Kjell Ingolf Ropstad om bolig-saken: – Eg er veldig lei meg
SJØLVKRITIKK: I meir enn ti år budde Kjell Ingolf Ropstad gratis i stortingsbustad, medan han var folkeregistrert på guterommet i Agder. – Eg skjønar at det kan opplevast som feil, seier KrF-leiaren.
UNG: Kjell Ingolf Ropstad har vore fast på Stortinget sidan han blei vald inn som 23-åring i 2009. Heilt fram til han var 35 år budde han gratis på Stortingets rekning, sjølv om han ikkje eigde eigen bustad i heimkommunen i Agder. Bildet er teke i 2006, då Ropstad møtte som vara.(Foto: Larsen, Håkon Mosvold /NTB)
Ordninga er meint å gje representantar utanfor hovudstaden moglegheit til å behalde eigen bustad i heimkommunen, samstundes som dei kan bu og arbeide i Oslo når Stortinget er i sesjon. Men Ropstad har aldri eigd nokon bustad i heimkommunen Evje og Hornnes i Agder. I staden har han vore folkeregistrert i barndomsheimen der foreldra hans framleis bur.
– Då eg vart vald inn på Stortinget var eg usikker på regelverket, så derfor hadde eg ein veldig open dialog med Stortingets bustadskontor. Då fekk eg tildelt pendlarbustad, og valde å halde meg til det som var reglane, seier Ropstad.
Var usikker på stortingsplass
Bestill abonnement her
KJØP