Nyheter

Aktivistar ser sitt snitt til å påverka SV-medlemmer

NY REGJERING: SV vil gje 16.400 medlemmer fem dagar til å lesa, diskutera og stemma over ei eventuell regjeringserklæring. Fleire organisasjonar opnar for å gå aktivt inn for å påverka SV-medlemmane.

Torsdag tok leiarane i Ap, SV og Sp dei første stega i retning ei fleirtalsregjering. Dei møtest til sonderingar, for å finna ut om dei vil gå vidare med formelle regjeringsforhandlingar.

SV har alt sagt at dei vil testa ut ei nyvinning i norsk politikk: Dei vil lata medlemmene ta stilling til ei eventuell regjeringserklæring gjennom ei uravstemming.

Dei rundt 16.400 medlemmene får fire dagar til å lesa og diskutera erklæringa, og ein dag til å stemma over den. Om meir enn halvparten av dei som stemmer vender tommelen ned, går ikkje SV i regjering.

Me kan ikkje utelukka at me vil be medlemmene i SV om å seia nei til å gå i regjering.

—  Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom

Vårt Land har snakka med sju organisasjonar om dette SV-grepet.

To av dei opner for å påverka SV-medlemmer ved ei uravstemming. To organisasjonar har ikkje bestemt seg, medan tre seier dei ikkje vil prøva å påverka SV-medlemmer.

Natur og Ungdom: Kan ikkje utelukka at dei ber medlemmene seia nei

– Me kan ikkje utelukka at me vil be medlemmene i SV om å seia nei til å gå i regjering. Blir det ei mindretalsregjering, vil me kunne påverka meir frå sak til sak, seier leiar i Natur og Ungdom, Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom.

Fleire SV-profilar, som Lars Haltbrekken og Kari Elisabeth Kaski, har bakgrunn frå Natur og Ungdom.

– Eg føler me har ei høg stjerne i SV, seier Woie.

Oljeleiting, deponi av gruveslam i fjordar og fiskeripolitikk er tre felt ho vil følge nøye med på i ei regjeringserklæring.

– Me kjem ikkje til å bli heilt nøgd med erklæringa uansett. Me må balansera to ting: uroa over kva som kan skje om Sp og Ap får regjera åleine, og ulempa med å ha ei fleirtalsregjering med ein svak plattform.

---

Uravstemming i SV

  • SVs landsmøte vedtok i april at ei eventuell regjeringsplattform må godkjennast av SV sine medlemmer i ei uravstemming.
  • Medlemmene får fire dagar til å lesa og diskutera erklæringa, og ein dag til å stemma.
  • Valforskar Johannes Bergh har sagt til Klassekampen at ingen norske parti har brukt SV-modellen før.

---

Dyreaktivistar ser sjanse til å påverka

– Om det blir uravstemming, er det ein spesiell situasjon som gjev ein mogelegheit for å påverka. Me vil kunne granska innhaldet i ei regjeringserklæring, før den blir banka gjennom. Me treng ikkje vera medlemmer i SV for å seia vår meining og gje innspel. Me synest det er positivt, seier Siri Martinsen leiar i Noah, organisasjonen for dyr sine rettar.

Martinsen seier Noah følgjer tett med på regjeringsforhandlingane. Ho peiker på at det er stor avstand mellom SV og Sp i synet på ulv og andre rovdyr, og dyrevelferd generelt.

– Sp er dessverre det partiet som er dårlegast på dette. SV er blant partia som fekk betre karakter i partikåringa vår. No må dei leva opp til det.

Ved ei uravstemming vil SV i større grad forholda seg til sivilsamfunnet.

—  Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

I partiguiden som Noah har laga, kallar dei Sp ein «katastrofe for dyr og miljø» og gjev partiet 1 av 10 mogelege poeng. Best i klassen er MDG og Venstre, som får 9 av 10, medan Raudt og SV får 7 av 10.

Noah har rundt 16.000 medlemmer.

– Eg vil tru det er ein del overlapp mellom medlemmene våre og dei til SV, sjølv om me er ein politisk nøytral organisasjon og veit me har medlemmer over heile den politiske skalaen, seier Martinsen.

Naturvernforbundet tek stilling i helga

Fleire organisasjonar er samla ved Hurdalsjøen Hotell, der sonderingane går føre seg. Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, er blant dei.

Han kallar det er eit «sympatisk trekk av SV» å legga ei eventuell regjeringserklæring fram for medlemmene, og seier han vil lesa den grundig.

e

I helga skal Naturvernforbundet ha landsstyremøte, der regjeringsforhandlingane blir tema.

– Då skal me landa diskusjonar om korleis me skal forholda oss til ei regjeringserklæring. Der vil me diskutera om me skal gje råd til SVs medlemmer eller ikkje ved ei uravstemming.

Naturvernforbundet vil følge spesielt med på formuleringar om oljepolitikk, vindkraft, vegutbygging og statsforvaltaren si rolle i arealsaker.

– Gjev ei SV-uravstemming eit betre grunnlag for organisasjonar som vil påverka?

– Det gjer det nok. Det er mange SV-arar som er aktive i ulike organisasjonar. Ved ei uravstemming vil SV i større grad forholda seg til sivilsamfunnet, enn ved ein vanleg prosess der landsstyret bestemmer.

Greenpeace: Det er for tidleg å seia

Også Greenpeace-leiar Frode Pleym er på plass ved Hurdalsjøen Hotell.

– SV må få eit solid gjennomslag for at medlemmene skal seia ja til å delta i regjering. Om dei ikkje får gjennomslag innan stans i oljeleiting, vil Greenpeace har store problem med det. Men me er også realistar, og ser at SV er det minste av dei tre partia, seier Frode Pleym.

– Om resultatet av forhandlingane ikkje er godt nok: Vil Greenpeace rå SV sine medlemmer til å stemma nei?

– Det er for tidleg å seia. Me vil ha eit papir på bordet først før me kan ta stilling til det. Men me trur ikkje at leiinga i SV vil legge fram noko for uravstemming som ikkje er god og rettvis klimapolitikk.

Tre organisasjonar vil ikkje legga seg opp i avstemming

Tre organisasjonar Vårt Land har vore i kontakt med, seier dei ikkje vil prøva påverka SV sine medlemmer i ei uravstemming.

Me kjem ikkje til å legga oss opp i SV sin prosess. Me har ikkje stemmerett i SV, og bør heller ikkje ha det.

—  Karoline Andaur, generalsekretær i WWF

– Me har ingens strategi for å påverka SV sine medlemmer. Vår hovudstrategi er å påverka dei som forhandlar, seier Fredrik Glad-Gjernes i KFUK-KFUM Global.

Han seier organisasjonen følger spesielt med på tema som Palestina og Israel, klima, skatt, kjønn og likestilling.

– Sjølv om regjeringserklæringa blir dårleg, er det bra å ha med eit sterkt miljøparti i regjering. Då kan dei kontinuerleg ta dei kampane, på same måte som me trengde Venstre og KrF i den regjeringa me har hatt, seier han.

Pål Nesse i Noas, Norsk organisasjon for asylsøkjarar, seier målet er å følga SV opp undervegs i forhandlingane.

– Me håper at SV vil få stort gjennomslag for sin flyktningpolitikk. Men me vil ikkje gje SV sine medlemmer råd om dei skal stemme ja eller nei i ei uravstemming. Me vil ikkje gjera noko for å påverka medlemmene, seier Nesse.

Det same seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF.

– Me kjem sjølvsagt til å lese regjeringserklæringa om den blir lagt fram. Men me kjem ikkje til å legga oss opp i SV sin prosess. Me har ikkje stemmerett i SV, og bør helle ikkje ha det, seier ho.

700 nye medlemmer sidan uravstemming-vedtak

Det var SVs landsmøte i april som vedtok i april at ei eventuell regjeringsplattform må godkjennast av SV sine medlemmer i ei uravstemming.

Sidan den gong har medlemstalet vekse med 700 nye medlemmer, frå rundt 15.700 til 16.400. Medlemmene har frist til komande laurdag å betala kontingent, for å kunna delta på ei eventuell uravstemming.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter