Livssyn og ideologi

Reagerer på Melbys uttalingar om forkynningsforbod: – Er dei kristne dei einaste som ikkje skal få lov å meine noko?

OPPLÆRINGSLOV: Generalsekretær Karl Johan Kjøde i Laget er kritisk til kunnskapsministeren sine uttalingar om forkynningsforbodet i skulen. Han meiner religiøse blir forskjellsbehandla.

– Som sekulær ser ein seg fort blind på at ein har eit livssyn og at ein målber dette, eller forkynner det om du vil. Er dei religiøse dei einaste som ikkje skal få lov å meine noko? Kva er forskjellen på å rope «Gud er død» frå torget, eller «Gud lever» frå preikestolen? Det er forskjellsbehandlinga som er problemet.

Det seier Karl-Johan Kjøde, generalsekretær i Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget).

Førre veke sende regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring. I tre nye paragrafar blir forbodet mot forkynning i skuleundervisning presisert, og retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn utvida.

– Snevert syn

---

Forslag til reglar om forkynning

  • Emna kristendom, religion, livssyn og etikk og fritak frå aktivitetar er tema i §§ 14-5 til 14-7 i lovforslaget:
  • Å vidareføre og understreke at det ikkje er lov med forkynning i skulen, korkje i KRLE-faget eller i andre fag.
  • Å vidareføre og presisere i loven at emna kristendom, andre religionar, livssyn og etikk skal presenterast på ein objektiv, sakleg og nyansert måte uansett kva for eit fag emna blir tekne opp i.
  • Å vidareføre retten til fritak frå aktivitetar i opplæringa som opplevast som utøving av ein annan religion eller livssyn enn sitt eige.
  • Å utvide fritaksretten til også å gjelde elevar i vidaregåande.

---

Fleire har stilt spørsmål ved korleis ein definerer forkynning, og til Vårt Land sa kunnskapsminister Guri Melby (V) at «å forkynne er å formidle eller overbevise om et religiøst budskap».

Denne definisjonen imponerer ikkje Kjøde som trekkjer fram at den berre nemner religion og ikkje livssyn.

– For eit underleg og snevert syn. Dette tolkinga frikjenner sekulære som forkynner. Å forkynne betyr berre å proklamere, eller stadfeste, og er ikkje noko som er berre for religiøse, men alle som har ei normativ meining, seier generalsekretæren.

Han trur at sekulære livssyn ikkje blir nemnt av Melby fordi ein tenkjer at dei har ein nøytralitet i seg.

Førre veke kom det også fram at Utdanningsdirektoratet ikkje tilrår kommunar å opne for at religiøse organisasjonar deler ut biblar eller tilsvarande religiøse skrifter til elevar, fordi det kan opplevast som forkynning, eller kan verke støytande eller krenkande på enkelte.

– Du kan altså dele ut Kapitalen av Karl Marx, sjølv om den er full av livssyn og ideologi, medan Bibelen er sjanselaus, seier Kjøde.

Ikkje-sekulær som standard

Trine Anker er professor i religionsvitskap ved MF og har forska på religions- og livssynsundervisning i skulen. Ho meiner det er noko rett i Kjøde si analyse om at ikkje-religiøse livssyn oftare blir sett på som nøytrale.

Trine Anker er professor i religionsvitskap ved MF og har forska på religions- og livssynsundervisning i skulen.

– Dette ser ein i ein del forsking. Også elevar oppfattar sekularitet og sekulære livssyn som nøytrale. Ein kan seie at sekulære livssyn har overtatt rolla kristendomen før hadde som «standard».

Ho meiner det finst ei blindsone for at sekulære livssyn også har ein verdimessig posisjon, men ho presiserer at ein i forslaget til ny opplæringslov ikkje knyt forkynning spesifikt opp mot religion.

Forslaget til paragraf 14-5 som spesifikt nemner forkynning lyd enkelt og greitt slik: «Forbod mot forkynning: Opplæringa skal ikkje vera forkynnande».

– Ein går ikkje i same fella som Melby, som definerer forkynning utelukkande som formidling av religiøse bodskap, seier Anker om forslaget.

Misjonstanke

Ho er likevel klar på at ordet forkynning vanlegvis blir nytta om religiøs formidling.

– Det er ikkje så rart sidan ein i til dømes kristendomen har ein misjonstanke, der ein vil overtyde andre på ein annan måte enn det ein ser i ikkje-religiøse livssyn, seier professoren.

Ho meiner likevel at omgrepet kan brukast på ulike måtar.

– Ein snakkar til dømes om å forkynne ein dom. I læreplanen er det naturleg å forstå omgrepet som ei overtyding av ein ståstad, men det treng ikkje berre vera av religiøs art, meiner Anker.

Generalsekretær Kjøde meiner fokuset på ordet forkynning ikkje er tilfeldig, då han trur det for mange vekkjer negative kjensler og assosiasjonar.

– Det verkar som eit semantisk grep der ein vil redusere det religiøse si rolle til fordel for ein sekulær forkynning, meiner Kjøde.

– Lærarar skal ikkje uttrykkje at éi overtyding er betre

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen (V) skriv at ho meiner det å forkynne er «å formidle eller overbevise om ein religiøst bodskap» - trass i at Kjøde ikkje er imponert over definisjonen.

– Jeg har tillit til at dersom det viser seg at denne læreboka har innhold som er i strid med regelverket, så vil de sørge for at skolene ikke bruker den som læremiddel, sier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Anja Johansen.

– I skulen står det i motsetnad til å drive ei opplæring der religion og livssyn vert presentert på ein objektiv, kritisk og sakleg måte.

På ytterlegare utfordring presiserer ho i ein e-post at dette gjeld uavhengig om det er snakk om «ateisme, monoteistiske religioner eller andre religioner, livssyn og overbevisninger».

– Overordna del av læreplanverket skildrar det grunnsynet som skal prege heile opplæringa. Ut over dette skal korkje enkeltlærarar eller skulen uttrykkje at éi overtyding, eitt livssyn eller éin religion er betre eller meir rett enn noko anna.



Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Livssyn og ideologi