Nyheter

Israels venner nesten utradert på Stortinget

FOREINING: Før valet hadde Israels venner på Stortinget 21 medlemmer. Etter valet er foreininga barbert ned til åtte. I glansåra var halve Stortinget med.

– Det nye leiarskapet må ut og verve medlemmer, seier Hans Fredrik Grøvan til Vårt Land.

KrF-representanten frå Agder pakkar seg ut frå kontoret på Stortinget, åra som folkevalt er over. I seks av dei var han leiar i Israels venner. Med seg i styret har Grøvan hatt Høgres Ingjerd Schou og Frps Himanshu Gulati.

– No blir det opp til dei å ta foreininga vidare, fortel Grøvan.

Venskapsforeininga er ei gamal foreining på Stortinget, ho blei skipa på 1960-talet. Dei seinare periodane har særleg borgarlege stortingsrepresentantar blitt medlemmer; folkevalde frå KrF, Høgre og Framstegspartiet.

– Israels venners fremste oppgåve er å styrkje samarbeidet mellom Israel og Norge, seier Grøvan.

Det nye leiarskapet må ut og verve medlemmer

—  Hans Fredrik Grøvan, avtroppande leiar i Israels venner på Stortinget

Stilte ikkje til val

I valperioden 2017-2021 hadde Israels venner 21 medlemmer. Ti stilte ikkje til val, viser ei kartlegging frå Med Israel for fred. Etter valet 13. september har talet gått kraftig ned – til åtte.

Desse stilte ikkje til attval:

Frå KrF: Geir Jørgen Bekkevold, Torhild Bransdal, Torill Selsvold Nyborg, Steinar Reiten, Hans Fredrik Grøvan og Geir Sigbjørn Toskedal.

Frå Høgre: Kristian Tonning Riise og Nils Aage Jegstad.

Uavhengig, eks-Frp: Ulf Leirstein.

SV: Nicholas Wilkinson.

Tre blei ikkje attvalde

Tre går ut fordi veljarane ikkje gav dei ny tillit:

Jorunn Gleditsch Lossius og Tore Storehaug frå KrF og Jon Engen-Helgheim frå Frp.

Dermed står Israels venner med desse åtte medlemmene – før nye kjem til:

Frp: Himanshu Gulati, Silje Hjemdal, Tor Andrè Johnsen, Bengt Rune Strifeldt, Christian Tybring-Gjedde og Erlend Wiborg.

Høgre: Hårek Elvenes og Ingjerd Schou.

KrFs Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad var medlemmer i Israels venner fram til dei blei statsrådar i Solberg-regjeringa.

Færre og færre

Periode for periode har Israels venner fått færre og færre medlemmer. I åra 2013-2017 var 37 stortingsrepresentantar med i foreininga. Storparten kom frå KrF, Høgre og Frp, men det var også tre frå Ap.

Toppåra var på 1970-talet og 1980-talet. I stortingsperioden 1973-1977 var 86 av 155 representanter med i Israels venner, i perioden 1981-1985 var over 100 av 155 medlemmer.

Grøvan forklarar manne- og kvinnefallet i Israels venner med den politiske utviklinga i Midtausten. Etter Oslo-avtalen frå 1993 fann færre og færre stortingsrepresentantar det tenleg å stå som opne, synlege medlemmer i venskapsforeininga.

Støtta Israel

Israels venner starta som ei gruppe representantar som støtta Israel i konflikta i Midtausten. Gruppa blei skipa som eit uformelt forum på 1960-talet, initiativtaker var Høgres Paul Thyness.

Først i 1974 valde ein eit styre og innførte medlemslister. Hovudarbeidet var å halde foredrag og kome med fråsegner.

– I mi tid som leiar har me mellom anna hatt foredrag av forfattarar og journalistar frå Israel, fortel Grøvan.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter