Nyheter

Kvinne med Downs syndrom tapte abortkamp i Storbritannia

ABORT: Heidi Crowter tok den britiske staten til retten for å endre ei lov som gjer at foster med funksjonshemmingar kan aborterast heilt fram til fødsel. Ho har sjølv Downs syndrom. No har ho tapt saka.

Heidi Crowter får trøst av mor si etter å ha tapt rettssak mot den britiske regjeringa.

– Dette er ein veldig trist dag, men eg held fram med å kjempe!

Det skreiv Heidi Crowter på Twitter etter at det vart klart at ho tapte forsøket på å få endra den britiske abortlova gjennom rettsvesenet.

I Storbritannia er det øvre grensa for abort veke 24 i dei fleste tilfelle. Men eit eige punkt i lova seier at dersom det høg risiko for at barnet vil bli fødd med ei alvorleg fysisk eller psykisk funksjonshemming, så kan abort gjennomførast heilt fram til fødsel. Innanfor dagens praksis gjeld dette også for Downs syndrom.

Meiner lova diskriminerer

Ifølgje BBC har Crowter sine advokatar argumentert i retten med at den britiske abortlova, som er frå 1967, er diskrimerande.

Domstolen avviste dette, og seier at målet med lova er å balansere rettane til fosteret mot rettane til den gravide kvinna.

I rettsavgjerdsla frå dei to dommarane går det også fram at dei meiner denne saka høyrer heime i parlamentet, ikkje i domstolane:

«Spørsmåla som ligg til grunn for denne saka er svært kjensleladde og i nokre tilfelle kontroversielle. Dei skapar sterke kjensler på alle sider av debatten, inkludert oppriktige meiningsforskjellar om etiske og religiøse spørsmål. Domstolen kan ikkje gå inn i desse kontroversane; den kan berre avgjere saka ut frå lovteksten.»

Gjev ikkje opp

Crowter seier ho er skuffa, men at ho no ankar saka vidare til neste nivå, og at ho ikkje har tenkt å gi opp kampen for å få endra lova.

– Dommarane meiner kanskje ikkje at lova er diskriminerande mot meg, regjeringa meiner kanskje ikkje at den er diskriminerande mot meg, men eg kan fortelje deg at eg føler meg diskriminert mot, skriv ho på Twitter etter at utfallet i saka blei klart.

Ho held fram med å trekke ein parallell til den kjende britiske slaverimotstandaren William Wilberforce.

– Då Wilberforce ville endre lova om slaveri, gav han ikkje opp, sjølv om det ikkje alltid gjekk hans veg. Og når det blei vanskeleg, heldt han fram, og eg kjem til å gjere det same, fordi eg ønskjer å lukkast, skriv ho.





Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter