Nyheter

Målet var Stortinget – fekk berre 7.500 røyster

NYTT PARTI: Partileiar Geir Lippestad erkjenner at Sentrum ikkje nådde målet. – Me var langt unna ved dette valet.

Norges nyeste parti, Sentrum, floppar ved stortingsvalet:

Berre 7.545 veljarar putta ein stemmesetel frå Sentrum i valurnene.

Det betyr at partiet som blei skipa i fjor haust berre fekk 0,3 prosent av røystene, noko som er langt unna målet partiet sette seg: Plass på Stortinget.

– Me hadde målingar som gav oss frå 0,5 til 1 prosent, så resultatet viser at me var langt unna ved dette valet, seier partileiar Lippestad til Vårt Land.

Han og partiet vona på minst 15.000 veljarar.

Arendalsuka 2021

Mange eks-KrF-arar

Mange av dei som var med å skipe Sentrum, og som har fått framskotne posisjonar, har bakgrunn i KrF. Dei melde seg ut då raud side tapte retningsvalet hausten 2018.

Sentrums første nestleiar, Kristin Walstad, var rådgjevar for stortingsgruppa til KrF og første nestleiar i Viken KrF medan partiets andre nestleiar, Irene Solli, var nestleiar i Agder KrF.

I sentralstyret sit Geir Lippestad, Kristin Walstad, Irene Solli, Kristofer Olai Stavseng, John Harald Bondevik, Dag Sele, Lillian R. Våje, Tom Sverre Tomren og Tone Grøttum. Med unntak av Lippestad og Grøttum har alle dei andre ei fortid i KrF.

Vil inn i kommunestyrer

Med Lippestad i spissen siktar partiet seg no inn mot neste val, kommunevalet i 2023.

– Me skal inn i kommunestyrer, lovar partileiaren.

– Kor mange representantar siktar Sentrum mot?

– Det er alt for tidleg å talfeste dette.

Sentrum fekk ein oppslutning på 1 prosent i éin kommune, Hemsedal. Nest best blei Lillesand og Ulvik med 0,8 i kvar.

Har 1.200 medlemmer

Om veljarane svikta Sentrum, er Geir Lippestad nøgd med medlemsutviklinga.

– Me har nettopp passert 1.200 medlemmer, så no skal me byggje partiorganisasjonen fram mot neste val.

I haustens stortingsval stilte Sentrum lister i alle dei 19 valkrinsane; dei gamle fylka.

– Kva med valet i 2025, siktar Sentrum mot Stortinget då også?

– Ja, då har me god von om plass.

Me har nettopp passert 1.200 medlemmer, så no skal me byggje partiorganisasjonen fram mot neste val

—  Geir Lippestad, leiar i Sentrum

Valde KrF-rival

Partiet Dei Kristne nådde ein oppslutning på 0,4 – ein promille betre enn Sentrum. 10.182 veljarar valde partiet som også er ein rival til KrF.

Resultatet er opp 0,1 prosentpoeng samanlikna med valet i 2017, men ned 0,2 samanlikna med fylkestingsvalet i 2019.

---

Slik gjekk det med andre små parti

  • Demokratene: 33.927 stemmer (1,1 prosent)
  • Pensjonistpartiet: 10.409 stemmer (0,6 prosent)
  • Partiet De Kristne: 10.409 stemmer (0,4 prosent)
  • Industri- og næringspartiet: 9.985 stemmer (0,3 prosent)
  • Partiet Sentrum: 7.778 stemmer (0,3 prosent)
  • Helsepartiet: 6.460 stemmer (0,2 prosent)
  • Pasientfokus: 4.927 stemmer (0,2 prosent)
  • Liberalistene: 4.472 stemmer (0,2 prosent)
  • Folkeaksjonen Nei til mer bompenger: 3.418 stemmer (0,1 prosent)
  • Alliansen – Alternativ for Norge: 2.488 (0,1 prosent)

---


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter