Nyheter

Ferdig som leiar i Unge Venstre

UNGE VENSTRE: Etter fire år som leiar i Unge Venstre melder Sondre Hansmark at han er ferdig som leiar. Stjerneskot frå vestlandet seglar opp som favoritt til å ta over.

I eit innlegg på Facebook melder Sondre Hansmark at han ikkje tek attval som leiar når ungdomspartiet samlast til landsmøte om nokre veker. Tidspunktet er naturleg, seier Hansmark.

— Det er dei færraste leiarane i Unge Venstre som har blitt sittande lenger enn fire år, så eg tenkjer tida er inne no, seier han til Vårt Land.

Takk frå Melby

Då leiar i Venstre Guri Melby talte på partiet si valvake på måndag løfta ho særleg fram innsatsen til Unge Venstre og retta ei stor takk til Hansmark:

— For ein fantastisk innsats, ikkje berre med eit historisk godt skulevalsresultat, men også at de er overalt på stands og aktivitetar. Tusen takk Sondre!

Til Vårt Land seier Hansmark at han er glad for å få ei slik anerkjenning frå partileiaren.

— I alle audmjuke så vil eg seie at Unge Venstre har vore utruleg viktig. Vi har påverka politikken og gjort Venstre betre på blant anna ruspolitikk og miljø. Og vi har gjort ein stor innsats i valkampen, ikkje minste med eit rekordsterkt skulevalsresultat på 10 prosent. Eg set pris på at Guri anerkjenner dette, seier Hansmark.

Ingen planar

Hansmark har ingen planar for kva han skal gjere etter at han om nokre veker er ferdig som leiar. I innlegget på Facebook ber han følgjarane sine seie frå om dei har tips til ny jobb.

— Eg håpar nokon har lyst til å jobbe med meg, seier han til Vårt Land.

— Ser du for deg å halde fram i Venstre?

— Eg er i alle fall ikkje ferdig med Venstre for alltid, seier Hansmark

Ane Breivik favoritt

Ane Breivik

Innstillinga til kven som skal bli ny leiar i Unge Venstre er enno ikkje klar, men ei sentral kjelde i Unge Venstre meiner det er svært sannsynleg at den som kjem til å ta over for Hansmark er Ane Breivik.

Breivik er 23 år og opphavleg frå Bærum, men har sidan i fjor vore leiar for Bergen Venstre, og er no vald som 1. vara til Stortinget frå Hordaland. Ho er av mange sett på som eit stjerneskot i partiet, etter at ho allereie som 21-åring fekk leiarvervet i lokallaget i Noregs nest største by.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter