Meiner høgresida har kuppa kristne verdiar
VERDIAR: I løpet av fire år er oppslutnaden om dei kristne verdiane blitt dramatisk redusert på venstresida, viser undersøking. Det er fordi sjølv omgrepet «kristne verdiar» har blitt politisert, meiner teolog og Ap-medlem Trond Bakkevig.
Rapporten Tro det eller ei. Fremtidens tros- og livssynspolitikk i Oslo fra tros- og livssynsutvalgetPOLITISERING: Den profilerte presten og Ap-mannen Trond Bakkevig meiner at omgrepet «kristne verdiar» er blitt politisert av nasjonalistiske og konservative krefter.(Foto: Vidar Ruud/NTB)
– Når valgomatane spør meg om eg støttar kristne verdiar, så veit eg ikkje kva eg skal svare. Eg er redd for å hamne i ei nasjonalistisk grøft, seier Trond Bakkevig.
I tillegg til å vere ein profilert teolog og prest, er Bakkevig også eit aktivt medlem i Arbeidarpartiet. Han har tidlegare vore rådgjevar for Thorvald Stoltenberg i Utanriksdepartementet, og han sto på liste for partiet seinast i lokalvalet 2019.
Ei undersøking gjort på oppdrag for tankesmia Skaperkraft viser at Bakkevig ikkje er aleine om å vere usikker.
Bestill abonnement her
KJØP