Fond no har kontakt med fire familiar som dei har fått formidla frå det kommunale barnevernet i ein nabokommune til Bergen og Barne- og familiehjelpen i Bergen kommune.

– Eg forventar fleire slike saker framover. Me hjelper desse familiane med mat og klede og støtte til utgifter. Det verkar som at dei kommunale etatane har sprengt kapasitet. Eg skjønner at dei gjer det, men synest ikkje det er rett.

Dei som bankar på hjå KIL lever på uføretrygd, er sjukmelde, er einslege med låge løner – eller som Schelander opplyser:

– Eller eit par som lever på kombinasjonar av ytingar, som ein uføretrygda pluss ein i deltidsjobb med låg løn.

KIL Fond-leiaren fortel at storparten av brukarane er norske, berre ei mindre gruppe er innvandrarar og flyktningar.

Me må ha ein debatt om kva som er staten sitt ansvar, og kva som er vårt

—  Monika Schelander, leiar i KIL Fond

Etterlyser grenseoppgang

Den nye situasjonen skapar hovudbry for den frivillige organisasjonen, som får alle driftsinntekter frå donasjonar, grasrotdel og inntekter frå bruktbutikk.

– Me har diskutert dette i styret, og me er einige om å hjelpe desse familiane. Men me må ha ein debatt om kva som er staten sitt ansvar, og kva som er vårt. Me har ikkje kapasitet til å ta på oss å hjelpa alle.

Ho peiker på at organisasjonen ikkje får driftsstøtte, verken frå stat eller kommune.

– Me føler det er noko som ikkje heng saman, når det er så vanskeleg å få driftsstøtte frå kommunen, samstundes som me blir brukt av kommunale etatar.

Går ein kald vinter i møte

Namnet KIL Fond står for «kjærleik» «inkluderande» og «likeverd». Monika Schelander starta organisjonen i 2018 saman med Siv Helen Sundal. Ho har sjølv opplevd som åleinemor at pengane ikkje strekk til.

Organisasjonen hjelper fattige med mat, klede og støtte til utgifter som konfirmasjon og bursdagar.

Mange går no ein tøff vinter i møte. Det er varsla auka rente, og straumprisane er rekordhøge.

– Eg trur at me kjem til å merka auka pågang av familiar som treng hjelp til å betala straumrekninga no i vinter, seier Schelander.

KIL Fond Bergen Omegn. Monika Schelander

----

Hjelpeorganisasjon

• KIL Fond Bergen Omegn etablert i 2018.

• KIL står for Kjærlighet, Inkluderende, Likeverd.

• Ledes av Monika Schelander

• Hjelper familiar og andre som trenger bistand med mat, klede, sko, bursdagsfeiringar, konfirmasjon og andre utgifter.

----

Dekker utgifter til SFO, husleige og straum

I oppstarten gav KIL Fond berre mat og klede til folk som trengde det. Dei oppdaga fort at familiane har fleire, og meir samansette problem.

Mange familiar ligg bakpå med rekningar til SFO, straumselskap og husleige. KIL Fond hjelper fleire familiar med å dekke delar av slike utgifter.

– Me blir kontakta av folk som er i jobb, men som tener lite. Dei har problem med å dekka utgiftene sine. Ofte tener dei rett over det som skal til for å få hjelp i form av bustøtte. Derfor må me hjelpa dei, seier Schelander.

Ho understrekar at organisasjonen ikkje har råd til å fortsetja å betala delar av rekningane til folk.

– Det kan ikkje vera ein privat, liten organisasjon som hjelper folk å behalda bustaden sin.

Vårt Land har vore i kontakt med Bergen kommune, Etat for barn og familie. Direktør Alette Hilton Knudsen opplyser at dei kjem tilbake med svar på Vårt Lands spørsmål.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter