Nyheter

Høgt utdanna er uvanlege folk for Ap

VAL: Arbeiderpartiet frir til «vanlege folk». Partiet overser dei mange som har fått høgare utdanning, takka vere Ap, refsar Akademikerne.

– Ein vågal strategi, meiner leiar Kari Sollien i Akademikerne, og utdjupar:

– Høgare utdanning betyr slett ikkje elite. Arbeidarpartiet har sjølve vore med å kjempe fram høgare utdanning som eit viktig samfunnsgode, fordi det verkar utjamnande.

Per O. Aamodt, pensjonert utdanningsforskar i NIFU, er samd:

– Sett på spissen kan Arbeidarpartiet undergrave eigen veljarskare med denne strategien.

Plukka ut ein sjukepleiar

«Nå er det vanlige folks tur.»

Slagordet i stortingsvalkampen 2021 fortel at Arbeidarpartiet vil vinne regjeringsmakt med å få «vanlege folk» til å stemme fram partileiar Jonas Gahr Støre.

Akkurat no strevar partiet med å løfte seg over 22-24 prosent, viser meiningsmålingane.

Då dei politiske partia samlast til landsmøte i vår, kunne Dagens Næringsliv fortelje at Arbeidarpartiet har definert fem kjerneveljarar – med lågt utdanningsnivå i sum:

  • Mona (24): helsefagarbeidar, vidaregåande eller fagbrev som høgaste utdanning.
  • Ola (67): pensjonist, tidlegare lastebilsjåfør, grunnskule.
  • Bjørn (47): elektrikar, vidaregåande som høgaste utdanning.
  • Tone (59): arbeider i daglegvarebutikk, fullført vidaregåande skule.
  • Fatima (35): sjukepleiar, har ein kortare høgare utdanning; bachelorgrad i sjukepleie.

Her er ingen lektorar, sivilingeniørar, biologar, statsvitarar, legar, sosialantropologar eller juristar.

Det reagerer leiaren i Akademikerne på:

– I dag har nordmenn frå alle lag av folket høgare utdanning. Lånekassen gjer at alle kan ta høgare utdanning, ein er ikkje avhengig av foreldre med tjukk lommebok, seier Sollien.

akademikar

«Ikkje stemple som elite»

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at 35,3 prosent av nordmenn hadde i 2020 høgare utdanning frå høgskule og universitet – altså ein bachelor- eller mastergrad, eller det som tidlegare heitte cand. mag., hovudfag og embetseksamen.

SSBs årlege undersøking «Befolkningens utdanningsnivå» viser at totalt har talet på nordmenn med høgare utdanning, auka med med 3,1 prosentpoeng sidan 2015. Fordelt på kjønn har 39,8 prosent av kvinnene høgare utdanning, mot 30,8 prosent av mennene.

– SSBs tal viser at høgare utdanning er blitt veldig vanleg. Dette må Arbeidarpartiet ta inn over seg, og slett ikkje stemple dei med utdanning frå høgskule og universitet som elite, slik dei gjer no, kommenterer Sollien.

Høgare utdanning viktig verktøy

Utdanningsforskar Per O. Aamodt minner om at Ap har vore sentrale i utbygginga av høgare utdanning i Norge og at partiet har hatt sterke utdanningsministrar som har forma høgskule- og universitetssektoren.

– Lånekassa kom i 1947, og det var politisk konsensus om å etablere ho, men det var Ap som sat med regjeringsmakta, og som i tiåra som følgde gjorde Lånekassa til eit viktig verktøy i bygginga av den moderne velferdsstaten, seier Aamodt, og trekkjer fram den sentrale skulebyråkraten som også var Aps utdanningsideolog, Helge Sivertsen.

Han var statssekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet då Lånekassa blei etablert i 1947, og undervisningsminister i to rundar på 1960-talet.

«Slett ikkje elite»

Aps partisekretær Kjersti Stenseng skriv i ein e-post til Vårt Land at ho er «helt enig med Kari Sollien»:

«Høyere utdanning betyr slett ikke elite. Vanlige folk er et inkluderende begrep. Som et bredt folkeparti var det helt avgjørende å styrke oss blant noen kjernegrupper med velgere, og vi jobba derfor aktivt med det tilbake i tid. Men å løfte flere inn i høyere utdanning var det Arbeiderpartiet som ledet an i da vi oppretta lånekassen i 1947. Kunnskap, utdanning og arbeid går hånd i hånd skal vi bekjempe de økende forskjellene mellom folk.»

Stenseng lovar at dersom Ap vinn regjeringsmakt ved valet skal dei «fortsette arbeiderbevegelsens tradisjon med å sikre en langt mer offensive satsing på utdanning og forskning enn Høyreregjeringa», mellom anna skal det bli «mer tilgjengelig høyere utdanning over hele landet».

Partisekretæren meiner det er «ingen motsetning når vi sier at det er vanlige folk sin tur, samtidig som vi skal løfte flere inn i høyere utdanning i hele landet».

Stortinget i Oslo onsdag kveld.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Få med yrkesutdanning

Snur ein søkelyset frå veljarane, til dei som blir valt inn på Stortinget, etter at partia har gjort sine nominasjonar, samt sjekkar statsrådane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane i departementa, så ser bildet annleis ut enn Aps veljarprofilar.

Magasinet Yrke sjekka i 2017 utdanningsnivået i det nyvalde Stortinget – det som går ut no – og til politisk leiing i departementa. 250 personar totalt. Dette er funna:

  • Få av dei Ap i 2021 kallar «vanlege folk», sat i eit topposisjon.
  • Færre enn to av ti toppolitikarar hadde yrkesfagleg utdanning.
  • Heile 68 prosent av toppolitikarane hadde fullført bachelorgrad eller høgere utdanning.
  • Eitt parti speglar utdanningsnivået i folket, viser Yrkes gjennomgang.
  • Fremstegspartiet har ei stortingsgruppe der 32 prosent av representantane har yrkesfagleg bakgrunn, og nesten halve gruppa har ikkje høgare utdanning.
Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter