Nyheter

Alarmkanal skal stoppe framande makter i valkampen

VALGPÅVERKNAD: Noreg har oppretta direktekanal til Facebook og Twitter for å hindre at trollfabrikkar i andre land skal manipulere og påverke stortingsvalet.

.

– Vi identifiserte dette problemet under valet i 2017. Det kan vere vanskeleg å komme raskt i kontakt med selskapa som driv sosiale medium. Dette er heller ikkje eit problem som er isolert til valkampen. Offentleg forvaltning kan ha behov for denne typen hjelp gjennom heile året, seier fagdirektør Roar Thon i Norsk Sikkerhetsmyndighet (NSM).

Russiske trollfabrikkar med band til Kreml brukte aktivt Facebook og Twitter for å påverke det amerikanske valet til Donald Trump sin fordel. Det kom fram i den mykje omtala Mueller-rapporten, som undersøkte det amerikanske valet i 2016. Angrep som skjer gjennom sosiale medium kan vere vanskeleg å oppdage, og det kan vere vanskeleg å spore kvar angrepet kjem frå.

På grunn av denne erfaringa har NSM oppretta ein eigen beredskap for sosiale medium. Det er oppretta ein direkte kanal til Facebook, Instagram, Twitter og Linkedin. Dette gjer det mogleg for myndigheitspersonar og politiske aktørar å få høg prioritet når det gjeld til dømes å ta tilbake kontroll over ein konto som er hacka, eller for å få fjerna falske profilar.

Venstre angripne frå Estland

– Det vi opplevde i 2017 var svært krevjande å stå i, både for enkeltpersonar og for partiet. Det er ein viktig tryggleik for oss i det å få assistanse frå tryggleiksstyresmaktene.

Det seier generalsekretær i Venstre Marit Meyer. Tidlegare i år skreiv Vårt Land om korleis dåverande partileiar Trine Skei Grande vart utsett for eit angrep frå aktørar med tilhald i Estland. Ei gruppe på Facebook som opphavleg var ei protestgruppe mot nedlegginga av Rygge flyplass, blei plutseleg overtatt av nye administratorar med tilhald i Baltikum. Gruppa endra namn, og byrja å spreie målretta feilinformasjon for å ramme Venstre-leiaren.

Meyer seier at partiet opplevde saka som svært urovekkande. Difor er ho glad for at tryggleiksstyresmaktene følgjer opp partia i valkampen.

– Som dei andre partia har vi kontakt med NSM gjennom valkampen. Den kontakta opplever vi som veldig positiv, seier ho.

Alarmkanal

Marit Meyer, Generalsekretær i Venstre

– Vi har også hatt møter med alle partia på Stortinget der vi har snakka om tryggleikskultur. Det gjorde vi også i 2017, seier Thon.

NSM har invitert seg sjølv til partia for å ta opp problematikken. Blant tilboda som partia får, er ein eigen alarmkanal for å raskast mogleg melde frå om og få hjelpe til å stoppe angrep over internett. Det er Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC), ei underavdeling av NSM, som leverer dette tilbodet.

Senteret sit med tung spesialkompetanse på korleis å handtere nettverksnettverksoperasjonar mot valinfrastruktur og andre viktige aktørar knytt til valprosessen og valgjennomføringa.

Ønskje om å skape uro

Då Vårt Land tidlegare i år snakka med tryggleiksekspert Hågen Karlsen korleis Russland kunne påverke eit norsk val, peika han ut tre moglege mål for påverknad:

  • Å forsøke å påverke utfallet av valet, fordi dei meiner nokre parti eller konstellasjonar vil vere meir til deira fordel
  • Å forsøke å styrke eller svekke parti som i enkeltsaker som er av interessante for Russland
  • Å forsøke å skape splid i samfunnet og mistillit til institusjonar og system

Karlsen meinte at det mest sannsynlege ville vere det siste alternativet. Sjølv om det er vanskeleg å sjå føre seg at ei framand makt skal kunne påverke norsk politikk direkte gjennom å endre korleis Stortinget er sett saman, så kan berre det å skape kaos og uro i seg sjølv vere av interesse.

Kan ikkje etterforske utanlandsk påverknad

Utanlandsk påverknad kan med andre ord vere ein høgst reell trugsel for Noreg. Likevel manglar norske tryggleiksmyndigheiter dei naudsynte verkemidla, ikkje berre for å stoppe, men også for å kartlegge og etterforske utanlandsk påverknad.

Som Vårt Land har skrive om har PST ingen heimel til verken å etterforske eller straffeforfølgje forsøk på å påverke norske politikarar gjennom til dømes bruk av sosiale medium. Ei lov som skal gje ein slik heimel har nettopp vore ute på høyring frå justisdepartementet, men har enno ikkje blitt framlagt for Stortinget.

– Sidan vi ikkje har høve til å undersøke, så er den kunnskapen vi har om dette det andre har skrive om temaet, seier seniorrådgjevar Martin Bernsen i PST.

Vanskeleg skilje

Martin Bernsen, seniorrådgjevar i PST

I den gamle straffelova som Noreg hadde fram til 2015, låg det eit forbod mot å ta imot økonomisk støtte frå ei framand makt for politiske formål, og mot spreiing av uriktige opplysningar som kan sette rikets tryggleik i fare. Då Noreg fekk ny straffelov vart ikkje desse forboda tekne med vidare.

Medan det framleis er ulovleg å drive utanlandsk etterretning – altså spionasje – mot Noreg, så er påverknad ikkje lenger forbode.

Kan ikkje forby påverknad

Eskil Grendahl Sivertsen, direktør for myndighets- og samfunnskontakt ved FFI
  • I ei undersøking gjort av Oxford Internet Institute i Storbritannia fann dei 81 land der dei kunne påvise at det føregjekk organisert manipulering gjennom sosiale medium.
  • I 76 av desse landa var det snakk om politisk påverknad.
  • I 59 av landa var det statsapparatet sjølv som finansierte trollfabrikkar. Det talet har ifølgje forskinga auka frå 47 land i 2019.

Men trass i at trenden er aukande, så er fagdirektør ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) Eskil Grendahl Sivertsen usikker på om det er mogleg å slå ned på.

– Dette er eit svakt punkt i eit kvart demokrati. Vi vil jo ha ytringsfridom og ein open samfunnsdebatt. Vanleg valkamp er jo aktiv påverknad av politiske standpunkt, ein reklamekampanje for ein butikkjede er påverknad av marknaden. Det er vanskeleg å sette grenser for kva ein vil slå ned på, seier han.

Han trur ikkje den nye lova mot utanlandsk påverknad vil bety så mykje. Det meste av utanlandsk påverknad vil i praksis ikkje la seg ramme at ei slik lov.


Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter