Nyheter

Nav-knivstikkinga: Mann i slutten av 30-åra sikta for drap og grov kroppsskade

Ein mann i slutten av 30-åra er sikta for drap og grov kroppsskade etter at to tilsette vart knivstukne på Nav Årstad i Bergen måndag.

Påtaleansvarlig Christine Wisløff ber vitner kontakte politiet. Foto: Marit Hommedal / NTB

Politiet i Bergen fekk melding om knivstikkinga klokka 10.02 måndag formiddag og var på staden klokka 10.06. Mannen vart arrestert utan dramatikk kort tid etter, og han samarbeidde med politiet på staden, opplyste påtaleansvarleg Christine Møen Wisløff på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

Ei kvinne i slutten av 50-åra døydde av skadane, medan ei kvinne i midten av 30-åra er lettare skadd. Dei pårørande er varsla

Den sikta er ein mann i slutten av 30-åra, av utanlandsk opphav og har vore norsk statsborgar sidan 2019. Han er ikkje ein kjenning av politiet

Han er no i avhøyr hos politiet og blir framstilt for varetektsfengsling tysdag.

Vektar på Nav-kontor

Det var vektar til stades på Nav-kontoret, men politiinspektør Morten Ørn var ikkje kjend med om vektaren var til stades i rommet der knivstikkinga skjedde.

– Vitneavhøyr har starta, og kriminalteknikarar har starta med undersøkingar ute på staden, sa Wisløff.

Fleire vitne skal ha vore inne på Nav-kontora då hendinga skjedde, og nokre skal òg ha sett delar av sjølve handlinga.

– Om nokon har gjort observasjon i området rundt Nav Årstad i perioden før klokka 10, eller har informasjon som er relevant i etterforskinga, ber vi om at dei kontaktar politiet på tipstelefon 47696060, sa politiadvokaten.

– Tidleg i etterforskinga

Ho seier at det er for tidleg å seie noko om hendingsgangen og bakgrunnen for hendinga, men at politiet etterforskar breitt og ut frå fleire hypotesar.

– Eg ber om forståing for at vi ikkje kan komme med meir informasjon så tidleg i etterforskinga. Det som kjem i media, kjem òg inn til vitne, og vi vil ikkje at dei skal bli påverka av det dei les, sa Wisløff.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter