Nyheter

Afghanistankomiteen: Folk fleire kilometer unna flyplassen høyrte ein stor eksplosjon

TERROR: Terje Watterdal i Afghanistankomiteen er i kontakt med folk som fortel om ein andre eksplosjon på flyplassen i Kabul. — Dette er ein vanleg IS-taktikk.

— Eg får meldingar frå ein person som er ansvarleg for sikkerheit for alle NGO-ar at det har vore ein eksplosjon nummer to. Dette er ein vanleg IS-taktikk. Det går først av ei bombe, og folk kjem til for å hjelpa. Så går det av ei ny bombe. Dessverre er det ikkje uvanleg.

Det seier landdirektør i Afghanistankomiteen Terje Watterdal til Vårt Land.

Under telefonintervjuet får Watterdal denne beskjeden om ein ny eksplosjon på flyplassen i Kabul.

Det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon stadfestar no at eit ukjend tal på sivile og amerikanar er drepne eller såra i to eksplosjonar ved Kabuls flyplass.

Angrepet skjedde torsdag ettermiddag og ser ut til å vera eit sjølvmordsangrep.

— Folk fleire kilometer unna høyrte ein stor eksplosjon

Terje Watterdal seier han er i kontakt med eit tjuetals kjelder som er tett på dei dramatiske hendingane i Kabul.

— Ifølge ei kjelde er det både internasjonale og afghanarar blant dei som er ramma. Kjelda mi er tett på det som skjer på flyplassen i Kabul, seier Watterdal.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg fordømmer angrepet og kallar det eit terrorangrep.

.

Kjeldene han er i kontakt med, har sett røyk og høyrt skot.

— Eg har vore i kontakt med to personar som bur fleire kilometer unna flyplassen. Dei høyrde ein stor eksplosjon.

Ifølgje Pentagon var det først ein eksplosjon ved Abbey-porten utanfor flyplassen. Kort tid etter, smalt det ved Baron-hotellet like ved.

— Det er i hovudsak tre portar som skal ha blitt brukt til evakueringa. Abbey-porten er ein av dei. Utanfor alle desse portane har det vore store menneskemengder dei siste dagane. Opptil fleire tusen menneske oppheld utanfor kvar port, seier Watterdal.

Taliban og IS er rivalar

Før eksplosjonane melde NTB at britiske, amerikanske og australske myndigheiter ber borgarane sine halda seg unna flyplassen i Kabul etter meldingar om svært stor risiko for terrorangrep.

Det skulle vera særleg frykt for eit sjølvmordsangrep frå ei IS-gruppe som er fiende av Taliban.

NTB melder at IS er ansvarleg for nokre av dei verste terrorangrepa både i Afghanistan og Pakistan dei siste åra. Sivile er massakrert i store bombeangrep mot mål der mange menneske er samla.

Det er spesielt sjiamuslimar, som IS meiner er kjettarar, som har vore mål for angrepa.

Både Taliban og IS er militante sunnimuslimar, men dei er likevel rivalar og kjempar mot kvarandre.

— Det er ingen jordmødre, leger eller sykepleiere som får lønn

Vårt Land har tidlegare på torsdag intervjua Terje Watterdal om situasjonen i Afghanistan.

Då oppfordra han verdssamfunnet om å fortsatt gje støtte til Afghanistan:

– Verdensbanken har kuttet støtten til afghanske myndigheter, for å presse Taliban. Per i dag er det derfor ingen jordmødre, leger eller sykepleiere som får lønn. Det vil lede til en enda større humanitær katastrofe enn den vi allerede ser i dag. Som medlem i Verdensbanken har Norge et medansvar for dette.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter