Nyheter

HRS mistar statsstøtta – har fem millionar i «kampmidlar»

STØTTEKUTT: Islamkritiske Human Rights Service (HRS) har budd seg på eit liv utan statsstøtte. Organisasjonen har spart opp fem millionar kroner til vidare drift.

Etter 15 år blir Human Rights Service tuppa ut av statsbudsjettet. Sidan 2005 har organisasjonen fått 26,5 millionar støttekroner.

No er det slutt. Stiftinga HRS må klare seg sjølv.

Høgre varslar at regjeringa, som noko av det siste ho gjer, nullar statsstøtta til HRS i forslaget til statsbudsjett for 2022.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har allereie varsla at dei ikkje kjem til å løyve ei kroner.

Vårt Lands gjennomgang av rekneskapen til HRS avdekkjer at den islamkristiske organisasjonen har bygd opp kapital over år. 2020-rekneskapen viser at HRS har vel fem millionar kroner i «kampmidlar»; oppspart eigenkapital.

Stiftinga har to årsverk, står det i 2020-rekneskapen, dagleg leiar Rita Karlsen og informasjonsleiar Hege Storhaug.

Overskotet går opp

Overskotet i drifta av HRS er blitt større og større dei fem siste åra:

  • • 2016: 52.199 kroner
  • • 2017: 377.076
  • • 2018: 925.155
  • • 2019: 1.015.000
  • • 2020: 1.291.000

Ved utgangen av 2016 hadde HRS ein eigenkapital på nesten 1,5 millionar kroner. Fire år seinare passerte summen nesten 5,1 millionar.

2020-rekneskapen viser at organisasjonen hadde 5.328.091 kroner i «bankinnskudd, kontanter og lignende».

Statsminister og Høyre-leder Erna Solberg t.v. og Frp-leder Sylvi Listhaug under partilederdebatt i Stortingets vandrehall.
Foto: Naina Helén Jåma / NTB

Får rause gåver

Kontroversielle HRS har to inntektskjelder, statstøtte samt «støtte, kontingent, gaver».

Dei fem siste åra har HRS fått 7.340.000 kroner i samla statsstøtte.

HRS sjølv har samla inn 8.387.000 kroner i same periode. Mellom anna frå fast gjevarteneste. Støttespelarar blir inviterte til «Hvis du ønsker å bidra til vårt arbeid, kan du støtte oss månedlig!»

I 2016 blei det kjent at ein «norsk investor» kjøpte 4.000 eksemplar Hege Storhaugs bok Islam. Den 11. landeplage, og delte ut bøkene til norske journalistar. Identiteten til bokkjøparen er framleis ukjent.

---

Human Rights Service

  • Etablert som Stiftelsen Human Rights Service HRS i 2005.
  • Dagleg leiar: Rita Karlsen.
  • Informasjonsleiar: Hege Storhaug.
  • Styreleiar: Trond Ellingsen.
  • Har fått statsstøtte sidan 2005.
  • Har i åra 2005-2020 fått 26,2 millionar kroner frå staten.
  • Blir nulla på statsbudsjettet for 2022.

---

Bygd opp økonomisk sikring

Dagleg leiar Rita Karlsen har fortalt at HRS får inn større gåver fordi «en del veldig pengesterke aktører har tatt kontakt med oss».

Linda Noor, dagleg leiar i den minoritetspolitiske tenketanken Minotenk seier at HRS nok har budd seg på å miste statsstøtta.

– Dei har bygd seg opp ei økonomisk sikring gjennom alternative inntektskjelder med sal av bøker og donasjonar.

Noor trur HRS kjem til å bli meir pågåande når stiftinga ikkje må svare for statsstøtta:

– Eg trur me vil sjå ein endå meir polemisk og ytterleggåande retorikk frå deira side.

Oslo  20190814.
Linda Noor daglig leder i Minotenk under en markering på Eidsvolls plass mot muslimhat og terror, etter hendelsene i Al-Noor-moskeen i Bærum på lørdag.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB

«Skammens dag»

Då Solberg-regjeringas støttekutt blei kjent onsdag, reagerte informasjonsleiar Hege Storhaug i HRS, kraftig:

«Dette er en skammens dag fordi det handler om å kneble ytringsfriheten og stilne brysomme stemmer», sa ho til NTB, og la til: «Dette handler om at vi har kritisert islam.»

På spørsmål om kva konsekvensar støttenullinga får, var svaret «Det har jeg ingen aning om».

Frp, som heldt ei vernande hand over HRS i Solberg-regjeringa og i budsjettsamarbeidet med regjeringa, refsar kuttet. Partileiar Sylvi Listhaug seier til NTB at «nå ser vi konsekvensen av sosialistenes inntog i regjeringskontorene: De skal støtte dem de liker og kutte støtten til dem de ikke liker».

Dette handler om at vi har kritisert islam

—  Hege Storhaug, informasjonsleiar HRS

Mista kommunal million

Ei stund hadde HRS også kommunal støtte. I budsjettet for 2014 klarte bystyrerepresentant Carl I. Hagen og Frp å kjempe inn éin million kroner i Oslo-budsjettet til HRS. Også i 2015 fekk stiftinga éin million kroner frå Oslo kommune.

Men i 2016 var det slutt. Byrådet nulla støtta til HRS.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter