Nyheter

Noreg evakuerte 860 afghanarar frå Kabul

Noreg henta ut 860 afghanarar i evakueringa frå flyplassen i Kabul, opplyser UDI. 28 av dei er barn utan foreldre.

676 afghanarar har fått status som kvoteflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet.

UDI opplyser at det dreier seg om:

  • 63 tilsette ved ambassaden med familiar
  • 513 personar knytte til Forsvaret med familien
  • 28 barn utan foreldre
  • 72 menneskeretts- og sivilsamfunnsforkjemparar

– I første og siste kategori er det ytterlegare 46 personar som ikkje har komme til Noreg. Dei er anten i Afghanistan eller i andre land, opplyser UDI.

Det er òg evakuert rundt 150 afghanarar som har ein familierelasjon til norske statsborgarar. I tillegg er det 30 afghanarar som hadde ulike opphaldsløyve frå før, viser førebelse tal frå UDI.

I tillegg til dei 28 barna utan foreldre, inkluderer totaltala vel 400 barn i barnefamiliar.

Ifølgje UDI er 150 av dei evakuerte på mottakssenteret i Råde, medan resten på Brunstad (OCC) i Sandefjord.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter